- Utviklande å syngje moderne opera
Bernd Alois Zimmermanns «Die Soldaten» går for tida for fulle hus i Amsterdam. Luigi Nonos «Intolleranza 1960» blei akkurat tatt av plakaten etter to år i Berlin. Astrid Kvalbein tok turen for å oppleve operaene, og møtte tre av dei norske songarane som er med. I del 1 av artikkelen snakkar Kvalbein med Frode Olsen i Amsterdam, i del 2 med Tom Erik Lie og Peter Klaveness i Berlin.
Die Soldaten av B.A. Zimmermann (Foto: http://www.dno.nl (300x438)

Av Astrid Kvalbein

- Eigentleg var det tilfeldig at eg starta å arbeide i utlandet, seier Frode Olsen, som no syng i «Die Soldaten» ved De Nederlanse Opera. Då han var ferdigutdanna tidleg på 80-talet, var det ikkje jobb å få i Noreg, men gode tider for operasongarar i Tyskland. Dermed fekk han «gå gradene», og etter starten i Düsseldorf har han vore ved ei rad ulike europeiske scener.

- I ettertid er eg veldig glad for at det blei slik. Eg har fått vere med på ting eg aldri ville fått i Noreg, seier songaren.

Både «Die Soldaten» frå 1965 og «Intolleranza» frå 1961 høyrer til operaene som Bjørn Simensen for kort tid sidan sa i Morgenbladet at han er mot: «I motsetning til det veldig mange tror, er jeg veldig for ny musikkk, men jeg er mot gammel ny musikk», sa den norske operasjefen. Han meiner òg at operakomponistar bør ha ein palett som «har med tonalitet å gjøre, mer å gjøre med sangbare melodier enn det som var fremherskende på 1950- og 1960-talet». Det er vel dermed få sjansar for å få Zimmermanns eller Nonos verk til Noreg.

Frode Olsen vil ikkje kommentere operasituasjonen i Oslo i norske media. Men han kan konstatere at når han dei siste 6-7 åra har sunge meir og meir ny musikk, har det stort sett gått føre seg i utlandet. Alban Bergs «Wozzeck» er blitt ein klassikar på repertoaret. Han hadde óg ei viktig rolle i Luciano Berios «Cronaca de lougo» på festspela i Salzburg i 1999 og i György Ligetis «Le Grand Macabre», versjonen som mellom anna er gitt ut på Sonys Ligeti-serie. Då Olivier Messiaens «Frans av Assissi» gjekk på Deutsche Oper Berlin (med ein liten avleggar i form av eit konsertant utdrag på Olavsfestdagane i Trondheim i fjor) hadde han hovudrolla - og så skal han til Oslo for å syngje rolla som Sigismund i Gisle Kverndokks «Den 4. nattevakt» i 2005. Men først gjer han hovudrolla i Richard Wagners «Den Flyvende Hollender» neste sesong (der han skal alternere med to andre songarar som er på heimlån frå utlandet, Terje Stensvold og Ronnie Johansen).

Olsen ser linjer, ikkje brot, i musikk- og operahistoria frå gamalt av og fram til vår tid:

- For meg er det ein samanheng frå Wagner via Wozzeck til Zimmermann og Ligeti, seier han. Songaren er sikker på at han veks som utøvar på å gjere eit så vidt spekter av gamal og ny musikk som muleg:

- Etter å ha sunge Wotan i Nibelungenringen kan ein ta seg sjølv i å tenke at «no kan ingenting vippe meg av pinnen». Men jo! Då kjem ein komponist og gjer akkurat det. Og det er noko av det fantastiske med å få jobbe med ny musikk, seier Olsen.

Bassbarytonen fortel levande om korleis han sleit med Ligetis «Macabre»-rolle fordi han måtte gjere fleire strekk i falsett, opp til ein høg b, men fekk det til etter litt ekstra innsats. I «Die Soldaten» er det andre slags utfordringar.

- Etter «Wozzeck» er eg vant til å arbeide med «sprechgesang». Men å syngje og snakke på annankvar tone, slik Zimmermann bed oss om, er utfordrande. Han krev òg ein utruleg dynamisk presisjon ­ også dynamikken kan skifte på annankvar tone ­ gjerne i ekstreme register. Noko av det er umuleg å gjere heilt riktig i det praktiske faget det er å vere songar, men måten han noterer på formidler ein enorm vilje til uttrykk, og det går det an å formidle, meiner Olsen.

Han prøver alltid å verkeleg syngje også det som ser «usyngbart» ut. I «Die Soldaten» har han rolla som faren til hovudpersonen Marie. Ho er ei ung jente som blir forført, uttnytta og til slutt valdteken av soldatar som kjem til byen hennes. I den siste, grusomme scena er ho blitt ei tiggande hore, og faren kjenner henne ikkje igjen på gata.

- Her har eg faktisk linjer som er både lyriske, rolege og vare, innanfor rammene av Zimmermanns tonespråk, peiker songaren på.

Elles har han et dels ambivalent forhold til den pessimistiske tyske operaen frå 1965.

- Stykket er så fullt av vald og elende at eg i periodar har blitt aggressiv av å arbeide med det. Grunnstemninga at det går til helvete med menneska. Alle er i stand til å gjere grusomme ting, og det gjer det, oppsummerer songaren, og viser til at det er skrive i ei tid då alle tenkande kunstnarar i Tyskland spurte seg sjølv om kva ein i det heile tatt kunne skrive etter Auschwitz.

- Her kan ein ikkje kan ikkje gøyme seg bak ein tradisjonell songarpositur og «kile» opplevinga av det vakre. I staden blir ein tvunge inn i eit meir deklamatorisk, direkte uttrykk. Det er spennande, samtidig som det er viktig å lage linjer i stoffet og ta vare på ein uanstrengt stemmekvalitet, seier Olsen.

Underteikna stiller gjerne som vitne til at han får det til, etter å ha sett «Die Soldaten», som altså går på De Nederlandse Opera i Willy Deckers regi fram til 25. mai. Oppsetninga er spektakulær; eit gigantisk orkester sprengjer orkestergrava, eit jazzband er ein del av det, her er seks høge tenorroller og akrobatiske stemmer for alle songarane. Sopranen Claudia Barainsky taklar hovudrolla som Marie med stort overskot, og norske Anne Gjevang, gjer verkeleg jobben som «hochdramatisch» (høgdramatisk) alt i si rolle. Nivået generelt, og den musikalske leiinga ved Hartmut Haenchen er svært imponerande, og ikkje minst motet til å setje opp ei framsyning som dette over åtte kveldar. Ettersom fleire framsyningar er utselde, går det visst an - i Amsterdam.

Av Astrid Kvalbein Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Opera / Stage Music, Interviews, Outside Norway