Kunst, politikk og risiko
Skapar kunst politikk? Eller må kunsten vera tilpassa rammene me tillet den? Kritikerlaget sin debatt i Bergen tok utgangspunkt i ei provoserande Ibsen-framsyning som til slutt vart stansa av fespilldirektøren. Debatten opna for ei vifte av spørsmål om teater og samfunn.

Av Ida Habbestad

Utgangspunktet for kritikerlaget sin debatt var Ibsen-stykket ”Vildanden” i Vegard Vinge og Ida Müller sin versjon (les intervju med duoen i Morgenbladet. Eit kort utdrag frå oppsetjinga kan sjåast her).

”Vildanden” er ein av Festspillene sine fire nyproduksjonar, og det var knytt høge forventningar til duoen – som frå før av står bak grensesprengjande versjonar av ”Et dukkehjem” og ”Gjengangere”.

Også ”Vildanden” spengde grenser, mellom anna ved å vara ufatteleg lenge, ved å halda eit ubehageleg høgt lydnivå, og ved å syna ei rekkje kvalmande scener. Som BT-kritikaren Jan Landro skreiv; ”Etter åtte timer føler du deg voldtatt”.


Styrt friksjon

Ein i mine augo nokså paradoksal hending hadde funne stad kvelden før. I tre-tida om natta stogga festspeldirektør Per Boye Hansen framsyninga, som då var fire timar på overtid.

Årsakane var praktiske: Omsynet til publikum, naboane til spelestaden Skatehallen samt dei medverkande i framsyninga – Boye Hansen ynskte heilt enkelt å stogga framsyninga før politiet gjorde det.

Eller – kan det henda at festspeldirektøren sjølv tredde inn i stykket i rolla som provosert og provoserande festspeldirektør? I så tilfelle var det godt teater, både for frammøtte publikummarar og avislesarar i dagane etter.

Same kva motivasjon som ligg bak, vert det enkelt å spørja seg: Kva seier ei slik handling om synet me har på kunst? Er kunsten stadig eit uttrykk som må vera tilpassa rammene me tillet den? Ynskjer me ein kunst med friksjon, men berre innanfor visse rammer?

Fleire utsegn kan tyda på det siste. Under debatten omtalte ein det som amatørmessig å ikkje vita kor lenge framsyninga ville vara. Alt nemnde Landro skreiv i si melding i BT: ”Teaterduoen har et åpenbart talent – og en dristighet som noen ganger trenger å tøyles”.


For intern?
Kva så med debatten om kunst og politikk? Kan ein omtala ”Vildanden” som politikken sin føresetnad?

- Forestillingen sprengte grenser med sin varighet. Det fungerte provoserende – men fører det i seg selv til politikk, spurte Ellen Horn, sjef for Riksteatret, skodespelar og tidlegare kulturminister.

Hennar svar var eit klårt nei, med det som grunngjevnad at ”Vildanden” er for intern og sjølvoppteken, og ikkje ei framsyning som utan vidare kunne sendast ut på riksteaterturné.

- Den som skal drive politikk har som mål å få noen i tale. Da bør man ha noen å snakke til, sa Horn, og peikte på korleis stoda kan snuast på hovudet. I enkelte tilfelle vil politikken vera kunsten sin føresetnad. Mellom anna ville truleg ikkje denne framsyninga fått stønad med Framstegspartiet i regjering, vart det hevda.

- Spørsmålet er da om man kan bruke denne typen kunst til å oppretthalde mangfoldet, undra Riksteatersjefen.


Ubesvarde spørsmål
Likevel fann dei deltakande etterkvart mange potensielle politiske tema i stykket. Det kunne sjåast som innlegg i abortspørsmål, seksualitet og menneskeverd. Jamvel var både Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og fleire andre sine stemmer henta inn i framsyninga.

Slik vart samtalen, frå det meir bastante utgangspunktet, opna så me sat att med ei vifte av spørsmål. For underteikna (som endå ikkje har sett framsyninga) virka avstanden mellom omgrep som 'amatørmessig' og 'kompromissløyse' underleg kort.

Men framfor alt sat me att med spørsmåla som nemnt ovanfor. Kva betyr det når ein organisasjon som hevdar risikoen som viktig, stoggar sitt risikable prosjekt? Kvifor invitera ein kunstnarduo som er kjend for å sprengja rammer, for så å – tilsynelatande – freista å temma dei?

Og, framfor alt, vert me ikkje sitjande att med ein underleg smak i munnen ved festspillene sitt utsegn om poltikken og kunsten som gjensidig avhengige?

Utan klåre standpunkt å by på, er det einaste me kan gjera å å senda spørsmåla vidare. Ikkje minst det ubesvarte spørsmålet til kritikerlaget: Er kunsten verkeleg politikken sin føresetnad?

"Vildanden" er laga av Vegard Vinge og Ida Müller. Den vert vist i Skatehallen i Bergen til og med 1. juni.

Deltakarane i paneldebatten var Bo Göranzon (som er professor ved Kungliga Tekniska Högskolen i Stockholm, Anna Petersson (skuespiller, regissør og forfatter) og Erling Sandmo, historiker og musikkritiker.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: