Hardcore folkemusikk
SOMMERLYD: For Unni Boksasp kommer lyden av sommeren fra kappleiker og slåttespel.

Unni Boksasp opplevde et lite prisdryss i 2010: Med Unni Boksasp Ensemble vant hun en Spellemann for albumet “Keramello”, hun vant Folkelarmprisen i tradisjonelt samspill, og som kveder hun gikk av med seieren i vokal klasse A på Landskappleiken.

Folkesangeren, komponisten og arrangøren Bokasp kommer fra Tingvoll på Nordmøre, men er bosatt i Tinn i Telemark. I juli blir ensemblet å finne på blant annet Telemarkfestivalen, Fru Gurispelet på Smøla og på Olsokdagene på Kvernes på Averøy. Ellers kan hun også ses på scenen på Landskappleiken, Tingvoll, Hjartdal, på Kjerringsveiven i Tinn og i et låveteater i Tessungdalen.


Les Øystein Grenis sommeranbefalinger her


Her er Boksasps sommer-anbefalinger:

- Dette var ikkje så lett... For meg er sommar og sommarstemning å vere ute og synge og spele på festivalar, kappleikar og stemner. Så her vart det i grunnen berre folkemusikk.... Men veldig bra folkemusikk da!


1. Olav Luksengård Mjelva: Fele/ Hardingfele, Røros/Hallingdal
Sommarlykke er å starte sommarferien med å reise på Landskappleik! Den kriblande kjensla av at sommaren er igang kjem alltid når ein kravlar ut frå bilen på årets kappleikstad, treffer gamle kjende og følger med i straumen inn til ølteltet.

Om noko kan kallast "hardcore folkemusikk" så må det vera denne plata. Den representerer essensen av ein landskappleik for meg: Meisterleg solo slåttespel på både fele og hardingfele som ein ikkje kan late vera å danse til. Svingar som berre ein toppspelemann kan. Olav vann Spelemannsprisen for denne plata, og eg er veldig lykkeleg for at han spelar i bandet mitt også.



Les festspilldirektør Birger Carlsens sommeranbefalinger her


2. Simon Simonssons kvartett: Längs gamla stigar och färdvägar - Låtar från Älvdalen
Det svenske stjernelaget Simon Simonsson og Ola Bäckstrøm på feler, Ale Møller på bousouki, munnspel og fløyte, og Stefan Ekdahl på cello og sekkepipe. For ein klang, for ein samspel og for eit driv! Eg får berre lyst å setje meg i ein gamal bil med bagasjerommet fullt av heimelaga cider og køyre rett til Ransäter og Ransäterstämman der i byrjinga av juni.

Hør utdrag fra "Längs gamla stigar och färdvägar" her


3. Triakel : Triakel
Emma Härdelin, song, Janne Strömstedt, trøorgel og Kjell-Erik Eriksson, fele. Deira første album frå 1998 har surra i cd-spelaren jamt og trutt både hjå meg og hjå mange andre kvedarar og musikarar. Difor er det ofte desse songane som blir "jamme"-songar utpå natta på både kappleikar og festivaler. Eg blir aldri lei av det ærlege uttrykket til Triakel. Rett fram, ikkje noko tilgjort. Berre rett og slett gode musikarar og ein sjeldan fin folkesongar i front.

Her kan du høre et annet album fra Triakel, "Sånger Från 63° N":

Av Carl Kristian Johansen Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional