Åse Kleveland ny styreleiar for Hardanger Musikkfest
- Jeg ser frem til å få delta i arbeidet med Hardanger Musikkfest og ønsker å styrke festivalens posisjon på det høye kvalitetsnivå som allerede kjennetegner den, uttalar Åse Kleveland i samband med at ho tek til som ny styreleiar for Hardanger Musikkfest. I pinsen neste år har Hardanger Musikkfest ti års jubileum, og dette vil verta markert med eit større og meir omfattande program enn nokosinne, meldar festivalleiinga.
Åse Kleveland, 2003 (320x316)

- For Hardanger Musikkfest er det ei stor vinning at ein kapasitet som tidlegare kulturminister Åse Kleveland kjem inn som styreleiar, står det vidare å lese i pressemeldinga.

Vår tidlegare kulturminister Åse Kleveland er nå administrerande direktør for Svenska Filminstitutet, som forvaltar den samla svenske filmpolitikken. Ho er dessutan styremedlem i Stockholm Konserthus, som også omfattar Kungliga Filharmonikerna.

Åse Kleveland har tidlegare engasjert seg i utviklinga av kulturlivet i Hardanger og i utviklinga av dei unike industrielle kulturminna som regionen kan by på, fortel Hardanger Musikkfest.

- Derfor føles dette litt som å komme hjem,seier ho, og ser fram til eit fruktbart samarbeid med kunstnarisk leiar Stig Nilsson ,styret, dei involverte kommunane og dei mange entusiastiske støttespelarane.

Styret består elles av stortingsrepresentant Einar Steensnæs, adm.dir. Hans Petter Westfal-Larsen, informasjonssjef Knut Terje Solstad og ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge.

Hardanger musikkfest omtalar seg sjølv som "ein annleis musikkfestival", og har Stig Nilsson som kunstnarisk leiar.

- Storslagen natur, musikalske meisterverk framført av kunstnarar på nasjonalt og internasjonalt toppnivå, eineståande nærkontakt mellom utøvarar og publikum, sterk lokal forankring, særprega konsertstader og ikkje minst levande historiske tradisjonar, alt dette er med på å gjera Hardanger Musikkfest til ei makelaus musikalsk og kunstnarisk totaloppleving.

Under festivalen i 2004, som vart arrangert frå 27. til 31. mai, opptrådte mellom anna Grieg Trio, Vertavokvartetten, Liv Domersnes, Sølve Sigerland og Liv Glaser.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical, Positions