Førdefestivalen - Javed Bashir kommer, åpnet torsdag
Konsertene med Bashir, Sondra Bratland og Javid Afsari Rad går derfor som oppsatt. Nesten 1500 mennesker overvar åpningskonserten i Førdehuset torsdag
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival logo (227x76)

Førdefestivalen har fått melding om at Javed Bashir, musikaren som stod fast i Pakistan på grunn av uroa i Islamabad, likevel hadde lukkast å komme seg på eit fly og var på veg til Førde.

Konsertane med Javed Bashir, Sondre Bratland og Javid Afsari Rad kan difor gå som oppsett. ”Dialogue”-prosjektet går derfor sin gang på årets festival. Det blir konsert fredag kl 19.30 i Førdehuset og søndag kl 12:00 i Eikaasgalleriet på Jølster.

Festivalen i gang

Rundt 1400 publikummarar i alle aldrar var samla under Førdefestivalen sin opningskonsert i Førdehuset torsdag 5. juli. Årets festivaltema er Émotions Françaises – franske kjensler, og det var temaartistane som fekk æra av å spele dei første tonane på festivalen.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete sto for den offisielle opninga, og Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, leia på publikum gjennom ein konsert som på ein flott måte illustrerte kor mangfaldig og rik på ulike kunstnarlege uttrykk musikken frå dei fransktalande landa er.

På opningskonserten fekk publikum høyre den rytmiske vokalgruppa Lo Cor de la Plana frå Marseille, dreieliregruppa Patrick Bouffard Trio & Anne-Lise Foy frå Auveregne, sigøynargruppa Tekameli frå Perpignan, danseorkesteret La Talvera frå Midt-Pyreneane, songaren Yann-Fa­nch Kemener frå Bretagne, og til slutt nordavinden frå Quebec - Le Vent du Nord.

Dette i følge en pressemelding.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional