Førdefestivalen - Artist står fast Pakistan
På grunn av opptøyene i hovudstaden Islamabad er det uråd for musikaren Javed Bashir å komme seg til flyplassen og reise ut av landet.
Sondre Bratland, nærbilde (279x217)

Javed Bashir er ein av artistane på Førdefestivalen som opnar i dag, og saman med Sondre Bratland frå Norge og Javid Avsari Rad frå Iran skulle han hatt fleire konsertar i Førde i prosjektet ”Dialogue”.

”Dialogue” er eit eit heilt spesielt prosjekt, som byggjer på møtet mellom Bratland og Bashir, og kristne og muslimske heilage songar, og når den eine musikaran no er forhindra frå å komme, kan ikkje festivalen tilby desse konsertane. Dette er sjølvsagt svært beklageleg, og festivalen har jobba iherdig for å finne løysingar.

Det som skjer er at ”Dialogue”-konserten som var sett opp fredag 6. juli kl 19.30 i Teatersalen blir avlyst. Dei som hadde kjøpt billettar til denne, kan vende seg til festivalkontoret i Førdehuset og få refundert billetten, eller byta den i billett til ein annan konsert.

Konserten med ”Dialogue” i Eikaasgalleriet søndag 8. juli kl 12.00 blir erstatta med ein konsert med den unge skotske trioen Katriona Watt Trio. Katriona Watt er ein av dei mest talentfulle unge musikarane på den skotske folkemusikkscena akkurat no, og konserten deira på Pikant er utseld, så dette blir ein flott sjanse for fleire å få med seg den friske skotske trioen.

-Det er sjølvsagt trist at vi må gjere slike endringar i det oppsette festivalprogrammet, men vi håpar at publikum forstår, og at dei vil nytte høvet til å gå på ein av dei andre konsertane i staden. Det er jo utruleg mykje å velje i, seier informasjonsjef Torill Faleide i en pressemelding fra Førde.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional