Sølvbergs avskjedstale
I sin avskjedstale til Representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans sa Arve Sølvberg blant annet om ”oppbyggingen av parallelle strukturar på organisasjonssida”: - Tida vil vise om det framleis skal vere konkurrerande samarbeid, eller om dei unge nytilkomne lagsfolka utan sår stridssoge i blodet heller vil ha begge beina samla i ein organisasjon enn framleis stå med eit bein i kvar.
Bygda danser_Lea de, oppland 2007 (Foto: Silje Onstad Hålien) (400x323)

Av Bjørn Hammershaug

I sin siste tale som rådsleder for Rådet for folkemusikk og folkedans la rådsleder Arne Sølvberg en del vekt på organiseringen av folkemusikkfeltet:

- Frå tid til anna blomstrar det opp debatt om organiseringa på folkemusikk- og folkedansfeltet. Alle organisasjonar oppstår vel helst fordi fleire personar samlast om felles kamp for eit eller anna. Men er det ikkje då nokså naturstridig i det heile å samle folkedansarar og folkemusikarar i organisasjonar, sidan det i desse aktivitetane ligg sterke, naturlege element av innbyrdes tevling. Drivkrafta er vel nett det å framføre noko som kan gje nye opplevingar, og då må det hentast fram dei finaste og helst lite brukte perlene frå tradisjonen.

Sølvberg grep fatt i Arnestad-rapporten som utgangspunkt for mye av sin argumentasjon:

Arnestad-rapporten: Dansen i krise

- Sjølvsagt kan det seiast mykje om Arnestad-utgreiinga, noko det og vart gjort då ho kom. Georg Arnestad er kjend som ein fritalande mann utan sterke filter. Denne gongen og skreiv han ymse som var tungt å svelgje for somme, og dermed vart utgreiinga (eller berre einskilde kapittel i den) lagt til sides til det er tid for å lage ei ny og vone at den teiknar anna kart og gjev andre tilrådingar. Men ein del av Arnestad sin analyse burde framleis vere høgst aktuell og kjennest absolutt ikkje forelda. Hans varsku om dansen i krise tykkjest like aktuell, og burde ha gjeve store utslag på statsbudsjettet med ja til framlegg på folkedanssøyla i fellesdokumentet Tradtak.no. Noregs ungdomslag og andre danseaktørar sine tilbod om satsing burde vore tekne imot med opne armar i departementet, sjølvsagt med store løyvingar som takk. Til dette krevst nok ei langt sterkare samling om felles prioritering frå vårt eige felt enn vi hittil har makta.

Parallelle strukturer

- Eit anna varsku frå Arnestad var at ein burde hindre oppbygging av parallelle strukturar på organisasjonssida, sa Sølvberg:

- Dette var ei åtvaring som ikkje hittil har vorte teken på alvor. Men nyleg kom som før nemnt signal om ny utgreiing om LfS og NFD som vil sjå på sine rollefordelingar. Og så vil tida vise om det framleis skal vere konkurrerande samarbeid, eller om dei unge nytilkomne lagsfolka utan sår stridssoge i blodet heller vil ha begge beina samla i ein organisasjon enn framleis stå med eit bein i kvar.

- Er det nokon som verkeleg burde sjå på organisatorisk samarbeid, så var det LfS og NU. Men i iveren etter politiske samordna utspel på musikksektoren har LfS og NFD slege seg i lag med rocken og jazzen i Samstemt, medan NU står att på sidelina, fortsatte Sølvberg.

Tradtak

Den avtroppende rådsleder fremhevet samarbeidsdokumentet Tradtak som NU (Norges Ungdomslag), LfS, NFD og Rff nylig leverte i en oppdatert versjon til departementet som positivt:

- I fellesdokumentet Tradtak.no har dansen fått den sentrale plassen, eller rettare sagt den rettkomne halvdelen av dokumentet som den fortener. Vi slit framleis med å få dansen definert som ein del av musikken i det organisatoriske musikk-Noreg. I Musikkverkstad-ordninga lyt dansen framleis lurast inn som underordna del av eit musikkurs, sjølv etter høgrøysta og klåre protestar frå folkedansarane på seminar om emnet for fleire år sidan på Røros. Vi som er talsmenn for sjangeren vår bør ha ei konsekvent haldning i alle samarbeidsforum, anten det no heiter Samstemt, Tradtak.no eller for den saks skuld Riksscenen, ved heile tida å minne om at folkedansen nærast er uskiljeleg frå folkemusikken.

Sølvberg trakk også frem Ole Bull Akademiet og deres studieprogram i både instrumental og vokal folkemusikk. Han mente det ville vært ideelt å legge et utøvende dansestudie inn som en utvidelse av eksisterande studium på Ole Bull Akademiet i et tett samarbeid med landets fremste fagmiljø på folkedans ved Rff-sentret.

Budsjettet

Sølvberg rettet også et spark mot de politiske prosesser, der de grunnleggende satsninger ofte blir taperne:

- Vi har etter kvart vorte herda til å ta imot Statsbudsjettet utan å sjå særleg positive svar på budsjettsøknadene våre. Det er tydelege signal på at dei store satsingane med pressedekning og synlege sluttresultat er lettare å få pengar til enn det grunnleggande, men meir usynlege arkiv-, forsknings- og studiearbeidet. I denne fireårsbolken er det tre prosjekt som skil seg ut med store statlege satsingar, vel og merke store etter vår sjanger sin målestokk, sa Sølvberg, og trakk frem Førdefestivalen (knutepunktstatus), Riksscenen og Bygda dansar.

For hele denne langt mer omfattende talen, les den i sin helhet på rff-senteret.no.

Av Bjørn Hammershaug Foto/illustrasjon:
Debate, Genre\Folk / Traditional, Conferences / Seminars, Organizations, Politics