Norge manglar ikkje musikk med høg kvalitet – men opne, dyktige, uavhengige journalistar og redaktørar.
KOMMENTAR: - Det er frigjerande å lesa Marit Karlsen sin kommentar til såkalte musikkjournalistar som meinar at plateåret 07 var svakt. I mine auge er Moslet og Slettemark knapt nemninga journalist verdig, innsausa som dei er i det kommersielle mediesirkuset både på eigarsida og ved si deltaking i konkurransar i musikk – av ulikt slag, på og i ulike kanalar, over alt, heile tida. Dette skriver Karl Seglem i NORCD.
Karl Seglem_stor07(Foto: Oddleiv Apneseth) (330x)

Av Karl Seglem, NORCD

Eg vil skriva under på og støtta Marit Karlsen i alle hennar synspunkt, og det er prisverdig at ei dame som sjølv sit som portvoktar i diverse styrer og komitear skriv det ho skriv.

For det handlar i langt større grad om mangelen på kompetente, fordomsfrie og såkalt uhilda journalistar som brenn for musikk – av ulik sjanger, enn at det vert produsert dårleg musikk, eller at plateselskap ikkje slepp til debutantar. Vidare manglar vi oppegåande kulturredaktørar som ikkje undervurderar sine lesarar ved å ha klare formeiningar om “kva folk vil ha”, kva som er populært osb.

Det kan stadfestast – også frå oss som arbeidar i utkanten av såkalt populær musikk, med meir nisjeprega utgjevingar i jazz og folkemusikkland, at det er vanskelegare enn nokon gong å bli spelt på radio og/eller fjernsyn. Og det er minst like vanskeleg som alltid, å få til eit intervju med alt frå debutantar til artistar som gjev ut sitt tredje album.Både i aviser, tidskrift og i radio/tv.

Hadde kvaliteten på norske journalistar vore like god som på den norske musikken hadde vi hatt daglege musikksider i dei største avisene med omtalar, intervju og kritikkar. Sjå berre kor mykje plass bøker og litteratur får i dagens norske aviser. Dette avdi det finst mange svært litteratur-interesserte og dyktige journalistar – og redaktørar.

Det finst ikkje oppegåande musikkjournalistar. Det finst ikkje redaktørar som meinar det er viktig å presentera heilt ukjente namn i norsk musikk, eller som vil gje ein journalist tid, rom og lønn, til å gjera ein skikkeleg jobb. Jau - det finst nokre utruleg få unntak, men eg misunner ikkje desse journalistane og deira arbeidsituasjon.

Det finst også nettstader som er i forkant, der kanskje den største kompetansen no er samla. Ballade framstår som viktig og vi får håpa at deira uavhengige og uredde stil i forhold til å ta opp debattar og skriva kritiske platemeldingar og konsertomtalar held fram.

Mest urovekkande er det å vera vitne til den forvitringa NRK gjennomgår der det, som Karlsen påpeikar, er NRK-representantane som alltid i debattane snakker om lyttartall, medan det er representantar frå norske plateselskap som snakkar om mangfald og NRK sitt ansvar for formidlinga av norsk og norsk-språkleg musikk.

JA: NRK misbrukar omgrepet om allmennkringkasting i større og større grad: Det finst folk som vil ha goth, jazz, metal, folkemusikk, opera, fri impro, computer-musikk, gammaldans, samtidsmusikk og “you name it” – men i formateringshelvetet som framstår som hakk i plata frå P1 til P3 er alt dette (m.meir) totalt fråverande, under argumentasjonen av at folk flest ikkje vil ha det. Pysete, bleikt, feigt og ufatteleg gammaldags tenking.

Og det er veldig tydeleg – for oss som har arbeida med å gje ut norsk musikk sidan 1991, at det i mindre grad enn før finst folk i NRK som vågar – eller får spelerom, gjennomslag for andre tankar. Lov til å gjera ting annsleis. (Det finst faktisk berre ein mann: P3s alibi!)

Det kan vera freistande å framvisa ei liste over intervjua, omtalane, kritikkane og radiospelelistene vi har fått på våre sju utgjevingar i 2007 (tre debutantar) men eg skal la vera. Det er ikkje særs mykje lesestoff, diverre.

Trøysta og drivkrafta for idealistiske plateselskap som mitt er framleis all den gode norske musikken, alle dei unge dyktige musikarane som dukkar opp, og som det er ei fryd å gje ut.

Innspelingane har kvalitetar som vil finnast lenger enn tida det tek før mediesirkuset skiftar aktørar, og kan heilt sikkert spelast (og skrivast om) den dagen det dukkar opp nysgjerrige musikkjournalistar med opne øyrer.

Heldigvis.

Karl Seglem står bak selskapet NORCD, og er musiker og komponist.

Av Karl Seglem Foto/illustrasjon:
Debate, Press