Sprikande kritikk
KOMMENTAR: Korleis kan Festspillene i Bergen på same tid verta meir folkelege, kommersielle, engasjerande og nyskapande, spør Ida Habbestad.
Festspillene i Bergen 07 - Bergen/Foto: Helge Skodvin (330x328)

”Nordiske impulser” vart festspela sin tittel nummer to då direktør Per Boye Hansen lanserte sitt første festivalprogram i Bergen i 2006. Den gongen fekk han skryt for ideen om å setja opp produksjonar unike for Norden, som publikum først og fremst kunne oppleva i Vestlandsbyen.

Boye Hansen har òg blitt bejubla for sin sterke teft for repertoaret og aktørane i skjæringspunktet mellom musikk og scene. Storparten av produksjonane på området har møtt gode kritikkar – saman med mykje av teaterprogrammet for øvrig.

Dei reint musikalske nyskapingane har imidlertid komme noko i skuggen. Musikkprogrammet har gjerne virka meir konservativt, og festivalen har særleg møtt kritikk for dette i år. Kommentatorar har mellom anna kritisert mangelen på overtydande internasjonale musikarar. Dei har etterlyst meir spenstige måtar å formidla tradisjonell musikk på og dei har etterlyst ein større andel av problematiserande kunst.


Utan entusiasme?
I etterkant av festivalen er det ein noko annleis kritikk som har råda. Også denne sprikar i ulike retningar, men har til felles eit ynskje om at festivalen meir skal representera og engasjera befolkninga i Bergen. Den skal kort sagt vera folkeleg.

Eit første innspel kom alt før festivalen var i gang, då bystyrerepresentant Abdelmajid Jerad (Ap) i eit intervju i BA kritiserte festivalen for å vera ein ”elitefestival for hvite, smokingkledde, veletablerte folk med penger”. Festivalprogrammet er kvitare i dag enn det var under Bergljót Jónsdóttir, hevda Jerad i artikkelen.

I juli melde partikollega – og Bergen kommune sin representant i Representantskapet for Festspillene – Ruth Grung, at også ho var misnøgd med årets festival. ”Som politiker bør jeg si fra på vegne av mange: Det var ikke godt nok i år”, uttalte ho til BT 10. juli, og utdjupa: ”Bergljót Jónsdóttir, pirret nysgjerrigheten til folk. Nå opplever jeg ikke lenger den entusiasmen”.

Òg Karin Woldseth i FrP har retta ei åtvarande peikefinger mot festspela. Dei må høgna billettinntektene. Elles vil dei, dersom FrP kjem til makta, mista stønad.


Faktisk eller følt?
Det burde vera ei sjølvfølgje at landet sin største festival for klassisk musikk, scenekunst og dans er under eit konstant kritisk søkelys. Det er sunt at der pågår ein stadig debatt om kva ein ynskjer seg at den skal vera.

Men korleis skal festspela forhalda seg til ein såpass sprikande kritikk? Og – er all kritikken faktisk, eller kan ein påstå at deler av den bunnar i synsing?

Den mest konkrete etterlysninga – eit auka antal fleirkulturelle innslag – kom frå Jerad i mai. Boye Hansen innrømma under debatten ”Kontroversielle festspill” at der kunne vore ei breidare programmering av dette. Dermed ligg der kan henda ein halvvegs lovnad om fleire slike innslag neste år.

Meir problematisk må det vera for Boye Hansen å gje konkrete svar omkring kritikken om manglande entusiasme. For korleis måler ein slikt?

Sjølv var eg til stades under heile festivalen under ei lang rekkje konsertar – og meiner å ha observert ei solid mengde entusiasme og begeistring. Òg generelt i byen, der ein dagleg kunne observera interesserte tilskodarar samla kring ulike OiOi-arrangement.

Inntrykket kan stemma med festspela sine publikumstal, som syner ei auke sidan 2008 samt ei inntekstauke på 25%. Det siste styrker dessverre Jerad sin påstand om at billettane er dyrare enn før, og at enkelte dermed vert ekskludert. Men, det oppfyller på andre sida Frp sitt ynskje om høgare inntening kring arrangementa.

Same kva kunne det vera interessant å få svar på korleis Grung har målt (den manglande) entusiasmen. Kritikken er viktig i seg - men er den berettiga? Kven er dei ”mange” ho uttaler seg på vegner av? Og kva er målet på om noko er eit løft for Bergen?


Kunsten underlagt marknadsvilkår
”Kunsten har gitt opp å være kunst”, skriv tidlegare festspeltilsett, Lasse Berntzen, i eit lesverdig innlegg i BT 24. juli. Han siterer den amerikanske kunstkritikaren og skribenten, Suzi Gablik, som har hevda at kunsten ikkje lenger tjener høgare ideelle formål, men at den er underlagt dei same markedsvilkåra som produksjonen av forbruksvarer.

”Den modernistiske kunsten som startet som idealisme, og et viktig korrektiv og opprør, er ikke lenger autentisk, men fremstår nå som en klisjefylt og veltilpasset aktør i et markedsfundamentalisk system”, siterer Berntzen skribenten.

Poenget hans er at festspela er både normative og tradisjonelle, som mange andre kunstfestivalar i Europa, og at den må passa seg for å bli ein statusmessig og småborgarleg samlingsstad for makt og prestisje.

Så langt er me samde: Den mest sørgelege utviklinga eg kunne tenkja meg for festspela, var om den stagnerte i ei evig, repetativ feiring av tradisjonen.

Spørsmålet er meir korleis ein unngår dette i eit landskap der utfordringane som er bretta ut i Bergens-avisene denne sommaren illustrerer ynskjet om ein festival som både er meir nyskapande, men òg meir folkeleg – og der inntektspotensialet, både for festivalen og for Bergen som by, vert meir vektlagt.

Normalt tenkjer ein seg det nyskapande og det kommersielle som motsetnader på kvarandre. Men målet må kanskje heilt enkelt vera å skapa ein festival der det folkelege, det kvalitative og det nyskapande har like stor vekt?

Ida Habbestad er journalist i Ballade.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: