Maraton for jazzmuseum
Robert Normann-museet opna i august, basert på ein omfattande dugnad. Til våren vert musikarar inviterte til ny dugnad, for å betala ned ei gjeld på kr 150 000,-.
Robert Normann/Foto: www.robertnormann.no (350x252)

Av Ida Habbestad
 
Museet som er tileigna jazz-legenden Robert Normann kom til ved ein tilfeldighet. Etter at Sarpsborg kommune og Østfold-museet Borgarsyssel gjennom ein lengre periode hadde snakka om å samla Normann-materiale, skaut prosjektet fart frå eit anna hald, då Bjarne Aaserød i Sarpsborg Jazzklubb oppdaga at Normann sine instrument skulle leggjast ut for sal.
 
Dette er i alle fall styreleiaren sin versjon av bakgrunnen for museet, som han i ettertid meiner kom til med eit nød og neppe.
 
- Det var rent tilfeldig at jeg fikk høre om auksjonen i mai, fortel Aaserød.
 
- Uten instrumentene er det jo lite å basere museet på. Jeg forsto at det snart kunne være for sent – og samme kveld tok vi et styremøte i jazzklubben. En i styret garanterte for beløpet, vi bestemte oss for å kjøpe dem, og dagen etter var vi i gang med innsamling av midler.
 
 
Oppussing og drift på dugnad
Jazzklubben lukkast samla inn kr 250 000 og auksjonen vart avlyst. Snart fann dei eit eigna lokale i gågata i Sarpsborg som dei pussa opp på dugnad før museet opna i august.
 
I dag er Robert Normann-museet – forutan instrumenta hans – fylt med bilete av musikarar som Normann jobba med, samt av andre kulturpersonlegdomar. Vidare finst det plansjer over Normann sitt liv og verksemda hans. Dessutan får besøkande sjå ei samling 78-plater, Normann sine notar, utdrag frå dei 17 teaterstykkene han sette musikk til, generell korrespondanse samt lamper, boller og lysestaker som Normann laga.
 
Museet held ope kvar torsdag til laurdag, og er drifta på dugnad av 7-8 interesserte.
 
Det er godt gjort å halda eit museum på dugnad?
 
- Ja, men Normann var også en av de største kulturpersonlighetene som Norge har sett, hevdar Aaserød.
 
- Normann en av verdens fremste jazzgitarister, han skrev musikk, han opptrådde i mange sammenhenger – blant annet i samarbeid med Alf Prøysen. I og med at han var fra Sarpsborg og tilbrakte sin siste 30 år her, skulle det bare mangle at vi ikke hadde et Normann-museum i byen.
 
 
Maratonjazz
Ein kostnad på kring 150 000 i høve oppussinga står stadig ubetalt – og Sarpsborg Jazzklubb arbeider denne hausten med å få betalt ned det private lånet.
 
Difor oppfordrar dei folk til å delta, gjennom donasjonar, medlemskap i Sarpsborg Jazzklubb andelar i Robert Normann-museet, samt å gje grasrotandelen frå lotto eller tipping til jazzklubben.
 
Det aller viktigaste er imidlertid besøkstalet på konsertane, hevdar Aaserud, som meddeler at alt overskot frå desse går til nedbetaling.
 
Stor effekt vonar han òg ein maratonkonsert 2. april neste år vil ha:
 
- Det er faktisk musikere som har foreslått å arrangere en maratonjazz. Vi inviterer altså jazzband til å spille gratis – og gjøre en innsats for Robert Normann-museet, seier Aaserød.
 




Interesserte kan melda seg til Bjarne Aaserød på telefon 97116654.
Meir om museet og Sarpsborg Jazzklubb finn du her.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: