Auka tilskot til operaverksemd
Regjeringa gjer framlegg om at Den Norske Opera får eit driftstilskot på 261,5 millionar kroner for 2006. Dette er ein auke på 22,5 millionar kroner i høve til 2005. Det blir og ein auke av tilskotet til Opera Sør i Kristiansand og til Opera Nordfjord i Nordfjordeid.

- Det er nødvendig med ei planmessig opptrapping av driftstilskota til Den Norske Opera slik at Operaen kan ta i bruk nytt operahus i 2008 på ein vellukka måte. Frå 2006 og fram til innflyttinga må det skje ein vesentleg auke i talet på kunstnarleg og teknisk personale, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

For 2006 foreslår departementet ein auke av tilskotet til Opera Sør i Kristiansand på om lag 1 million kroner og til Opera Nordfjord i Nordfjordeid på om lag 0,5 millioner kroner.

Nasjonal plan for produksjon og formidling av opera og ballett legg til grunn at det skal skje ei opptrapping av tilskota til operatiltak rundt om i landet. Kulturministeren meiner ein med dette budsjettframlegget er komen godt i gang med dette.

Over Moderniseringsdepartementet sitt budsjett foreslår regjeringa for 2006 ei løyving til bygging av det nye operahuset i Bjørvika på 775 millionar kroner, som er den summen Statsbygg meiner er nødvendig for å halda planlagd framdrift i byggjeprosjektet.

- Vi har argumentert grundig over lang tid for at vi i 2006 måtte komme skikkelig i gang med opptrappingen. Våre behov er langt på vei blitt tatt hensyn til, om ikke helt, så i alle fall et godt stykke på vei. Vi har to år til der vi trenger vekst om vi skal komme i land i 2008, seier operadirektør Bernt Einar Bauge til NRK.

En god samleside hos NRK.no om statsbudsjettet 2006 finner du her: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/5143204.html?p_saksunivers_id=25274. Kultur- og Kirkedepartementets egne sider om Kulturbudsjettet for 2006 finner du på http://www.dep.no/kkd/norsk/dok/statsbudsjett/2006/bn.html.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Opera / Stage Music, Politics