Til Eva
På sin nyaste CD byd sopran Isa Katharina Gericke og pianist Christian Ihle Hadland på norske romansar i lys av eit liv.

Av Ida Habbestad
Foto: Observatoriet/Simax

I Fridtjof Nansen sin gamle heim på Lysaker, forskar ein til dagleg på internasjonale ressurs- og miljøspørsmål. Det Norske Videnskaps-akademi, Norsk Geografisk Selskap har begge vore eigarar, før Fridtjof Nansen Stiftelsen overtok for 50 år sidan.

Men før dette, for drøyt 100 år sidan var heimen privat. Forutan Nansen sitt arbeid fanst der ei utstrakt verksemd av song og spel i huset.

Kan henda sat ei engare gruppe benka i stova ein lys maikveld? Kan henda kikka dei ut i dei grøne omgjevnadene, medan dei lytta dei til romansar frå det norske, nasjonalromantiske repertoaret?

Sjansen er der; for kona til polfararen, Eva Sars Nansen, var romansetolkar av stort format. Ho var internasjonalt anerkjend, fylde konsertsalar - oftast i Noreg, men òg i andre land. Ofte heldt ho musikkaftnar i heimen, der kunstnarar som Bjørnson, Vinje, Asbjørnsen, Bull og Grieg jamnleg møttest, for mat, musikk og samtale.


Personifisert romantikk
Då Isa Gericke og Christian Ihle Hadland lanserte sin nye plate ”Til Eva” i går, vart det altså naturleg å innby til Polhøgda, der songane er innspelte. Cd-en inneheld favorittar frå Sars Nansen sitt repertoar – og Gericke og Hadland baud mellom desse på beretninga om songaren sitt liv.

Sars Nansen var yngst av 21 søsken, og mellom dei åtte heldige som levde opp. Ho var niese av Johan Welhaven, søster av historikaren Ernst Sars og zoologen Ossian Sars – trygt planta i ein kulturell og bemidla familie. Kan henda var det dette som gav henne frigjorte haldningar; som gjorde at ho, gjerne gjekk på ski i skogen, ei nokså uanstendig verksemd for kvinner. Uredd, engasjert og etterkvart med status, kunne ho engasjera seg offentleg i debatten om dette.

Det uredde og livsglade hang dessutan ved i den vidare historia om forloving og giftarmål, om fråvær og lengsler. Om barnefødslar som gjekk gale, barnefødslar som gjekk godt, om familien sin suksess, om mannen sine utroskap, om rastløyse, nye ekspedisjonar, fram til Eva døydde i 1907.

Alt akkompangert av songen; som i dette programmet var usedvanleg raffinert vevd saman med historia. I Gericke og Hadland si framsyning, var det nesten som romansane omhandla Nansen meir enn noko anna – som om dei var komponerte inn i denne songaren sitt liv.


Eva Nansen, Foto: Elliott & Fry, London / Nasjonalbiblioteket

To ulike opplevingar
Og det er kanskje ikkje så rart: Nansen hadde nær kjennskap til komponistar og tonesetjarar. Ho urframførte fleire av romansane, og dessutan Grieg sin songsyklus ”Haugtussa” i 1899.

I det tidrette lokalet lukkast Gericke og Hadland settja tida attende. I den halvtørre, intime stova, fekk me komma nært på mimikk og diksjon, og på publikummet for øvrig – medan pianoet klang sjarmerande gamalt, upolert og med sjel.

Med det nostalgiske friskt i minnet, er det umogleg å ikkje ha 1800-talet med seg inn i lyttinga til det innspelte resultatet. Skulle ein ynskt noko for denne musikken, var det kanskje at den oftare fekk plass i slike heimlege atmosfærer, i like gode tolkingar som denne.

Om plata isolert sett – med større romklang, ei stemme som kling vaksnare og meir polert – neppe kan utstråla den same heimslege atmosfæren, byd den på solide tolkingar av eit stort repertoar. Dei er på linje med fjorårets romanseutgjeving frå Solveig Kringlebotn, men med meir mystiske valørar, og om mogleg ein varmare lét?

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: