Dei nynorske festspela veks
- Eg trur vi har etablert oss som ein festival der folk kan stole på at det er kvalitet, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

- I ei pressemelding kan ein lese at Dei nynorske festspela hadde eit overskot på 173.000 kr i 2010, og i år har billettsalet auka med ytterligare 23% frå fjoråret.

Åshild Widerøe legg vekt på særpreg kombinert med både kunstnarleg og fagleg breidde, og generelt høg kvalitet.

-Vi har utvikla ein tydeleg profil, og tilbyr noko folk ikkje kan oppleve andre stadar, seier ho.


Solid opningskonsert
Eit døme på dette er årets opningskonsert, som var ved Kari, Ola og Lars Bremnes. Konserten ved Dei nynorske festspela er den einaste dei har saman i Sør-Noreg i år. Festspela har arbeidd i fleire år med å få til denne konserten, og det blei stor suksess. Uteamfiet ved Ivar Aasen-tunet var heilt fullt, med 708 gjestar.

- Vi vil at opningskonserten skal vere interessant for eit stort publikum. Dette gir fleire festivalgjester lyst til å oppleve meir, og legg eit godt grunnlag for dei tre resterande festivaldagane,seier Widerøe.


Unik danseforestilling
Widerøe trekk fram danseforestillinga med Solveig Styve Holte i spissen som ein unik programpost ho er spesielt stolt av. Ho samarbeida med forfattarane Maria Parr og Hilde Myklebust, samt kulturskulelevar frå Vanylven kommune. Komponist Magnar Åm stod for musikken.

-Dette var eit stort kunstnarleg prosjekt som dei har jobba med det siste halve året. Vi er svært glade for å få syne forestillinga under festspela, og stolte av at Solveig Styve Holte har laga ei forestilling som er skreddarsydd for Ivar Aasen-tunet, fortel ho.


Fornøgd publikum
-Det viser seg at det har vore ein god idé å korte ned festivalen frå fem til fire dagar, og vi ser ut til å ha funne ei form på festspela som publikum er fornøgd med. Eg trur vi har etablert oss som ein festival der folk kan stole på at det er kvalitet. Likevel prøver vi alltid å utvikle festivalen, seier ein nøgd programansvarleg.

Av Olav Opsvik Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional, Genre\Popular Music, Interviews