Øyadebatt: Norsk musikkjournalistikk si framtid
Er musikkjournalisten anno 2010 ein vegvisarar med innsikt, kunnskap og engasjement, eller har ei heil yrkesgruppe blitt redusert til eit overflødig mellomledd?

Torsdag inviterte det nye musikkmagasinet Eno til paneldebatt på Øyafestivalen. I samband med lanseringa har nykomaren fått mykje merksemd.

Les Ballades anmeldelse av bladet her.

Denne merksemda har Eno mellom anna nytta til å rette eit spark mot anmelderpraksisen i dagspressa, ein praksis dei hevdar er blodfattig og utilfredsstillande. Eno vil skrive om musikk på nye måtar, og etterlyser entusiasme. Men kva bør eigentleg norsk musikkjournalistikk vere?

Med Eno-redaktør Erik Kydland som ordstyrar, og eit panel samansett av Thomas Talseth (VG), Cecilie Asker (Aftenposten), Kristin Winsents (NRK Lydverket), Sven Ove Bakke (Dagbladet) og Audun Vinger (DN, Vinduet), vart det freista å finne svar på dette spørsmålet. Samstundes fekk representantane frå dagspressa moglegheit til å svare på kritikken.

Diagnosa
I den innleiande runda gav debatantane si diagnose på norsk musikkjournalistikk anno 2010. Her kom det tydleg fram at det ikkje berre er Eno som er misnøgde. Audun Vinger var ein av dei som ytra seg sterkast om den norske stoda.

- Det er jo noko drit, for det er ingenting. Norsk musikkjournalistikk finnast eigentleg ikkje. Det finnast mykje nyheitsjournalistikk om musikk, men det vi plar kalle musikkjournalistikk finnast det veldig lite av. Tidlegare var det utenkjeleg at ein skulle bry seg om meiningane til ein journalist frå dagspressa. Dette har sjølvsagt vorte mykje betre, men no er dagspressa det einaste tilbodet.

Internett vart også nemnt som eit potensielt musikkjournalistisk problem. Sidan internett representerer grenselaus tilgang på informasjon, spør Kristin Winsents om musikkjournalisten er på veg til å verte overflødig.

- Det handlar ikkje berre om avisene, og om desse skal drive med musikkjournalistikk eller ikkje. Internett spelar også ei veldig stor rolle her. Skal ein anmelde plater når det vert utgive fleire hundre tusen i året, og alle allereie har høyrt dei platene som vert anmeldt i dagspressa? Musikkjournalistar ute i verda diskuterer no framtida si. Treng ein musikkjournalistar i det heile, eller kan folk sjølve sitte på internett å finne fram favorittane sine? Om alle les twitteroppdateringane til favorittartistane sine, vert berre musikkjournalisten eit keisamt mellomledd, meinte ho.

Udramatisk konklusjon
Fleire av debatantane var inne på at engasjerande musikkjournalistikk ikkje nødvendigvis er dagspressa si oppgåve. Dette vart mellom anna grunngjeve med avisene sitt tabloidpreg og store målgruppe. Det rådde også ei einigheit om at god musikkjournalistikk framleis finnast i bloggformat, sjølv om det vart påpeika at Noreg ligg etter på dette feltet. På spørsmål om korleis debatantane såg for seg anmelderpraksisen i dagspressa om tre år, hadde ingen av dei trua på ei særleg endring. Audun Vinger som innleiingsvis gjekk hardt ut mot mangelen på norsk musikkjournalistikk, trur også på ein stabil situasjon.

- Sjølvsagt anmelder vi framleis plater i dagspressa om nokre år. At albumet er på veg til å døy er veldig overdrevent, og berre tull.


Nøgd med debatten
Ordstyrar Erik Kydland hadde håpa på ein konstruktiv debatt. Han var alt i alt nøgd med resultatet.

- Eg har sett ganske mange lignande paneldebattar med norske musikkjournalistar, men eg trur nesten aldri eg har sett ein debatt som ikkje har endt med krangling, spydigheiter og tull. Det var kanskje naivt å tru at vi kunne komme saman å diskutere kva norsk musikkjournalistikk skal vere i årene som kjem, men eg synest ikkje det gjekk så altfor verst heller. Vi fekk trass alt til å snakke saman med ein grei tone.

Av Sigrun Åland Foto/illustrasjon: