Kurs med musikkterapiens "grand old man".
I samband med at musikkterapiutdanninga i Noreg feirar sitt 30-årsjubileum kjem Clive Robbins, til Noreg
Clive Robbins/Foto: Norges musikkhøgskole (300x249)

Clive Robbins tilhøyrer røtene i norsk musikkterapihistorie. Helt sida 1968 har han vitja Noreg ei rekkje gonger og gitt kurs. Saman med komponisten og pianisten Paul Nordoff har han hatt stor tyding for danninga av det norske musikkterapimiljøet og for den norske musikkterapiutdanninga. To av lærarane som var med å starte opp den norske musikkterapiutdanninga, Unni Johns og Tom Næss, er utdanna frå nettopp Nordoff-Robbins Music Therapy Centre i London i 1974.

Musikkterapiutdanninga i Noreg kom i gang hausten 1978 og feirar difor 30-årsjubileum i år. I samband med det er Clive Robbins, som fyller 81 år i år, invitert som gjesteførelesar og æresgjest. Han underviser stadig ved Nordoff-Robbins Center ved New York University og gir framleis førelesingar over heile verda.

3. og 4. september held han ettermiddagskurs. Med dei mange lyd- og videoopptak frå musikkterapisamarbeidet med Paul Nordoff og seinare kona si Carol Robbins, gjer han levande kva denne sentrale forma for musikkterapi handlar om og kva ressursar den kan utløyse hos brukarane.

For første gong underviser han saman med to av dei tidligare studentane sine, musikkterapeut og psykolog Unni Johns og musikkterapeut og førsteamanuensis Tom Næss.

Kursa arrangerast som del av etterutdanningstilbodet ved NMH. Øvrige vidareutdanningstilbod finn du her.

Det er Norges musikkhøgskole som melder dette.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Courses / Masterclasses / Workshops, Music therapy