Statsbudsjettet 2005: - Skuffande statsbudsjett for folkemusikksektoren, seier LfS
- Det er knapt nok smular i auke til folkemusikksektoren i regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2005, skriv Magnar Sundt i Landslaget for Spelemenn i dette innlegget. - Det finst ein vinnar, og vi gratulerer Førde Internasjonale Folkemusikkfestival som frå 2005 er foreslått som knutepunktfestival under Kultur- og kyrkjedepartementet. Det statlege tilskotet til festivalen blir auka til to millionar kroner.
Magnar Sundt, LfS (Foto: Kjell Bitustøyl) (300x490)

Av Magnar Sundt, dagleg leiar, Landslaget for Spelemenn

"Folkemusikkfestivalen synleggjer folkemusikken både nasjonalt og internasjonalt og set derfor denne musikkforma inn i ei breiare ramme. Dette er svært positivt. Folkemusikkfestivalen i Førde er dessutan den einaste av sitt slag i Noreg, og det er gledeleg at festivalen no blir styrkt", seier kulturministeren.

Førdefestivalen blir no finansiert direkte over KKD sitt budsjett og ikkje gjennom Norsk kulturfond.
Dette skal ikkje gi tilsvarande reduksjon i tilskottet til Norsk kulturfond og vil dermed kome andre festivalformål til gode.

Landslaget for Spelemenn får sine statlege driftstilskott gjennom ein sekkepost. Denne sekkeposten har ein auke - utan at det er nemnd i teksten kva dei auka midlane skal gå til.

Da den nye kulturmeldinga vart lagt fram i fjor, fekk folkemusikksektoren for første gong brei omtale i meldinga. Gjennom Samstemt-samarbeidet og dei positive attendemeldingane ein har fått på den felles satsingspakken som vart lagt fram, hadde ein no eit godt håp om at det fanst reell vilje til å satse på folkemusikk og dei rytmiske sjangrane.
Vi kan dessverre berre konstatere at regjeringa har utsett arbeidet med å gjennomføre Kulturmeldinga med i alle fall eitt år.

Opposisjonspartia Ap, SV og Sp har gått inn for eit skikkeleg kulturløft i åra framover. Det skal bli interessant å følgje med på kva dei vil gjere med Kulturbudsjettet under si behandling no i haust.

Vi minner om kva for konkrete folkemusikktiltak kulturmeldinga nemnde som viktige:


Landslaget for Spelemenn meiner at både artistane og publikum no fortener ei utbygging av Folkemusikkscena som turne- og konsertnettverk,samt etablering av ei riksscene for folkemusikk og folkedans i Oslo som dei viktigaste satsingsområdet framover.

Kultur- og Kirkedepartementets egen samleside for budsjettfremlegget for 2005, inkludert en rekke pressemeldinger, finner du her.

Av Magnar Sundt Foto/illustrasjon:
Debate, Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Organizations, Politics