Jørn Hilme-stemnet opnar 22. juli
Landets største festival for norsk folkemusikk startar på Fagernes i Valdres 22. juli og held på fram til 29. juli. Her kan du lese meir om programmet.
Som lilja rein/ Foto: www.hilme.no (330x195)

Den tradisjonelle kappleiken har blitt ein festival som greier det folkemusikken ofte blir skulda for ikkje å prøve; å nå ut til eit breitt publikum, formidlast det frå festivalen.

Mellom høgdepunkta 22.-29. juli er danseframsyninga "BASTARD", eit tingingsverk av hallingdansar Hallgrim Hansegård, samtidsdansarane Ingeleiv Berstad og Bruno Caverna og musikarar/komponistar Rolf-Erik Nystrøm, Terje Isungset og Frode Haltli.

I kyrkjekonserten "Som lilja rein" møter publikum Marit Mattisgard, Berit Opheim, Håkon Asheim og Aage Kvalbein. Ein del av konserten er eit tingingsverk av Nils Henrik Asheim. Konserten tek utgangspunkt i tonar og tekster tileigna jomfru Maria, og har premiere i Hedalen stavkyrkje.

Berit Opheim, Karl Seglem, Marit Mattisgard, Andreas Ljones og Rune Tylden er musikarane i fjellkonserten på stølen Jaslangen i Vestre Slidre, nær 100 meter over havet.

Og på Valdres Folkemuseum møtest folk i alle aldrar og med ulike musikkpreferansar til intimkonsertar, bygdedans og gamaldans med dei for kjennarar kjende gruppene Jutullaget og Aage Sogns orkester.

På programmet står m.a. òg Lillebjørn Nilsen og Valkyrien Allstars, Geitungen, Herr Ole, Camilla Granlien, Gunnlaug Lien Myhr, Åse Teigland, Synnøve Bjørset (Majorstuen) og Anne Hytta, kappleik, barneframsyningar og utstilling med festivalkunstnar Eva Laila Hilsen.

7500 menneske besøkte i fjor arrangementa under Jørn Hilme-stemnet. Festivalen mottek i 2007 400 000 kroner i festivalstøtte frå Norsk kulturråd. For fullstendig program, sjå festivalen sine heimesider.

Dette i følgje ei pressemelding.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals