Musikkvideoar på festival
Bergen internasjonale filmfestival har teke på seg oppgåva å kåre den beste skandinaviske musikkvideoen frå 2009 og 2010.

Etter at den banebrytande musikkanalen MTV opna dørene i 1981, har musikkvideomediet engasjert og provosert i ein heil generasjon. I tillegg til å vere ein eineståande promoterings- og marknadsføringsstrategi for artistar og plateselskap, har også den estetiske funksjonen til musikkvideoen hausta mykje merksemd.


Fusjonerte uttrykk
Michel Chion, ein kjend teoretikar innanfor audiovisualitet, seier ”We never see the same thing when we also hear; we don’t hear the same thing when we see as well”. Denne utsegna speglar oppfatninga av at musikkopplevingar vert utvida når ein fusjonerer lyd og bilete. Musikkvideoen vi dermed endre musikkopplevinga, og leggje til eit ekstra sett med fortolkingsmoglegheiter. Ettersom denne funksjonen verkar forlokkande både på musikarar og filmskaparar, har no også filmentusiastar byrja å rangere musikkvideoar, men mogleg frå ein litt annan estetisk ståstad enn musikkjournalistar.


Vektlegg filmkunstnariske kvalitetar
Jan Ingar Grindheim er ein av dei som har arbeida med musikkvideoar i forkant av Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF). Han kan fortelje om ein tidkrevjande utveljingsprosess.

- Vi byrja prosessen med å kontakte musikkjournalistar i både Noreg, Sverige og Danmark for å få anbefalingar, og for å få auka oversikt. Vi har gjort grundig research, og orientert oss om kva videoar som har fått merksemd i presse og bransjemiljøet. Juryen vår er samansett av representantar både frå filmskapingskretsar og musikkretsar. Sidan vi er ein filmfestival, vektlegg vi filmkunstnariske kvalitetar. Musikkvideohandverket handlar om å skape ein best mogleg heilskap for sjåaren, så dei flinkaste filmskaparane er dei som greier å fange stemninga i songen med bileta sine, og slik skape ein større heilskap.

Her er ein av dei nominerte videoane, til Casiokids sin song "En vill hest":


Norsk kvalitet
Om ein ser på dei mest omtala musikkvideoane i formatet si relativt korte historie, kan det nok seiast å vere ein samanheng mellom merksemd og økonomisk støtteapparat. Eit døme på dette er Michael Jackson sin verdskjende ”Thriller-video”, som så tidleg som i 1983 hadde eit budsjett på $500.000 Mykje har imidlertid endra seg sidan 1983, og Jan Ingar Grindheim meiner norske musikkvideoar utmerkar seg trass i avgrensa midlar.

- Eg vil absolutt seie at det har dukka opp mange nyskapande, originale og spannande norske musikkvideoar dei siste to åra. Dette tyder jo på at formatet lev i beste velgåande her til lands.

- Har norske musikkvideoar god nok kvalitet til å utmerke seg internasjonalt?

- Absolutt, noko til dømes Donkeyboy- videoen til ”Ambitions” har gjort. Takka vere internett kan også meir ukjende artistar og filmskaparar få merksemd utanfor landegrensene om dei har kreative videoar. Ein bør nok likevel tenkje annleis for å gjere seg synleg. Det skal godt gjerast å konkurrere med budsjetta til internasjonale produksjonar.


Inspirert av norsk kultur
Det blei laga ein ny musikkvideo til "Ambitions" da låten skulle lanseras i England, sidan plateselskapet der ønska ei anna profil for bandet. Det likevel ikkje utan grunn at Grindheim trekk fram ”Ambitions” som eit godt døme. Denne videoen er nemleg ein av dei fem norske nominerte, og regissøren Kristoffer Borgli, har også kvalifisert seg til lista med ein video til, Casiokids sin ”En Vill Hest”. Ein av fellesnemnarane hjå dei norske nominasjonane, er at alle verkar å ha eit eller anna fokus på norsk kultur. Borgli kan fortelje at den norske kulturen inspirerer han.

- Eg trur det er noko med det litt kalde forstadspreget som inspirerar meg. Ein kan fort bli litt aleine i ein norsk forstad. Eg likar godt den nordiske utsjånaden med tilhøyrande uttrykk. Fleire av dei andre nominerte gjev også innblikk i norsk kultur, men deira videoar er kanskje meir samfunnskritiske enn mine. Eg er meir oppteken av den reine, rike og einsame forstaden. Den er kald, men veldig fin.

- Har dette vorte ein stilistisk signatur for deg?

- Det å vise ein idyll med noko som er forvrengt, har blitt ein slags signatur. Eg nyttar dystre halvabsurde element, ikkje røyndomsnære historier.


Konsept versus performance
Ein annan fellesnemnar blant alle nominerte, er at dei utfordrar dei stilistiske rammene for musikkvideomediet. Av dei til saman femten nominerte, har majoriteten nytta stilistiske verkemiddel som ligg tettare opp til kortfilmtradisjonen. Denne tendensen gjer seg sjølvsagt også gjeldande utanfor Skandinavia, og eit godt døme er M.I.A-videoen ”Born Free”. I denne videoen ser vi aldri verken instrument, utøvar eller publikum. Musikken fungerer heller som eit lydspor til filmen.

Med denne trenden i bakhovudet vert det nærliggjande å spørje seg om hovudrolleinnehavar i musikkvideouniverset har gått frå å vere musikar til å verte filmskapar. Trass i trenden trur Jan Ingar Grindheim frå BIFF, at musikken spelar ei avgjerdande rolle for uttrykkskrafta til det ferdige produktet. - Musikkvideoen skal jo foreine musikk og bilete til eit større produkt, så ein ville miste ein vesentleg del av heilheita om ein skrudde av lyden. Vi kjem til å diskutere nettopp dette med konsept- versus performancevideoar i etterkant av utdelinga. Det er ein interessant debatt. Som nominasjonane gjenspeglar, er det populært med konseptvideoar om dagen. I motsetnad til den tradisjonelle videoen med fokus på artist og performance, er konseptvideoen lagt opp slik at musikken fungerer som lydspor til ein visuell ide.

- Kva trur du er grunnen til oppblomstringa av konseptvideoen?

- Ein grunn kan vere at fleire og fleire dyktige filmskaparar har sett moglegheita til å utvikle idear innanfor musikkvideomediet, idear som kanskje ikkje hadde fungert like bra i andre format.


Framleis fengande?
Spørsmålet er om publikum i 2010 er vortne blaserte, eller om musikkvideoen framleis kan engasjere og provosere like mykje som tidlegare. Dette er ikkje filmskapar Kristoffer Borgli i tvil om.

- Det trur eg heilt sikkert. Det alltid morosamt å utfordre publikum litt, noko eg har prøvd å gjere i den nyaste musikkvideoen min, til Serena Maneesh, som vart lansert denne veka. Her vert eg litt slemmare, men har framleis ein fot i den norske kulturen.

Her er videoen til Serena Maneesh' låt "D.I.W.S.T.T.D":

Serena-Maneesh - D.I.W.S.W.T.T.D. from Kristoffer Borgli on Vimeo.



Bergen Internasjonale Filmfestival går av stabelen 20.-27. oktober. Vinnaren vil verte kåra av ein jury beståande av Frøydis Moberg (Young Aspiring Professionals Records), Øystein Fyxe (Musikkvideoregissør og fotograf) og Erik Kydland (Redaktør i ENO). Meir informasjon, samt dei nominerte, finn du her.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Debate, Festivals, Genre\Popular Music, Interviews, Awards