Kulturmeldinga: Om opera og dans landet rundt
"Opera og dans skal gjevast eit lyft i heile landet gjennom å stimulera eksisterande tiltak og initiativ. For å oppnå stabilitet og fleksibilitet ynskjer departementet å leggja til rette for grunnfinansiering av tiltaka og at det i tillegg må kunna søkjast om tilskot til program og prosjekt", kan ein lese i kulturmeldingas utreiing om opera og dans.
Opera Vest: fra forestillingen Maid of Norway (184x257)

8.4.1 Arbeidet med Nasjonal plan for produksjon og formidling av opera og ballett
Interessa for opera, men òg for dans har auka det siste tiåret, og i budsjettet har Kultur- og kyrkjedepartementet gjeve tilskot til ei rad nye tiltak i fleire regionar. Ei anna viktig finansieringskjelde, både for opera og dans, har vore Norsk kulturråds støtte til fri scenekunst.

Då departementet i 1990-åra arbeidde med operahussaka, var det naturleg å sjå byggjesaka i eit nasjonalt perspektiv, både slik at sjølve operahuset skulle vera for heile landet, og at ein parallelt med bygginga skulle utvikla opera- og ballettkunsten på landsbasis. Dei to operahusproposisjonane frå 1998 og 1999 hadde difor eigne kapittel om opera og dans i andre delar av landet.

Då Stortinget i juni 1999 vedtok å byggja nytt operahus i Bjørvika, vart også følgjande vedtak gjort: "Det utvikles en modell for opera- og ballettformidling i Norge innen ferdigstillelsen av det nye operahuset." Stortinget har altså uttrykt ein ambisjon om ikkje berre å styrkja Den Norske Opera i hovudstaden, men også om å fremja kunstformene opera og dans landet rundt.

Etter vedtaket om nytt operahus i 1999 har departementet arbeidd parallelt med byggjesaka og ein nasjonal formidlingsplan. Planen er difor lagd fram langt tidlegare enn føresetnaden var frå Stortinget. Planarbeidet byrja med ein konferanse i Haugesund våren 2000. Same året vart det oppnemnt ei referansegruppe for arbeidet, og departementet har i tillegg gjennomført talrike møte med ulike aktørar på feltet og med regionale og lokale styresmakter.

I 2002 var både ein operahusproposisjon og eit høyringsutkast til den nasjonale planen ferdigstilte. Då Stortinget våren 2002 behandla den tredje operahusproposisjonen, sa komitéfleirtalet seg i Innst. S. nr. 234 (2002-2002) "tilfreds med at den nasjonale planen for formidling av opera og ballett er utarbeidet".

8.4.1.1 Høyringsrunden
Høyringsrunden gav i hovudsak positiv tilslutnad til hovudinnretninga i høyringsutkastet og dermed til dei prinsippa departementet vil leggja vekt på. Det var likevel fleire reservasjonar frå dansefeltet enn frå operafeltet. Norsk kulturråd streka under at dansen treng stabilitet og kontinuitet, noko kunstarten ikkje har i dag. I tillegg var det fleire høyringsinstansar som meinte at noverande finansieringsformer for einsidig legg vekt på produksjon, medan det særleg på dansefeltet er behov for å leggja meir vekt på formidling. Gjennom ulike forslag til tiltak vil departementet søkja å koma dei særlege utfordringane på dansefeltet i møte.

Av andre kommentarar til høyringsutkastet skal nemnast at somme var kritiske til tilrådinga om at nye tilskotsordningar vert forvalta sentralt av Norsk kulturråd og ikkje regionalt. Somme meinte dessutan at planen burde leggja til rette for å skipa faste kunstnarlege stillingar, til dømes for songsolistar.

8.4.2 Nasjonal plan for produksjon og formidling av opera og ballett
8.4.2.1 Region- og distriktsopera
For å oppnå best mogeleg utnytting av ressursane og for ikkje å sementera organiseringa av feltet, men leggja vekt på så god fleksibilitet som råd er, vil ikkje departementet ta initiativ til å skipa nye institusjonar. I staden for ein ovanfrå-og-ned-politikk tilrår departementet å utforma politikken nedanfrå-og-opp. Det vil seia at ein prioriterer å stimulera tiltak med lokal forankring, både eksisterande og nye. Departementet vil følgja utviklinga av feltet for å sjå til at ei slik tilnærming gjev god geografisk spreiing av tilboda.

Over statsbudsjettet for 2003 (kap. 324 post 73) vert det gjeve om lag 16 mill. kroner i driftstilskot til elleve ulike region- og distriktsoperatiltak, jf. kap. 4.3.3.

Der det er fleire tiltak eller initiativ innanfor det same geografiske området, har departementet gjeve signal om at aktørane bør søkja i lag med sikte på ei samla organisering som kan gje betre planlegging og ressursbruk. Medio 2003 har samordninga kome langt i Trondheim, der aktørane har sendt felles budsjettsøknad for 2004. Også i Bergen arbeider lokale og regionale styresmakter for å fremja betre samordning. Vidare bør det skje ei samordning på tvers av fylkesgrenser der slikt samarbeid er naturleg, til dømes mellom dei to trøndelagsfylka.

