Ny og nyskapande Opera
INNLEGG: Tirsdag var det debatt på Stortinget etter at Venstres Trine Skei Grande tok opp satsingen på ny opera. May-Helen Molvær Grimstad (KrF), leder i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, bidro med dette innlegget: - Eit operabygg åleine er ikkje nok til å skape ein kulturnasjon. Men med det nye bygget har vi teke eit nytt og veldig viktig steg i ei riktig retning, innledet Molvær Grimstad.
May Helen Molvær Grimstad_3 (Fotograf: Tri Nguyen/KrF) (299x400)




Av May-Helen Molvær Grimstad


Vi kan vere stolte av det nye praktbygget vårt. Fysisk ligg alt no til rette for at operaen i Bjørvika kan bli det kulturpolitiske lokomotivet det er meint å vere. Vegen fram til eit nytt bygg har vore lang. Når bygget no er på plass, må vi ikkje lene oss tilbake og kvile på laurbæra. Tvert imot må vi aktivt leggje til rette for at bygget kan fyllast med variert innhald av høg kvalitet. Ikkje minst må det fyllast med ny og nyskapande opera og ballett.


Frå
eit arkitekturpolitisk synspunkt er Operaen allereie ein suksess. Men det avgjerande for ein kulturnasjon er ikkje om vi maktar å reise eit operabygg, men om vi maktar å fylle det med innhald av høg kvalitet, slik at det blir eit kraftsenter til glede for heile landet.


I familie- og kulturkomiteen
si innstilling frå den gongen operavedtaket blei fatta, sa fleirtalet at eitkvart moderne tidsriktig kulturbygg som ein ny opera er, bør stimulere til nyskaping og tiltrekkje nye og større publikumsgrupper. Fleirtalet meinte den gongen at ein moderne kulturinstitusjon bør gjevast moglegheit til å introdusere nye kunstuttrykk for publikum, slik at huset og innhaldet i det blir opplevd som nytt og spennande. Det er synspunkt vi bør merkje oss også i dag.


Det er særleg fire forhold som eg ønskjer å kommentere spesielt når det gjeld opera og ballett:


For det første
trengst det sterkare satsing på distriktsoperaene. Då det blei vedteke å byggje nytt operahus, gjorde Stortinget også eit anna vedtak. Ein samla komité sa den gongen at parallelt med bygginga av nytt operahus skulle det utviklast opera- og ballettmiljø elles i landet.


I dei ulike regionane skulle det utviklast aktivitetar som skulle vere ein del av ringverknadene av eit nytt operahus. Det har ikkje skjedd i tilstrekkeleg grad. Den nasjonale planen for produksjon og formidling av opera og ballett la til grunn at det skulle skje ei opptrapping av tilskotta til operatiltak rundt om i landet.


Opera er ei spesiell musikkteaterform som for mange kan opplevast som framand inntil dei sjølve har opplevd eller teke del i oppsetningar. Derfor er det viktig at så mange som mogleg får moglegheita til å sjå og høyre opera av høg kvalitet i sitt nærmiljø.


Operaen i Kristiansund er Noregs eldste opera og er den største operaverksemda utanfor Oslo, med status som nasjonalt ressurs- og kompetansesenter for disktriktsopera.


I Bergen har operamiljøet der teke viktige initiativ for å vidareutvikle operamiljøet på Vestlandet. I familie- og kulturkomiteen si budsjettinnstilling i haust var komiteen oppteken av at Regjeringa måtte følgje utviklinga i Bergens operamiljø nøye og vurdere tiltak som sikrar god utvikling. Eg vil understreke betydninga av dette.


For det andre
må det førast ein politikk som inspirerer norske komponistar til å skrive norske operaer. Det må satsast målbevisst på at komponistar og dramatikarar får rammer som mogleggjer nyskaping og fornying av opera og ballett i Noreg.


Norsk Komponistforening, Norsk forening for komponister og tekstforfattere (NOPA, red.anm.) og Dramatikerforbundet har føreslått at det blir laga ein handlingsplan for utvikling av ny norsk musikkdramatikk, og at det blir etablert eit fond der aktørane kan søkje midlar. Fondet ser det for seg som eit spleiselag mellom komponistforeininga og staten. Dette meiner eg er gode innspel.


For det tredje
må støtteordningane til dei frie ensembla vidareutviklast. Det er viktig for rekruttering og nyskaping ikkje berre innan det frie feltet, men òg av omsyn til institusjonane.


Mitt fjerde
og siste punkt går på operautdanninga. Kunsthøgskolen i Oslo tek berre inn fire operastudentar kvart år, og det i ei tid der behovet for topp kvalifiserte utøvarar er stigande over heile landet. Eg har tidlegare utfordra kulturministeren på kva han vil bidra med for å sikre kvalitet og kvantitet innan operautdanninga i Noreg, men spørsmålet mitt blei oversendt statsråden for forsking og høgare utdanning. Eg er klar over at det er Kunnskapsdepartementet som sit med ansvaret for oppfølging av KHIO, men kulturministeren har eit særleg ansvar for å sikre tilfanget av høgt kvalifiserte kulturarbeidarar her i landet. Behovet er aukande både i Oslo og elles, bl.a. ved distriktsoperaene.


Kvaliteten
på operautdanninga i Noreg må styrkast. Det er eit politisk ansvar å sørgje for eit fullverdig kvalitetstilbod i Noreg på høgd med det ein for eksempel har i Danmark.


Kunsthøgskolen
i Oslo planlegg no i samarbeid med Den Norske Opera og Norges musikkhøgskole ei ny operautdanning. Eg håpar at dette vil styrkje rekrutteringa av høgt kvalifiserte operasongarar i Noreg. Ikkje minst treng vi høgt kvalifiserte utøvarar som meistrar nye og krevjande samtidsuttrykk.


May-Helen Molvær Grimstad er leder i familie- og kulturkomiteen på Stortinget og representerer Kristelig Folkeparti.


Les interpellasjonen fra representant Trine Skei Grande (V) og den påfølgende debatten som inkluderte kulturminister Trond Giske (A), representant Tove Karoline Knutsen (A) og May-Helen Molvær Grimstad (KrF), på
denne lenken.


Genre\Classical\Opera / Stage Music