Med lisens til å tolke
Erlend Skomsvoll rører seg fritt mellom klassisk og jazz på Trondheim Kammermusikkfestival.

- Eg tilhøyrer eit miljø der musikarane og store delar av publikum har eit referansespekter som ikkje har noko med sjanger å gjere, seier komponist, pianist og arrangør Erlend Skomsvoll, som ikke har noe problem med å sjonglere med sjangeruttrykkene.


Les også: Trendy kammermusikk


Bredt sjangerspekter
Til årets Kammermusikkfestival i Trondheim har Skomsvoll arrangert jazzstandardlåtar fra Come Shines repertoar for Trondheimsolistane,og klassiske stykker for Trondheim Jazzorkester.

Sett vekk frå NTNUs 100-års jubileumskonsert i fjor har Come Shine hatt ei lang pause på andre halvdel av 2000-tallet. I den perioda har Skomsvoll fått eit breidt spekter av prosjekt og verk å sjå tilbake på. Alt frå sitt eige rekviem og slagverk-konsertar, til “Skomsvoll vs. Aleksandersen”, der han arrangerte fleire av låtar Åge Aleksandersen og framførte dei saman med jazzlinja i Trondheim.

Come Shine og Trondheimsolistene på NTNUs jubileumskonsert 2010.

- Eg synest at dei ulike sjangerane har like mykje med lynne og sinnstemningar å gjere – at musikken er eit fargespekter på samme måten som eit menneske er det, fortel Skomsvoll.
Han likar å benytte seg relativt fritt av ulike stilartar, blande dei med sin egen stil og skape ei elastisk materie.

- Men det er klart at med Come Shine er det ikkje gitt at ein skal spele kva som helst. Likevel er der referansar til både Steve Reich og Stravinskij – i tillegg til dei mange ulike jazzreferansane.


Jazz som filosofi
Skomsvoll opplever det som ein fordel å komme frå eit jazzmiljø.

- Det er fordi eg opplever jazz meir som ein filosofi enn ein teknikk, og det gir meg fridom til å tolke. I Noreg har vi eit relativt ungt jazzmiljø utan like sterke konvensjonar som dei til dømes har i Statane, meiner han.

Han meiner det er eit samfunnsansvar å ta vare på denne fridomen.

- Dersom ein er veldig glad i ein musikksjanger, eller ein religion for den saks skuld, er det fare for at ein kan bli overbeskyttande. Då kan den bli sementert og ein kan tape noko av dynamikken.


Les også: Jazzer opp Åge


Gehørsbasert omarrangering
I årets prosjekt med Trondheim Jazzorkester har han prøvd å nulle ut alle konvensjonar. Ein av teknikkane han tek i bruk er å lage arrangement som er gehørsbasert og ikkje lest ut av eit partitur.

- Lat oss seie at du høyrer ein fin melodi, går heim og spelar den på piano og legg på akkordar. Og så framfører du det. Det er ein spennande måte å jobbe på, som gjer at ein kan angripe musikken meir intuitivt, fortel han.

Mandag opptrer Skomsvoll med Come Shine og Trondheimsolistene. Fredag er Skomsvoll musikalsk leder når Trondheim Jazzorkester spiller klassiske og moderne stykker fra kunstmusikkens kanon. Detaljene finnes i programmet til Kammermusikkfestivalen.

Av Olav Opsvik Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Jazz, Genre\Classical