KKD: "Musikkfeltet er en livskraftig del av norsk kulturliv"
Stortingsmelding nr. 22 (2004/2005) tar for seg det viktige forholdet mellom kultur og næring. Om norsk musikkliv heter det seg at feltet står frem som en livkraftig del av norsk muskikkliv, med mange utøvere på et meget høyt nivå. - Når ein skal vurdere musikk som næring, er det nødvendig å ta omsyn til ulikskapane på musikkfeltet , men utan å leggje til grunn eit sjangermessig skilje mellom kvalitets- og kunstnarisk orientert musikk og marknadsbasert musikk, heter det. Du kan nå lese hele kapittelet om musikkfeltet her på Ballade.

Fra stortingsmelding nr. 22 om kultur og næring, del 1 kapittel 7 - Musikkfeltet:

7.1 Innleiing
Norsk musikkliv står i dag fram som ein livskraftig del av norsk kulturliv. Innanfor eit stort mangfald av sjangrar og uttrykk vert det rekruttert mange unge utøvarar på eit svært høgt nivå. Det systematiske utdanningstilbodet som er bygd opp gjennom friviljug verksemd, kommunale kulturskular og opp til høgskulenivå, er eit vesentleg fundament for denne utviklinga.

Historisk har det vore relevant å sjå på musikk som næring først og fremst innanfor visse sjangrar. Den klassiske og samtidige kunstmusikken og smalare segment innanfor sjangrar som jazz, vise- og folkemusikk er i hovudsak rekna som delar av eit ikkje-kommersielt produksjons- og formidlingssystem for kunstnariske musikkverk der nærings- og marknadsrelaterte aspekt har vore avgrensa og underordna.

Pop, rock og populære delar av jazz-, vise- og folkemusikkfeltet har i motsetnad til dette primært vorte rekna som marknadsbasert musikk. Desse sjangrane har såleis gjeve grunnlag for næringsverksemd tufta på produksjon, distribusjon og konsum av kommersielle musikkprodukt.

I dag gjev ei slik todeling av musikkfeltet mindre meining. Det kan vere like relevant å sjå kunstnarisk kvalitet og kommersielt potensial som ulike aspekt ved all verksemd i musikklivet. Næringsaspektet er ut frå ein slik tankegang eitt av fleire mogelege perspektiv på all profesjonell aktivitet i musikkfeltet. Det betyr sjølvsagt ikkje at eit kvart skilje mellom kunstnarisk og kommersiell satsing er oppheva, eller at næringspotensialet er det same innanfor alle delane av musikkfeltet. Når ein skal vurdere musikk som næring, er det nødvendig å ta omsyn til desse ulikskapane, men utan å leggje til grunn eit sjangermessig skilje mellom kvalitets- og kunstnarisk orientert musikk og marknadsbasert musikk.

7.2 Verkemiddel
Kultur- og kyrkjedepartementets økonomiske verkemiddel er i hovudsak retta mot det profesjonelle musikklivet med tilskot til produksjon, distribusjon og formidling. Frå ein kulturpolitisk synsvinkel er det eit mål å støtte opp under dei delane av musikkbransjen som ikkje klarer seg på eiga hand i ein marknad. Dei viktigaste verkemidla på musikkfeltet er innkjøpsordninga for fonogram, offentleg støtte til plateproduksjonar, ensemble og orkester, turnéstøtte for orkester, turné- og arrangørstøtte for rock og populærmusikk, støtte til musikkfestivalar og støtte til organisasjonsarbeid og opplæring.

I 2004 vart det samla løyvd om lag 436 mill. kroner til musikkføremål over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett. Løyvinga omfatta mellom anna tilskot til Rikskonsertane, seks symfoniorkester, eitt blåseensemble og fire festivalar og festspel med status som knutepunktinstitusjonar.

Under Norsk kulturråd vart det samla løyvd om lag 135 mill. kroner til musikkføremål i 2004. Norsk kulturråd har som hovudmål å støtte nyskapande og utøvande verksemd på eit høgt kunstnarisk nivå og å medverke til å verne og gjere den norske musikkarven tilgjengeleg. I 2004 vart det gjeve tilskot til 48 musikkfestivalar, 44 musikkensemble, klassikarutgjevnader for fonogramområdet, innkjøp av nye norske fonogram og tingingsverk og ulike faste tiltak. Det vart vidare gjeve tilskot gjennom ulike støtteordningar til komponistar, utøvarar, konsertarrangørar og plateinnspelingar. I tillegg har Utanriksdepartementet ei tilskotsordning for reisestøtte på om lag 1 mill. kroner årleg forvalta av Musikkinformasjonssenteret (MIC).

Musikkfeltet får også inntekter gjennom opphavsrettar. I 2001/2002 utgjorde desse om lag 300 mill. kroner, der inntektene frå TONO (rettar for komponistar) utgjorde 239 mill. kroner, medan GRAMO (rettar for utøvarar og produsentar) utgjorde vel 60 mill. kroner. Dei største inntektene kjem frå radio og fjernsyn. I 2003 var det kravd inn 359 mill. kroner. I overkant av 300 mill. kroner vart tilbakeførte til opphavspersonane.

Frå Fond for lyd og bilete vart det i 2003 gjeve vel 11 mill. kroner i tilskot til musikkføremål. Frå 2005 er det dessutan innført ei eiga ordning for individuell kompensasjon for kopiering av åndsverk til privat bruk.

Det statlege tilskotet til kulturskular var i 2003 om lag 91 mill. kroner over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Dette vart frå 2004 lagt inn i rammetilskotet til kommunane. Det vert gjeve tilbod om musikkundervisning i alle kulturskular. Norsk kulturskuleråd oppgjev at skuleåret 2003-2004 omfatta nær 996 000 årstimar musikkundervisning fordelt på 81 751 elevplassar.

Også delar av det næringspolitiske verkemiddelapparatet som til dømes Innovasjon Noreg, og nokre av kunnskaps- og næringshagane spelar og kan spele viktige roller i utviklinga av musikk som næring. Viktige verkemiddel kan vere kompetansehevande tiltak både innan marknadsføring, merkevarebygging og generell forretningsdrift, eller ulike former for finansiell støtte. Det vil vere viktig å utvikle den musikkfaglege kompetansen i Innovasjon Noreg og utvikle eit gagnleg samvirke med bransjen sjølv.

Boks 7.1 GAFFA
Prosjektet GAFFA er eit konkret samarbeidsprosjekt mellom film- og musikknæringa i Bergen. Prosjektet vart gjennomført i 2004 og hadde som mål å produsere musikkvideoar av høg fagleg kvalitet og med internasjonalt potensial av og for bergensbaserte plateselskap, artistar og produksjonsselskap. Hovudmålsetjinga var å styrkje småbedrifter innan både film- og musikknæringa i Bergen. Gjennom GAFFA vart det produsert 5 musikkvideoar og ein rammefilm som knyter desse i hop. Prosjektet vart finansiert av Sparebanken Vest, Vestnorsk filmsenter, Innovasjon Noreg og Bergen kommune.

Andre inntektskjelder for musikksektoren
Det er store variasjonar i samarbeidet mellom kulturliv og næringsliv på musikkområdet. Graden av kommersiell inntening på produksjon og formidling av konsertar og plateinnspelingar varierer også. Inntektsgrunnlaget for institusjonar og tiltak på musikkområdet er samansett, også for institusjonar med statleg finansiering. Dei totale eigeninntektene til dei seks orkestra med tilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet utgjer til dømes frå 5 pst. til 23 pst. av dei samla inntektene. Dei totale eigeninntektene i knutepunktfestivalane utgjer frå 26 pst. til 76 pst. av dei samla inntektene. Totale eigeninntekter er inntekter som kjem i tillegg til offentleg tilskot og dekkjer eit breitt spekter av inntektskjelder frå sal av billettar, sponsorinntekter, sal av effektar og kompetanse.

Eitt av måla for den offentlege musikkpolitikken er å gjere musikk av høg kunstnarisk kvalitet tilgjengeleg for flest mogeleg. Dei seinare års publikumstal for dei statleg støtta musikkinstitusjonane har auka jamt. Konsertverksemda og dei billettinntektene dette gjev, utgjer i dei fleste tilfella den største delen av eigeninntektene.

Abonnementssal er særleg viktig, sidan faste abonnentar utgjer stamma i orkesterpublikummet. Det er viktig å sikre eit tilbod som tilfredstiller abonnementsgruppa, samstundes som ei utviding og fornying av publikum vert stadig meir aktuelt. Gjennom særlege produksjonar med ein profil som representerer nye innfallsvinklar til nye grupper, til dømes born og unge eller studentar, har orkestra sett at det eksisterer eit større publikumspotensial. Ulike rabattordningar for å stimulere til bruk av konsertane er eit anna verkemiddel. I tillegg til å medverke til større eigeninntening, er slike tiltak med på å oppfylle dei statlege målsetjingane på feltet.

Det er meir og meir vanleg at musikkinstitusjonar som mottek driftstilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet også mottek sponsorstøtte frå næringslivet. Dette kan vere til prosjekt, turnéar, plateinnspelingar eller i form av faste sponsoravtalar. For orkesterinstitusjonane utgjer dei faste kostnadene ein etter måten stor del av budsjettet. Sponsormidlar som kan gå direkte til kunstnarisk verksemd vert stadig viktigare. Når det gjeld enkeltmusikarar kan sponsoravtalen anten gjelde ensemblet eller eit særskilt prosjekt.

Friviljug arbeid
Store mengder friviljug innsats i ulike delar av musikklivet er viktig både som direkte og indirekte bidrag til dei næringsmessige sidene ved heilskapen. Dette gjeld sjølvsagt innsatsen til dei mange konsertarrangørane som arbeider på friviljug basis. Det gjeld i særleg grad festivalane som kvart år mobiliserer ikkje-betalt arbeidskraft i eit svært stort omfang. Når det gjeld kunstnarane sjølve, gjer også dei ein stor ikkje-betalt arbeidsinnsats. Det finst ingen utrekningar av den økonomiske verdien av aktiviteten, men det er ingen tvil om at den samla ytinga er omfattande og representerer økonomiske verdiar som har mykje å seie for det samla blandingsøkonomiske produktet på musikkfeltet.

Den breie amatørbaserte aktiviteten er ein viktig del av musikklivet. Kommunane spelar den viktigaste rolla i finansiering av den lokale aktiviteten. Dei landsomfattande musikkorganisasjonane får tilskot frå Norsk kulturråd. I 2004 mottok 27 landsomfattande organisasjonar om lag 15 mill. kroner i tilskot til drift. Friviljug sektor mottek også midlar frå tippeoverskotet og statleg tilskot til lokal aktivitet gjennom Frifondsordninga. Norsk musikkråd mottok samla nær 35 mill.
kroner til lokal verksemd på musikkområdet i 2004. I tillegg kjem tilskot til vaksenopplæring til studieorganisasjonane frå Utdannings- og forskingsdepartementet.
I tillegg til å vere viktige rekrutteringsbasar til musikksektoren, representerer dei friviljuge organisasjonane også etterspurnad som gjev grunnlag for næringsverksemd. Musikernes fellesorganisasjon opplyser at om lag 1000 profesjonelle musikarar er engasjerte i kor og korps. Norges Musikkkorps Forbund opplyser at korpsa årleg kjøper instrument for om lag 70 mill. kroner, har utgifter til opplæring på 142 mill. kroner og har utgifter til notar, uniform og reiseverksemd som overstig 165 mill. kroner per år.

7.3 Struktur og utviklingstrekk i musikkfeltet
7.3.1 Sysselsetjing
Som produksjonsfelt er musikkområdet til liks med andre kulturområde strukturert ut frå opphavrettshavarane sin produksjon av kunstverk. Komponistar, låtskrivarar og tekstforfattarar er individuelle eller kollektive verkprodusentar. Dei dannar kjernen i eit omfattande nettverk av aktørar knytt til ulike former for produksjon og distribusjon. Heile dette apparatet produserer varer og tenester anten til andre aktørar i produksjonssystemet eller til sluttbrukarane - konsertpublikummet, platekjøparane og amatørmusikarane. Det er eit stort mangfald av aktørar, ulike yrkesgrupper og arenaer som til saman utgjer den norske musikkbransjen. I tillegg kjem ei stor gruppe friviljuge som er svært viktig både i opplæringa, ved konsertverksemd og i særleg grad i samband med festivalane.

Det er vanskeleg å stadfeste talet på personar som arbeider i feltet, særleg sidan ein og same person gjerne har ulike roller. ØF-rapport nr. 10: 2004 legg til grunn at musikkbransjen sysselsette om lag 2700 personar i 2002, noko som utgjorde om lag 0,1 pst. av sysselsetjinga i landet. Denne delen har vore relativt stabil sidan midten av 1990-talet.

Med basis i tal frå musikkorganisasjonar og musikkforbund reknar Østlandsforsking med at det er om lag 5500-6000 yrkesaktive komponistar og musikarar i Noreg, der mange av desse også har anna arbeid i tillegg.

I tillegg til dette kjem sysselsetjinga i dei andre delane av verdikjeda som mellom anna omfattar platestudio, plateselskap, sal av musikk og musikkinstrument, spelestader og festivalar og impressario/bookingagentar, produsentar, aktørar innanfor lys-, lyd- og sceneteknikk og utstyrsutleige.

Tala som er brukte i omtalen nedanfor er henta frå ulike kjelder som ulike offentlege dokument, utgreiingar og oppgåver frå bransje- og opphavsrettsorganisasjonane. Mange av opplysningane er henta frå Musikkinformasjonssenteret (MIC). Tala må reknast som estimat.

7.3.2 Kunstnarisk arbeid
Det kunstnariske arbeidet vert utført av komponistar og musikarar. Komposisjon skjer på ulike måtar i ulike delar av musikklivet. I kunstmusikken er skiljet mellom komponist og utøvar relativt skarpt. I folkemusikk, pop, rock og jazz er det større tendensar til kollektiv komposisjon. Band og ensemble utviklar ofte musikalsk materiale i prosessorientert samarbeid.

I kunstmusikken er det tradisjon for at delar av komponistane sitt arbeid er tufta på etterspurnad i form av tingingsverk. Produksjon av teater- og filmmusikk, vignettar til medium og reklame, ringelydar for mobiltelefonar og annan "bruksmusikk" har også utgangspunkt i ein marknadsmessig etterspurnad. Hovudsaka er likevel at komponistane produserer verk på eit reint kunstnarisk grunnlag. Inntektsdanninga er i slike tilfelle tufta på opphavretten. Framstilling, framføring og kopiering av verket gjev lovfesta rett til royalty, jf. omtale ovanfor. Dei siste tiåra har det vore ein sterk vekst i talet på komponistar i Noreg. Den avgjort største tilveksten har funne stad i populærkomponistane sine rekkjer.

Den største gruppa sysselsette i det norske musikklivet er utøvande musikarar. Musikernes fellesorganisasjon reknar med at om lag 4000 musikarar er frilansarar eller sjølvstendig nær­ings­drivande. Nokre er fast tilsette i til dømes symfoni- og militærorkestra, i NRK, ulike scenekunstinstitusjonar og distriktsmusikarordningar. Lokaliseringa av orkester, ensemble og grupper gjev ei relativt god geografisk spreiing, jamvel om kunstnarstanden primært er å finne i byar og bynære område.

Eit stort tal profesjonelle musikarar har kombinerte karrierar. Mange driv kunstnarisk tilknytt verksemd som undervisning og andre arbeider også utanfor musikklivet sine rekkjer. Offentlege oppdrag, prosjektstøtte, stipend og garantiinntekter for komponistar utgjer ein stor del av inntektsgrunnlaget i feltet sett under eitt.

Den langsiktige tendensen i dei norske kunstnarane sine yrkes- og inntektsvilkår frå 1970-talet og fram til i dag har vore at inntektene frå kunstnarisk arbeid for komponistar og musikarar gjennomsnittleg er låge og at kunstnarar ikkje heng med på auken i inntektsnivået i samfunnet elles. Men variasjonane er svært store innanfor alle sjangrar, jf. nærare omtale i kap. 4.

Tabell 7.1 Overslag utøvande musikarar og songarar (2004):

Orkester 480
Opera og ballett 145
Militære korps 150
Kyrkjemusikarar 800
Andre arbeidsgjevarar 400
"Frilansarar" og eiga næring 4 000
Sum 5 975

Kjelde: Musikernes fellesorganisasjon

Tabell 7.2 Overslag over musikk- og songpedagogar:

Musikk- og kulturskular 3 600
Grunnskular og vidaregåande skular 1 000
Høgskular og universitet 500
Andre institusjonar 100
Kor og korps m.m. 1 000
Vaksenopplæring Ukjent
Eiga næring (privatpraktiserande) 800
Sum 7 000

Kjelde: Musikernes fellesorganisasjon

7.3.3 Produksjon og distribusjon av fonogram
Platebransjen gav i 2003 ut i alt 373 titlar på CD. Gramofongrossistenes Forening (GGF) oppgjev at det same året vart omsett 13,3 mill. fonogram, i hovudsak CD-ar, til ein verdi av 1,74 mrd. kroner. Om lag tre fjerdedelar av CD-salet til nordmenn er internasjonale artistar først og fremst innanfor populærmusikk. Ein femtedel av CD-salet omfattar innspelingar av norske artistar og musikarar. Dette er svært lågt samanlikna med dei fleste andre land. Dei andre nordiske landa sel om lag dobbelt så mykje av lokale artistar. Fire prosent av omsette fonogram er i sjangeren klassisk musikk. Etter ein markant auke på 1980- og 1990-talet, har omsetninga i fonogrambransjen variert ein del dei siste åra og viser samla sett ein viss nedgang.

Dei om lag 120 plateselskapa i Noreg er organiserte i to ulike bransjeorganisasjonar. Dei internasjonale selskapa er knytte til IFPI, med om lag 20 medlemer. Selskapa organiserte i IFPI står for om lag 90-95 prosent av all omsetjing av fonogram i Noreg, og om lag 60 prosent av det som vert seld av norsk musikk. Dei fire største internasjonale selskapa står for om lag tre fjerdedelar (72 pst. i 2002) av den legale omsetninga.

Mange av dei norske fonogramutgjevarane er organiserte i FONO. Desse står for 5-10 pst. av den totale omsetjinga, men representerer til saman det største talet norske utgjevingar. Felles for alle FONO-selskapa er at dei er norskeigde. Medlemsmassen i FONO har vist sterk stigning dei siste åra, og har no om lag 90 medlemer.

I 2002 var det berre Kirkelig Kulturverksted og Bare Bra Musikk som hadde meir enn ein prosent av totalmarknaden. Desse har etter måten mykje å seie for omsetjinga av norsk musikk med 11 pst. og 19 pst. av norskdelen.

Musikkfeltet er prega av få store, ofte internasjonale aktørar samstundes som det skjer ein veldig tilvekst av små føretak, først og fremst enkeltmannsføretak. Det er også ein tendens til vertikal og horisontal integrasjon av selskap, noko som gjev færre, store einingar og større marknadsmakt til nokre få internasjonale selskap som kontrollerer musikkmarknaden. Fleire av sjangerorganisasjonane har eigne plateselskap. Ei rekkje artistar og ensemble gjev dessutan ut plater på eigen "lable". Mange tek seg av platedistribusjon, booking, turnéplanlegging, PR og annan administrasjon på eigne vegner.

Organisasjonsstrukturen i musikkfeltet har konsekvensar både for eigarskap, marknadsmakt og tilgang på investeringskapital. Dei internasjonale plateselskapa aukar marknadsmakta si, av di dei er dei einaste som disponerer over investeringskapital, medan småselskapa som hovudregel har svak eller ingen kapitaltilgang. Dei større aktørane i musikklivet, som har offentleg finansiering, har ikkje høve til å leggje seg opp kapitalreservar for marknadsmessige investeringsføremål.

Det finst om lag 8000 utsalsstader for CD-ar i Noreg. Daglegvarebutikkar, postkontor og bensinstasjonar er då rekna med. Talet på faghandlarar vert rekna til ein stad mellom 150 og 200. Av desse er i overkant av 100 organiserte i kjeder. Platekompaniet, Free Record Shop og den friviljuge kjedesamanslutninga Musikkverket er dei største både når det gjeld talet utsal og del av totalsalet. I motsetnad til kva som er tilfellet i bokbransjen, spelar klubbar ei heller avgrensa rolle for omsetninga av CD-ar.

Tendensen til kjededanningar har på den eine sida medverka til lågare prisar på CD-ar i Noreg. Store forhandlarrabattar til kjedene, og ein kjedestyrt minkande utsalspris, har på den andre sida ført til at avansemarginane for uavhengige platebutikkar er vorte sterkt pressa. Dette har ført til ein nedgang i talet på uavhengige fullassortimentsbutikkar og spesialbutikkar landet rundt.


Musikk og teknologisk utvikling
Teknologisk utvikling har hatt innverknad på store delar av musikkfeltet. I særleg grad har digital informasjons- og kommunikasjonsteknologi endra vilkåra for innspeling, redigering og distribusjon av musikk via ulike lydberande medium. Dette vil kunne få stor innverknad på utviklinga i musikkbransjen. Særleg vil nedlasting og kopiering av digitale musikkfiler kunne ha omstrukturerande verknader.

Internettmarknaden for musikk er framleis relativt liten i totalomsetning. Likevel er marknaden prega av rask vekst i etterspurnaden samstundes som fleire aktørar etablerer seg. Ei rekkje nettbutikkar for musikksal opererer i den norske marknaden. Fleire av dei større er filialar av dei fem store internasjonale selskapa. Det er om å gjere at desse syter for at deira norske musikkproduksjonar er tilgjengelege både i dei store internasjonale portalane og i norske nettbutikkar.

Organisasjonane for plateselskapa og TV2 har saman skipa Phonofile, som har digitalisert 50 000 låtar som via eit system kan lastast ned av nettbaserte e-butikkar. Tenesta "Phonofile Online" er den største musikkdatabasen i Noreg spesielt tilrettelagd for profesjonelle brukarar som TV-selskap, film- og reklamefilmprodusentar, radiostasjonar, frittståande plateprodusentar og liknande. I 2002 vart konsumenttenesta www. musikkonline.no lansert. Her kan publikum kjøpe norsk musikk i form av filer som kan lastast ned. Over 50 000 verk innanfor alle sjangrar er tilgjengelege. Dette er infrastrukturbygging som det på kort sikt ikkje er tilstrekkeleg kommersielt grunnlag for å drive, men som på lengre sikt vil sikre at også norsk musikk er tilgjengeleg for regulert netthandel når denne forma for musikkomsetning vert meir utbreidd.

Konsertverksemd
Konsertverksemda i Noreg er omfattande og veksande. Etter SSBs kulturbruksstatistikk for 2000 gjekk 37 pst. av innbyggjarane i Noreg på konsert innanfor sjangrane klassisk, samtidsmusikk, kyrkjemusikk og kor dette året. Prosentdelen for pop, jazz, folkemusikk, korps eller liknande var 39 pst. same året.

Det finst eit vel utbygd nettverk av konserthus, kulturhus og klubbar med infrastruktur som er tilrettelagd for konsertverksemd. Mesteparten av desse permanente scenene er etablerte og ofte også drivne med større eller mindre innslag av offentlege tilskot frå stat og/eller kommunar og fylkeskommunar. Også bygg som primært er mynta på andre føremål vert nytta til konsertverksemd. Dette gjeld særleg skular, idrettsanlegg og kyrkjer.

I tillegg til dei faste spelestadane har det dei seinare åra vore ein sterk tilvekst både av private klubbar og av musikkfestivalar. Både klubbane og festivalane har som oftast utspring i visse sjangermiljø og rettar seg difor mot bestemte nisjar. Klubbscenene er oftast etablerte i tilknyting til eller med eigne serveringsstader. I 2002 fanst det mellom 250-300 spelestader for pop og rock i Noreg.

Norgesnettet er eit nettverk av 24 spelestader med vekt på populærmusikalske sjangrar som ved hjelp av offentlege tilskot sikrar høg teknisk standard i konsertlokala. Årleg vert det skipa til meir enn 2500 arrangement for meir enn 700 000 vitjande. Også dei kommunale og regionale kulturhusa er viktige konsertlokale.

Det er vanskeleg å talfeste omfanget av den lokale konsertverksemda som ofte skjer i regi av lokale og regionale arrangørar og i eit samarbeid mellom det profesjonelle og det friviljige musikklivet. Norsk kulturråd handsama i 2004 om lag 1 100 søknader om tilskot til lokale musikktiltak med ein samla søknadsum på om lag 35,2 mill. kroner. 675 søknader vart innvilga slik støtte med ein samla sum på vel 6 mill. kroner. Talet søknader viser ein omfattande verksemd, sjølv om det varierer frå fylke til fylke.

Rikskonsertane, som i hovudsak produserer skulekonsertar og barnehagekonsertar, legg også til rette for turnéar med orkester, ensemble, band og enkeltmusikarar i samarbeid med lokale konsertarrangørar. Den statlege verksemda står bak meir enn 7700 konsertar per år og gjev gjennom dette tilbod til meir enn 800 000 menneske, først og fremst born og ungdom. Rikskonsertane er ein sentral aktør i Den kulturelle skulesekken, som er ei viktig kjelde til sysselsetjing for mange kunstnarar over heile landet. I tillegg vert det sjølvsagt arrangert konsertar av dei faste orkestra og av ei rad andre aktørar, på kommersielt eller idealistisk grunnlag.

Norske musikarar står også for ei stor og aukande konsertverksemd i utlandet. I 2004 mottok i overkant av 110 band og ensemble midlar frå reisestøtteordningar i Utanriksdepartementet til konsertar i utlandet for profesjonelle musikarar. Tilsvarande vart det frå Norsk kulturråds turné- og arrangørstøtte til rock og populærmusikk (TARP) gjeve vel 1,9 mill. kroner i tilskot til artistar på turné i utlandet.

Norske og internasjonale turnéar er ofte knytte til lansering av nye cd-ar. Terskelen for å gje ut plate har etterkvart vorte mykje lågare og fleire artistar står i dag for administrasjon av eigen aktivitet med eigne plateselskap, eigen booking og eige management. Speling "live" er ofte den promoteringsaktiviteten som gjev størst effekt sett i høve til kostnadene. Svært få uavhengige utgjevingar vert i dag marknadsførte med kostbare tiltak som tv-reklame eller kampanjar i platebutikkar. Ein auke i talet på norske plateutgjevingar fører til at fleire band og artistar vil ut på vegen for å nå ut til eit større publikum. Trass i stor tilvekst, har talet på konsertstader ikkje auka i same omfang som tilbodet av musikk spela "live".

Økonomien i konsertverksemda varierer frå det heilt ikkje-kommersielle til det heilt kommersielle. I samband med denne verksemda er det skapt rom for ei rekkje reine næringsaktørar. Dette gjeld bookingagentar, managerar, firma som tilbyr utstyr og tenester i tilknyting til scenerigging, lyd, lys og liknande. Dessutan er det ei rekkje indirekte næringsmessige verknader av denne delen av musikken. Dette gjeld ikkje minst i reiselivs- og serveringsbransjane. Reiser, transport, overnatting og servering er viktige delar av turné- og konsertverksemda.

Orkestra
Symfoniorkestra representerer høg musikkfagleg kompetanse som er viktig for ein by eller region. Av ei utgreiing om orkestra frå 2001 går det fram at fleire orkester omtalar seg som "motor", "kraftsentrum" eller "lokomotiv" i lokalmiljøet. I slike samanhengar vert det gjerne vist til at orkestermusikarane også kan vere kammermusikarar, kanskje solistar og gjerne pedagogar, og medverkar slik til å gje lokalmiljøet viktig musikkfagleg kompetanse.