Det er viktig at tiltak på operafeltet - som på dansefeltet - får høve til kontinuitet i verksemda. Samstundes må det skapast rom for fleksibilitet. Statstilskot vil berre vera eit delbidrag. Departementet vil ikkje tilrå faste fordelingsnøklar for tilskot frå dei ulike offentlege forvaltningsnivåa, men sjå på storleiken av regionale og lokale bidrag som ein indikator på engasjementet for opera i regionen og slik òg for vurdering av statleg støtte. Eit unnatak er Operaen i Kristiansund, der departementet legg til grunn at den noverande fordelingsnøkkelen bør førast vidare.

Med regionopera er meint operaverksemd som tek sikte på å vera profesjonell i alle lekkjer, kan henda med unnatak av operakor. Dei stadene utanfor hovudstaden som har symfoniorkester og teater med statsstøtte, dvs. Bergen, Trondheim, Stavanger/Sandnes, Kristiansand og Tromsø, har eit særleg godt potensial for å utvikla regional operaverksemd.

For at modellen med regionopera skal kunna fungera fullgodt, må eksisterande kunstinstitusjonar med tilskot over departementets budsjett medverka til satsinga. Dette gjeld særleg institusjonar på musikk- og teaterfeltet. Det er såleis naudsynt at orkestra og teatra vert trekte med i eit forpliktande samarbeid om eit regionalt opera- og dansetilbod. Mogelege regionale initiativ for å få til ei meir formalisert samanbinding av regionale opera- og dansetiltak med etablerte kunstinstitusjonar vil òg kunna vera tenlege.

I tillegg til faste tilskot må regionoperaene også søkja om tilskot til program og prosjekt frå ei særleg tilskotsordning, jf. kap. 8.6.

Det vil vera eit viktig bidrag til å fremja utvikling av regionoperaene dersom regionale og lokale styresmakter stør tiltak for å etablera operakor, til dømes ved å kjøpa fri korsongarane frå det vanlege arbeidet deira. Då vil kora kunne arbeida meir effektivt i høve til dei profesjonelle kunstnarane, og kvaliteten på framføringane kan aukast og profesjonaliserast.
Dei distriktsoperaverksemdene som får tilskot over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett (kap. 324 post 73), utgjer ikkje ei einsarta gruppe. Spennvidda er stor frå Operaen i Kristiansund, som har ei omfattande verksemd med 75 års tradisjonar, til små tiltak som på prosjektbasis berre har éin produksjon i året. Felles for verksemdene er likevel at dei mobiliserer mange menneske i lokalsamfunnet til friviljug innsats, og at oppsetjingane er tufta på ein kombinasjon av profesjonelle og amatørar. Slik sett har distriktsoperaene i tillegg til kunstnarleg verdi også stor allmennkulturell vekt og omfattande ringverknader.
Distriktsoperaene vil framleis ha behov for faste tilskot til basisverksemd og administrasjon, men dei må òg kunna søkja om tilskot til program og prosjekt frå ei særleg tilskotsordning, jf. kap. 8.6.

8.4.2.2 Riksoperaen og Nasjonalballetten
Riksoperaverksemda til Den Norske Opera skal framleis vera ein hjørnestein i den nasjonale formidlinga av opera og dans. Tilbodet bør byggjast vidare ut, slik at fleire stader kan ta imot framsyningar, og slik at det kan verta større regularitet i verksemda.

Eit vilkår må vera at mottakarane har økonomisk støtte til føremålet hjå lokale og/eller regionale politiske styresmakter. Den lokale infrastrukturen med omsyn til kultur- og teaterhus og kor og orkester på staden bør òg leggjast til rette for å realisera slike samarbeidsprosjekt.

Departementet ser positivt på at Den Norske Opera utviklar nye samarbeidsmodellar gjennom til dømes produksjon av framsyningar utanfor Oslo, og tilrår at ein slik modell vert lagd til grunn, også etter at Operaen har flytt inn i nytt hus. Når opptrappinga av tilskotet til Den Norske Opera gjer det mogeleg, bør Operaen prioritera å senda fleire ballettproduksjonar ut på turné enn i dag. Departementet ser positivt på dei nye samarbeidsformene og på produksjonar som er tilpassa arenaene som Nasjonalballetten har utvikla det siste tiåret. Føresetnadene om lokalt engasjement for mottak av Nasjonalballetten bør gjerast gjeldande på same måten som for riksoperaproduksjonane. I samband med dette bør òg utvikling av arrangørnettverk ha prioritet. I nytt hus vil Operaens riksdekkjande verksemd få sterkare vekstkraft og betre høve til utvikling, mellom anna gjennom eigen turnéprøvesal. Med dette ligg det til rette for at talet på turnéproduksjonar og turnéframsyningar kan aukast, og at nye typar produksjonar og samarbeidsformer kan utviklast overfor lokale arrangørar. Operaen vil i det heile få føresetnader til å fungera meir aktivt som ressurs- og kompetansesenter. Den vesle salen vil òg vera open for eigna kvalitetsproduksjonar frå musikk- og danseteatermiljøet elles i Noreg.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Opera / Stage Music, Politics