Mangfaldige bidrag i Mangfoldsåret
PROGRAMLANSERING: I dag lanserte kulturminister Trond Giske og nasjonal koordinator Bente Møller det foreløpige programmet for Mangfoldsåret 2008. - Det viktigste målet er ikke at hjemmesidene blir fylt med aktiviteter dette året; den viktigste målestokken på om vi har lykkes er om også 2009 og 2010 blir reelle mangfoldsår, sa Giske under konferansen.
Mangfoldsåret 2008, logo (300x167)

Av Ida Habbestad

”Kulturen antar forskjellige former gjennom tid og rom. (…) Som kilde til utveksling, fornyelse og kreativitet er det kulturelle mangfold like nødvendig for menneskeheten som det biologiske mangfold er for naturen”.

Sitatet er henta frå UNESCO si universelle erklæring om kulturelt mangfald frå 2001, og vart nytta i Stortingsmelding nr 17 som eitt av fleire utgangspunkt for Mangfoldsåret 2008.

I dag var programmet for kommande år lansert, og i talen sin trekte kulturminister Trond Giske fram dette, samt tilsvarande sitat - ikkje minst nytta under det svenske Mångfaldsåret 2006 - for å belysa motivasjonen bak den norske versjonen.

- Ideen med mangfoldsåret er at vi skal lære oss hva et reelt flerkulturelt samfunn betyr, sa Giske, og peikte på korleis det å forstå verda me lever i krev omstilling i enkeltpersonar og intitusjonar sin tankegang, og at ein tek tydelege val i kulturlivet.

Bidrag frå alle?

Det overordna målet er altså at kulturlivet i Norge frå år 2008 og framover skal gjenspegla eit større kulturelt mangfold enn kva det gjer i dag. Samtlege aktørar på feltet er oppfordra til å komma med sine bidrag – ikkje minst gjennom tilskotsbreva der det går fram at kulturelt mangfald er mellom kritieria dei vil bli vurderte etter.

I Mangfoldsåret 2008 er det aktørane – kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre – som gjennomfører tiltak og aktivitetar, medan Mangfoldssektretariatet utarbeider strategiar, gjev råd, koordinerer og legg tilrette for samarbeid.

Denne fordelinga medfører imidlertid ei utfordring for sekretæriatet: Utan eigne konkrete programsatsingar eller større overordna føringar vart programlanseringa nokså lite konkret - og det var ikkje noko oversiktleg bilete me fekk over programmet for Mangfoldsåret 2008 i dag.

Snarare fekk me gjennom ei rekkje døme inntrykk av kva ulike aktørar – som Det Norske Teatret, Dansens Hus, Oslo Byarkiv, Oppland Arkiv, biblioteka i Østfold med fleire – på kvar sine vis vil bidra med, og eit tydeleg inntrykk av at Mangfoldsåret nettopp vil bli innhaldsrikt og mangfaldig.

Kanskje var denne belysinga av mangfald eit godt poeng i seg sjølv, men likevel var mangelen på overordna linjer, enkeltståande prioriteringar, område for debatt eller liknande, eit sakn under pressekonferansen. For i det store og overveldande myldret av innslag og begivenheter treng ein hjelp til å orientera seg.

Multi-kulti, Indiske strømninger og Det Norske Kammerorkester

Ikkje desto mindre var det imponerande å gå inn på nettsida, www.kultureltmangfold.no – som i november hadde over 300 000 besøkande – og klikka seg inn på programkalenderen for ulike sjangrar som dans, musikk, teater, museum, idrett, kunst, bibliotek/arkiv/litteratur, film/media – og vidare.

For Ballade er det musikalske programmet av størst interesse, og på nettsidene finn me 12 sider med innmelde arrangement, dei første fem sidene med arrangement gjennomført i 2007, i dei sju neste oversikta for neste år.

Dei kommande arrangementa spenner frå enkeltkonsertar til festivalar som Latinfestivalen i Trondheim, Musikkfest i Oslo 2008 og Førdefestivalen. Her er òg Multi Kulti-konsertar, Ungdomskonferansen 2008 med temaet Band Crossing Borders, Global Oslo Music (produksjonseining for fremje av den nye generasjonen av crossover-musikk), Urban World, men mest av alt: skulekonsertturnèar.

Mellom dei få arrangementa som skiljer seg ut som større satsingar, er ”Indiske Strømninger” som går føre seg i Trondheim i perioden 15. mars-30. september. Med forbehald om støtte til gjennomføring, lovar musikarar fra India og Norge heile 360 konsertar i Trondheim på instrumenta sarod, sarangi, sitar, bandsuri og indisk inspirert song.

For øvrig merkar me oss at dei to einaste orkestra på lista så langt er Trondheim Symfoniorkester som skal på to skulekonsertturnear (program ikkje oppgitt), samt Det Norske Kammerorkester som med Atle Sponberg, Sverre Indris Joner og solistar frå Sør-Amerika, framfører musikk frå Havanna i nord til Buenos Aires i sør under tittelen ”Latin-Amerika er mer enn tango”.

Langsiktig satsing

Kan ein så trekkja ut nokre hovudlinjer frå dette?

Me kunne gjerne ønskt oss fleire innslaga av same art som "Indiske Strømninger", der det i større grad er lagt vekt på å gjera ein skilnad. Og me kunne ønskt oss nokre overordna trekk å orientera etter. Foreløpig er Mangfoldsåret 2008 stort og uhandgripeleg – men vil truleg verta klårare når det manifesterer seg ved opninga i Stavanger, 12. januar.

Samstundes er formålet kanskje heller enn å tenkja éin klår profil eitt anna, uttrykt av Trond Giske i dag:

- Det viktigste målet er ikke at hjemmesidene blir fylt med aktiviteter dette året; den viktigste målestokken på om vi har lykkes er om også 2009 og 2010 blir reelle mangfoldsår, sa Giske under konferansen.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional\Ethnic, Genre\Folk / Traditional\World / Crossover