Viktig i høve til den økonomiske og næringspolitiske sida ved symfoniorkestra er at dei representerer eit høgt profesjonelt kulturliv som er viktig for å stimulere det lokale eller regionale næringslivet. For å trekkje høgt kompetente fagpersonar innan industri, utdanning og næringsverksemd til ein region er eit profesjonelt kulturliv ein viktig faktor.

Av orkestra er det berre Oslo-Filharmonien som er utbygd til full symfonisk storleik. Fleire orkester peikar på at ein auke i talet musikarstillingar vil kunne medverke til produksjonsauke, som igjen vil føre til publikumsauke og høve til større eigeninntekter. Orkestra driv oppsøkjande konsertverksemd eller samarbeider med ulike festivalar, også på tvers av sjangergrensene. Orkestra møter på denne måten eit anna publikum og får vist seg fram i ein annan samanheng enn den tradisjonelle konsertsalen vanlegvis gjev rom for. Innspelingar av fonogram kan medverke til at orkestra vert kjende for andre enn dei faste publikumsgruppene.

Festivalane
Festivalane står bak eit omfattande konserttilbod. I Noreg vert det årleg avvikla om lag 200 små og store musikkfestivalar. Det er ikkje uvanleg at musikkfestivalane femner om frå 50 til 100 enkeltarrangement kvart år. Det finst ingen sikre tal på det samla omfanget, men det er ikkje usannsynleg at musikkfestivalane i løpet av eit år utgjer ein stad mellom 8 000 og 10 000 konsertar. Festivalane tek i bruk eit breitt spekter av fasilitetar både innandørs og utandørs.

Det siste tiåret har det skjedd ein stor tilvekst av festivalar. Dette representerer først og fremst ei variert og brei fagleg utviding av det samla kunst- og kulturtilbodet i Noreg, og er viktige møteplassar for arrangørar, presse og media frå utlandet som ynskjer å orientere seg om norsk musikkliv. Dette har ført til ei rekkje konsertoppdrag, samarbeidsprosjekt og omtale i internasjonale media.

Festivalane er ei viktig årsak til utviklinga av arenaer, samarbeidsrelasjonar, arrangør- og formidlingskompetanse med forankring i lokale miljø og lokale ressursar over heile landet. Dei mange festivalane har såleis ført til at kunsttilbodet er blitt meir desentralisert og har hatt positive verknader for det kunstlivet som utfaldar seg i regionane og lokalsamfunna gjennom heile året. Det omfattande nettverket av kompetente formidlarar som er knytte til festivalane har også hatt positive konsekvensar for internasjonaliseringa av norsk kunstliv. Små, fleksible, profesjonelle og utprega ressursmobiliserande organisasjonar dominerer feltet.

Organisasjonsstrukturen er med på å gjere festivalane rasjonelle også sett frå eit økonomisk synspunkt. Festivalane har skapt ein variert blandingsøkonomi som byggjer på fire stolpar. Den første stolpen er offentlege tilskot, jamvel om desse tilskota for dei fleste utgjer ein etter måten liten del av budsjettet. For det andre er festivalane arena for ein stor friviljug innsats. På dei største festivalane er det kvart år snakk om 600 til 700 friviljuge funksjonærar. For det tredje er festivalane flinke til å trekkje til seg sponsorar som medverkar med midlar eller tenester. For det fjerde er festivalane næringsdrivande marknadsaktørar. Det er dei sjølvsagt gjennom sal av billettar til publikum, men mange er det også gjennom meir indirekte tiltak som til dømes sal av festivalprodukt, utleige av bygater til tilreisande handelsfolk, restaurant- og kafédrift osv.

Festivalane har også innverknad for stadsutvikling og som identitetsskapar i marknadsføringa av ein stad. Festivalane kan medverke til å trekkje publikum, kundar, turistar og arbeidskraft til annan verksemd på staden. Det er ein klar tendens til at lokale og regionale aktørar ynskjer at stadsutvikling skal skje gjennom å satse på kulturverksemd som medverkar til arbeidsplassar og gjer staden meir attraktiv for innbyggjarane.

7.3.4 Publisering og media
Musikkforlag som byggjer drifta på noteutgjevnader, kviler i Noreg, som i dei fleste andre land, på tre økonomiske fundament. Desse er framføringsrettar, utleige av orkestermateriale og sal av eigne publikasjonar.

Framføringsrettane vert i Noreg ivaretekne av TONO, som mellom anna vert eigd av Norsk Musikkforleggerforening. Komponistar som teiknar forlagskontrakt med eit norsk forlag gjev som regel 1/3 av framføringsrettane sine til forlaget. Størstedelen av norsk samtidsmusikk er ikkje utgjeven på forlag, men vert deponert, kopiert og distribuert av Musikkinformasjonssenteret.

