+3DB blant dei 50 beste
Forsker ved NTNU er med på eit av årets 50 beste album, seier The Wire.

Det er i januarnummeret av det britiske magasinet The Wire ein kan lese om årets beste album. +3DB er eit ungt norsk plateselskap som arbeider med ulike formar samtidsmusikk. Med base i Bergen har selskapet utvikla ein profil med alt frå støy og lydkunst til komponistportrett og impro.

Bassist Michael Duch som har forska på improvisasjon i eksperimentell musikk ved NTNU, er med på +3DBs utgivelse Tilbury/Duch/Davies. Utgivelsen har hausta mykje positiv omtale i internasjonale medier, og havna no også på The Wires besteliste for 2010. Forskingsprosjektet hans vart avslutta i haust med utgjeving av tre plater på +3DB. Forskningen blei omtalt på Ballade tidligare i haust.

- Veldig gøy at arbeidet vårt blir mottatt på en slik måte, seier Duch i ei pressemelding.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
CD Releases