Lyden av Erik Honoré
ANMELDELSE: I prosjektet med Greta Aagre får Erik Honoré ein meir framtredande og tydeleg rolle.

Den andre av to ettermiddagskonsertar ved årets Punktfestival i Kristiansand presenterte vokalist Greta Aagre og sample- og laptopmeister Erik Honoré materiale frå sitt nye album, Year of the Bullet.

I intervjuet med Jan Bang blei det nemnt korleis sample- og remixmetodane til miljøet rundt Punkt kan gjere det vanskeleg å skilje mellom kven som gjer kva. Denne tendensen går oftast utover Erik Honoré, som gjerne har ei relativt diskret rolle i bakgrunnen, med lengre samples og lydlandskap.

Solid ramme
Med Year of the Bullet-prosjektet fekk publikum oppleve tydelegare kor stor rolle Honoré kan spele på scena, både som bandleiar og lydarkitekt. Låtane er korte og melodiske, og vandra stille og forsiktig utover salen, og bandet skapte ei solid ramme rundt Aagre.

Som bakteppe for Aagres stemme, som vekslar frå streng og myndig til sart og komfortabel, leverte Honoré fine beats og vakre lydlandskap, som ein kan høyre igjen i mange av dei andre prosjekta han er involvert i.

Sounden til Honoré er varm, prega av runde, mjuke lydar, og like lavmelt og bedageleg heile vegen. Då hjelp det på med ein tung puls i ny og ne som gav det heile litt meir trøkk og ryggrad.

Komplett lydbilete
For det er sound dette handlar om, og det blei tydeleg gjenspegla i medmusikantane Arve Henriksen (trompet, fx), Snorre Kiil Saga (bass) og Bjørn Charles Dreyer (gitar, fx). Dei hadde tydelege, diskret og komplimenterande roller som gjorde lydbiletet til Honoré og Aagre komplett.

Sjølve basslyden, til dømes, er avgjerande for at det skal føles riktig, og med ein anna trompetist enn Arve Henriksen, som låg fint i bakgrunnen og pressa tonen til det mest luftige, hadde dette vore ei heilt anna oppleving.

Punkts publikum fekk møte eit tett samansveisa band som leverte eit solid og tydeleg uttrykk. Resultatet blei ein fantastisk vakker konsert.

Av Olav Opsvik Foto/illustrasjon:
Reviews\Concerts, Festivals, Genre\Classical\Contemporary