Uavhengig kunst?
Kva som er nyskaping, og kva som er målet for kunsten var spørsmål som kom opp når ein ved Førdekonferansen diskuterte kultur og innovasjon.

Av Ida Habbestad, Førde

Førdekonferansen sitt siste innslag var ein debatt mellom kulturredaktør i Bergens Tidende (BT), Jan Landro, operadirektør Tom Remlov, dansar Hallgrim Hansegård, prosjektleiar i Pikene på Broen Evgenia Egorova og kulturrådsmedlem Arnfinn Bjerkestrand. Debatten var leia av Georg Arnestad.

Jan Landro fekk det første spørsmålet; om han ser det som noka oppgåve for BT å fremja innovasjonen i kunsten i Hordaland.

- Vår oppgave er ikke primært å være et redskap for noe som helst. Vi skal følge kulturlivet kritisk men gjerne oppmuntrende, svarte han, og la til at avisa neppe virkar fremjande for innovasjon.

- Det har primært sammenheng med at vi med årene kanskje er blitt litt for opptatt av rating, og skjeler til hvor mange som kan være interessert i å lese det vi skriver om. Og det er nok ikke det nye og ukjente, med mindre det har et sexy anstrøk, svarte han.

Operadirektør Tom Remlov uttrykte semje i at innovasjon ikkje er media si oppgåve.

- Et samfunn får det media det fortjener til enhver tid. Det de får fra oss er det som former dem. Media er underlagt samme typen dilemmaer som andre: å få flere publikummere er et mål på suksess. Det er det politikere og byråkrater ønsker seg, til en viss grad også pressen og kommentatorene. Institusjonenes oppgave er å se litt forbi dette, se hva som kommer til å generere målstreken, og gi publikum det de ikke visste de ville ha.


- Problematiske vilkår frå staten
Tidlegare i konferansen var det nemnt eit ynskje om at kunstnarane må kompromissa og verta meir kommersielt orienterte for å nå fram. Georg Arnestad henta fram påstanden – og lurte på kvifor det ikkje var nokon som protesterte dagen før.

- Er det ikkje eigentleg slik at kunsten må vera kompromisslaus – kan god kunst skjele til kva marknaden vil ha, spurte han Bjerkestrand.

- Kulturrådet kompromisser ikke på kvalitet, svarte Bjerkestrand. – Det gjelder uansett sjanger, så må feltene selv utvikle det kvalitetsbegrepet man skal ha. Der har kunstartene forskjellig historie.

Han understreka at kunstnarane gjerne må ta den utfordringa som kjem frå næringslivet.

Hallgrim Hansegård peika på at kunstnarar til ei viss grad alt gjer dette ved å la middel frå kommersielt finansierte produksjonar skapa dei smalare, meir eksperimentelle stykka.

- Men me har komme til eit vegskilje der me diskuterer om me skal ha meir kommersielle produksjonar i botnen for å finansiere det andre, sa han.

Han understreka at det for musikarar kanskje mindre problematisk enn til dømes på kunstfeltet om midlane kjem frå næringslivet, så lenge det ikkje vert stilt for sterke føringar til dei.

Til dette kunne Jan Landro innvenda at det er like problematisk – dersom ein ynskjer seg ein fri kunst – at staten knytter betingelsar til løyvingane sine.

- Det du får frå staten er det alltid tilknyttet betingelser til. Man snakker om måloppnåing, der alle kriterier er definert av departementet. Dette er et problem i kulturlivet som få er villige til å snakke om, sa han.


Stadig innovasjon med digitale løysingar
Tom Remlov peika elles på at ordet innovasjon har mange sjatteringar og at det å vera nyskapande omfattar meir enn å tinga nye verk – som operaen den siste tida har møtt mykje kritikk for ikkje å ha stort nok fokus på.

- Det er en på mange måter en rettmessig kritikk, sa han, men peikte vidare på at det òg ligg ei form for innovasjon eller nyskaping i å setja opp kjende verk på nye måtar – slik Stefan Herheim si oppsetjing av Wagners «Tannhauser» var døme på denne sesongen.

Eller overføringa av framsyningar direkte på operataket, og høva som etterkvart kjem med digitalisering og direkte eller overføringar av framsyningane.

- Det er min påstand at det vil føre til nyskaping i seg selv; det er ingen av oss som vet hvordan dette vil komme til å se ut i fremtiden. Digitalisering gir enorme muligheter, og det er ingen grunn til å være redd for det, sa Remlov.

Arnfinn Bjerkestrand fekk mot slutten spørsmål om det mellom offentlege løyvarar samt sponsorane og ordningar mellom desse til saman er nok aktørar som finansierer kunst.

- Jeg er opptatt av at fellesskapets bidrag skal være så høyt som mulig fordi det avspeiler hvilket samfunn vi ønsker å ha, svarte han.

Han la til at statleg stønad òg hjelper dei ulike aktørane med å finna sponsorar:

- Jo større statens bidrag er, jo lettere vil man få andre aktører på banen, sa Bjerkestrand som peika på tre område han meiner er til hinder for innovasjon i kunst og kulturnæringar; dikotomiane sentrum-periferi, amatør-profesjonell samt konkurransen mellom sjangrar.