- Mentor og inspirator
Manfred Eicher trakk ECMs musikk fra strømmetenestene. No hyller TONO han som ein "kommersiell inspirator av dimensjoner".

I tillegg til at anerkjente ECM er årets “Label in Residence” under Moldejazz, besøkte grunnleggjaren av selskapet, Manfred Eicher, festivalen for å ta i mot TONOs formidlingspris. Eicher tek i mot prisen for 40-års formidlingsinnsats for norsk musikk i utlandet.


 - Eicher er ein sjeldan kombinasjon av ein musikkdirektør og kreativ produsent. Etter å først ha spelt ei stor rolle i å plassere konseptet “nordisk jazz” på det internasjonale musikk-kartet, har Eicher i seinare tid presentert høgt profilerte utgivingar innanfor eksperimentell, klassisk samtidsmusikk, forklarte juryleder bak TONO-prisen, Synne Skouen.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


- Modig trekk
I vår gjekk ein debattrunde på Ballade etter at ECM trakk musikken sin frå strømmetenestene.

Juryleder Skouen sa i sin tale at Eicher "både kunstnerisk og kommersielt framstår som ein inspirator og mentor av dimensjonar".

- Eicher får prisen for si kompromisslausheit. Dette med å trekke seg fra Spotify og WiMP er noko mange små selskap kunne tenkje seg, men som dei ikkje tør fordi situasjonen er usikker. Det er en drastisk måte å reagere på, men han foretek seg noko som koster noko. Det krev noko å ha eit standpunkt, å vere konsekvent, seier Skouen til Ballade.

- Det handler ikkje berre om penger. Det handler og om lydkvalitet, det er viktig for Eicher som både er musikar og produsent. Ein har ansvar for alle sider av musikken.


Typisk Eicher
Ho synes ikkje ECMs uttrekning frå Spotify og WiMP og er å trekke seg ut av debatten.

- Han
meldar seg inn i debatten. Dette er verkeleg å argumentere. Det er typisk for Eicher. Han er modig og spissar debatten. Han viser at det er andre måtar å formidle på enn å følge den kommersielle straumen. Der er kvalitetsbevisste lyttarar der ute, og Eicher stoler på at dei finn fram til musikken.



Les også Susanna Wallumrød: Trenger ny forretningsmodell



- Har ikkje trekt noko
 - Vi kan ikkje gi bort musikk gratis, forklarar Eicher i Molde.

- Folk må bli gjort klar over at vi ikkje vil tene masse pengar for jobben vi gjer, men vi ynskjer oss i alle fall eit grunnlag å ta med vidare.

Eicher meiner han aldri har gått med på å gi ut ECM-materiale til strømmetenester.

 - Vi har ikkje trekt ut noko vi har gitt, for eg visste ikkje ein gang at vi var med. Nokon i distribusjonen har gått med på ein avtale eg ikkje meiner var riktig.


Les også: ECM-artist Tord Gustavsen har delte meninger om ECMs beslutning


Kunsten å lytte
Eicher distanserer seg tydeleg frå dei store plateselskapa når det kjem til distribusjon.

 - Dei store selskapa gir vekk desse rettigheitene som ei slags promotering. Eg veit framleis ikkje korleis alt dette fungerar, men eg trur at vi selger oss ut om vi gjer dette. Dei manglar idear, og tenker kun på marknadsføring og slike ting som vi ikkje vil tenke på.


Ikkje redd for å miste publikum
Samtidig som Eicher innser at vi er inne i ei ny tid med nye generasjonar av lyttarar, er han ikkje redd for å dette av lasset eller miste publikum.

 - Det kan hende det er slik at vi ikkje når alle vi kunne ha nådd ut til, men dei som verkeleg vil høyre musikken vår, får det. Der er ei aukande interesse blant folk for å gå grundigare inn i musikken og sjå kva som rører seg. Eg har tru på at desse lyttarane alltid vil finne musikken vår, forklarar han.

Eicher vil snu om på logikken i debatten.

 - Det handlar om korleis vi gjer oss sjølve tilgjengelege for musikken, ikkje korleis plateselskapa gjer den tilgjengeleg for oss. Eg tilbyr ikkje ei teneste. Eg får musikken ut, og så må folk yte ei teneste for seg sjølve og prøve å bli meir opne.


Les også EMIs salgssjef om "det forbrukeren vil ha"


Takka TONO
Eicher benytta høvet til å takke TONO og liknande organisasjonar for jobben dei gjer for å sikre interessene til rettigheitsinnehavarar i musikkbransjen.

- I eit klima der piratkopiering blir eit problem, og musikken visnar bort, fordi den tilsynelatande ikkje kostar noko, er det fint å ha organisasjonar som TONO som sørger for at rettigheitane til innehavarane er respektert.

Av Linn Carin Dirdal og Olav Opsvik Foto/illustrasjon: og
Debate, Festivals, Genre\Jazz, Interviews, Streaming