Kontroversielle festspel?
KOMMENTAR: På debatt om Festspillene i Bergen ville kun eit fåtal snakka om det musikalske programmet. Det burde vera ein tankjevekkar for institusjonen, meiner Ida Habbestad.
Festspillene i Bergen 07 - Bergen/Foto: Helge Skodvin (330x328)

Under overskrifta ”de kontroversielle festspillene” vart årets festival diskutert av eit panel beståande av Per Boye Hansen (festspilldirektør), Trygve Birkeland (KrF), Torstein Dahle (Rødt), Therese Bjørneboe (teaterkritikar og redaktør for Norsk Shakespeare – og teatertidsskrift) samt underteikna, med Hilde Sandvik (samfunnsredaktør i BT) som ordstyrar.

Ikkje uventa sto ”Vildanden” mest i fokus. Den solide, utfordrande framsyninga av Ibsen-stykket har give festspela mykje – og god – merksemd. Bunnlinja i debatten tyktest dermed vera at festspela dette året langt på veg har lukkast i å vera kontroversielle.

Men er ei enkelt framsyning – eventuelt utvida til scenefeltet av programmet – nok til å gje festivalen ein slik merkelapp?


Vanskeleg engasjement
I eit forsøk på å setja fokus meir mot musikk-delen av programmet, var det ved handsopprekking i salen berre tre av tilhøyrarane som ynskte å snakka om musikken.

Tankevekkjande – men slett ikkje overraskande – i ei tid der det er vanskeleg å skapa ein kunst som engasjerer. Sjeldan diskuterer ein kunst som ikkje er basert på tekstlege eller visuelle verkemiddel.

Nettopp dette fenomenet – at det er vanskeleg å skapa diskusjon og merksemd kring den abstrakte kunsten – var hovudforklaringa til Boye Hansen på kvifor programmet ikkje inneheld fleire satsingar på ny musikk som ikkje også har ein tekst.

Då vert det freistande å etterlysa ein motsett argumentasjon: Krev ikkje vanskane ein har i kommunikasjonen av det abstrakte at ein set inn større krefter her?


Skuldertrekk
Same kva er det den musikalske delen av programmet som har møtt flest skuldertrekk i år. Både kva gjeld invitasjonen av aktørar (mellom anna skildra i NRK), formidlinga av den tradisjonelle musikken (problematisert i Aftenposten) og altså den relativt beskjedne andelen av musikk som stiller spørsmål (stadig i Aftenposten) – alt er blitt kritisert i mediene.

Kan henda ligg forklaringa i spørsmålet om fokus. Når direktøren etterlyser ei større kritikar-oppslutning kring ei av satsingane på noko nytt – urframføringa av Ruben Sverre Gjertsen sitt "Gamelan Terrains" – er det i alle fall nærliggjande å kasta ballen attende:

Kvifor vart ikkje dette verket fronta meir tydeleg? I festspela sitt eige programhefte vart Gjertsen (i motsetnad til alle andre utøvarar og komponistar på konserten) ikkje nemnt med eit ord. Ei heller musikken hans. Sjølvsagt ein glipp frå festivalen si side – men i mine augo beteiknande for kvar ein legg størst innsats.


Ubesvarte spørsmål
At debatt-tilhøyrarane var såpass lite interesserte i å ta diskusjonen kring det musikalske, er – trass i det unike ved "Vildanden" – truleg symptomatisk for kva oppgåve festspela og andre musikkinstitusjonar har framføre seg, dersom ein meiner at nyare musikk er viktig.

Debatten kan sjåast illustrerande for det segmenterte tilhøvet mellom eit nyskapande teaterprogram og den meir konforme musikkpresentasjonen på festspela. Kan henda er den ei utfordring til institusjonen om å gå i seg sjølv - og stilla spørsmåla som er mange og komplekse.

Framfor alt krinsar problemstillinga om kva ansvar Nordens største musikk- og teaterfestival har for å utvikla også nye musikalske uttrykk. Og ikkje minst er spørsmålet kva ynskje dei har om å kunna kalla seg kontroversielle, nyskapande og aktuelle innanfor det musikalske området

Ida Habbestad er journalist i Ballade.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: