A little less conversation
Har det eigentleg skjedd noko med likestilling innanfor musikken dei siste åra, sett vekk frå prat? No venter bransjeaktørar på støtte frå Kulturdepartementet til å utarbeide ein handlingsplan.

«Musikk, likestilling og rekruttering- utdanningsinstitusjonenes ansvar og utfordringer» var tittelen på ein konferanse i regi av Institutt for musikkvitskap som fann stad onsdag denne veka.

Som tittelen indikerer var det ikkje lettfattelege tema som stod på agendaen, og som så ofte ellers i tilsvarande debattar, sat ein att med fleire spørsmål enn svar ved vegs ende.


Tal og statistikk
Programmet byrja med at representantar frå Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU STEP) la fram kvantitative resultat frå forsking på musikkutdanninga. Dette gjekk både på å kjenneteikne endringar over tid, samt vise kven som vert rekruttert til høgare musikkutdanning og kva jobbar dei får etterpå. Trass i at desse tala tidvis var bekymringsverdige, kan dei ikkje seiast å vere særskilt overraskande.


Kvar ligg ansvaret?
Neste punkt på programmet var ein paneldebatt om utdanningsinstitusjonane si rolle og perspektiv på rekruttering og likestilling. Paneldeltakarane som representerte alt frå kulturskule og vidaregåande, til høgskule, universitet og øvrig musikkutdanning, kunne også presentere ein del tal og statistikk. Her vart det også diskutert kvar eit eventuelt ansvar for den skeive kjønnsfordelinga kunne ligge, samt presentert teoriar på kvifor situasjonen er som den er.


Har det eigentleg vore ei utvikling?
Etterkvart som konferansen nærma seg slutten vart det tydleg at det komplekse diskusjonstemaet utfordra både synspunkta til folk, samt verka vanskeleg som utgangspunkt for konkrete tiltak. Nokre lurte på om ein ikkje snart hadde snakka lenge nok, mens andre ikkje kunne sjå at det i det heile fanst eit problem.

Spørsmåla salen sat att med var: Har det eigentleg skjedd noko dei siste åra sett vekk frå prat? Kvar vert det av reell handling? Kvifor skjer det ikkje nokre politiske eller strukturelle innblandingar?


Konkrete planar
I avslutninga påpeika Svein Bjørkås frå Institutt for musikkvitskap at ein nok hadde eit litt snevert historiesyn om ein ikkje kunne sjå nokon utvikling. Trass i dette, sakna fleire den konkrete handlingsplanen på den skeive kjønnsfordelinga i musikkfeltet.

Då Ballade spurte forskar og paneldeltakar, Anne Lorentzen om eventuelle tiltak, kunne ho avsløre at ein handlingsplan moglegeins ikkje er så langt vekke.

- Når det gjeld ein handlingsplan for musikklivet, så har det seg faktisk slik at Ingrid Røynesdal (statsviter og pianist, journ. anm) og eg har blitt spurt på vegne av Norsk Jazzforum, AKKS Norge, Orkester Norden og Ny Musikk, om å utvikle ein. Vi skal no søke kulturdepartementet om finansiering til å utarbeide forslag på ein slik plan. Signala frå departementet er jo at ein slik plan er ynskjeleg, så vi får sjå om dei står ved dette. Sidan vi har blitt spurt, og har relativt god kjennskap til musikkfeltet, så vil jo vi ta ansvar for denne planen. Når det er sagt, er det viktig å fundamentere ein slik plan i musikklivet, organisasjonane, utdanningsapparatet osv. Vi håpar at vi i ein slik prosess kan lukkast både i å oppmuntre og ansvarleggjere partane, samt komme med konstruktive forslag.


Handling, ikkje prat
Camilla Slaattun Brauer i Norsk Jazzforum seier at dei ynskjer meir handling og mindre prat.

- Ukas konferanse likna mykje på den for tre år sida. Vi tykkjer det er behov for handling, ikkje repeterande prat, og alle er einige om at dette er ei problemstilling ein bør ta tak i nå.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Music Industry, Conferences / Seminars, Women, Politics