Nest siste helg på Garage
I sommar vart det kjent at den populære scena Garage i Oslo snart skulle setje kroken på døra. No nærmar slutten seg med stormsteg.

I 2003 opna Garage Oslo i lokala til So What, som nokre månadar tidlegare hadde gitt seg etter ni års drift. Grunna høge driftskostnadar har no også Garage bestemt seg for å stenge dørene for godt. Innehavarane har likevel ingen planar om å la dei siste helgene gå stille forbi.

Fredag 26. november, presenterer Garage Sten Ove Toft, Myrtle Sphinx og Serena-Maneesh. Sistnemnde rommar nokre av landets mest kritikarrosa bråkmakarar, og etter ein omfattande turne i Europa og USA, er dette siste moglegheit til å sjå bandet i si noverande besetning.

Laurdag 27. november lokkar Garage med metalcore-bandet Gerilja, samt Oslobandet Pirate Love. Det er gått heile to år sidan sist Pirate Love spelte konsert i hovudstaden. Laurdag kan ein vente seg mykje materiale frå den kommande skiva deira, samt gamle slagarar frå debuten ”Black Vodoun Space Blues”.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Genre\Popular Music\Rock / Metal, Concerts