Utleige av orkestermateriale vert vurdert som ei viktig inntekt for forlaga. Dei verka som vert leigde ut, er som regel for fleire enn 10 instrument. Når det gjeld verk for musikkorps er det meir vanleg at desse vert selde, men det er ein aukande tendens til at også desse vert leigde ut. Sal av notar er ei viktig kjelde til inntening. Dei store marknadene for sal finst innanfor musikkundervisning, kyrkjemusikk, kor, korps og anna amatørverksemd.

Norsk Musikkforleggerforening (NMFF) organiserer dei profesjonelle norske musikkforlaga. Blant musikkforlaga har det gjennom lang tid skjedd ei omstrukturering gjennom nasjonale og internasjonale oppkjøp. Viktige aktørar innanfor norsk notebransje er Norsk Musikkforlag, Cantando Musikkforlag, Lyche Musikkforlag, Musikk-Husets Forlag og Norsk Noteservice.

Samla representerer forlaga i NMFF ein portefølje av prenta verk på om lag 20 000 titlar. Dei kjem med til saman om lag 1000 nyutgjevingar i året. Med ein avgrensa nasjonal marknad, har forlaga internasjonalisert ein stadig større del av utgjevingane for andre marknader. NMFF meiner difor at veksten for norske notar må kome på eksportmarknaden. Kvart enkelt forlag har interessante utgjevingar med eksportpotensial, men med små ressursar har ein til no ikkje nådd dei eksportresultata ein kunne ynskje. Noreg er likevel Nordens største eksportør av kyrkjemusikk.

Publiseringsverksemd i musikkbransjen omfattar også ei rekkje andre aktivitetar som medverkar til å auke omfanget av verkframføringar og CD-sal. Til CDane vert det i aukande grad produsert tilleggsmateriale tufta på kombinasjonar av lyd-, tekst- og biletmateriale. Mykje av dette ligg i grenselandet mellom innhaldsproduksjon og reklame. Musikkvideo og DVD, både studioproduksjonar og live-opptak er døme på promoteringsmateriell som over tid har etablert seg som sjølvstendige, verdfulle kulturprodukt som genererer eigen etterspurnad.

Undersøkingar av kva informasjonskjelder som har størst innverknad ved kjøp av fonogram, viser at radio er viktigast, dinest kjem TV/video og tips frå vener og kjende. Reklame, og i særleg grad TV-reklame, er også viktig for promoteringa av fonogram og artistar. Musikkreklame på TV er svært kostbart og vert først og fremst nytta for å selje populærmusikalske utgjevingar. Ifølgje Musikk­informasjonssenteret brukte platebransjen 433 mill. kroner på TV-reklame i 2001. Dette utgjorde 23 prosent av den samla omsetninga av fonogram og heile 98 pst. av det totale reklamebudsjettet for bransjen. Resten var fordelt på avis, radio, vekeblad, fagblad, kino og plakatar. Musikkbransjen stod dette året for bortimot 10 pst. av heile den norske TV-reklamen.

Dei siste tjue åra har dei riksdekkjande radiokanalane fått auka innverknad i formidlinga av musikk. Musikktilbodet i radiokanalane er i hovudsak segmentert ut frå kva målgrupper dei ulike kanalane vender seg til. Det kan medføre at programflatene kan få ei avgrensa breidde. Men sendeflateprogrammeringa har også ført til at til dømes NRK P2 saman med "alltid klassisk" og den nye "alltid folkemusikk" gjev eit omfattande tilbod også av kunstmusikk, folkemusikk og jazz.
I gjennomsnitt er 27 pst. av musikken som vert spelt på NRK sine radiokanalar, norsk musikk. Dette er lågt samanlikna med ei rekkje andre land i Norden, Europa og elles i verda. Men i NRK vert det også spelt mange studioframføringar og konsertar. Ved sida av å danne grunnlag for opphavsrettsbaserte inntekter til musikarane, er NRK også ein stor oppdragsgjevar for kunstnarar og artistar innanfor musikkfeltet.

TV er ikkje fragmentert i ulike etterspurnadsnisjar på same måte som radio. Dersom ein ser bort frå dei internasjonale musikkvideokanalane, vert berre ein mindre del av sendetida brukt til musikkformidling. Fjernsynet er likevel eit sterkt medium som i stor grad påverkar folk sine musikkpreferansar. Krava til NRK og dei kommersielle riksdekkjande TV- og radiokanalane som kulturformidlarar kan medverke til å utvide musikktilbodet i media.

Allmennkringkastaroppdraget til NRK går i dag fram av kringkastingslova og vedtektene for NRK. Vedtektene vart sist endra i 2004. Dette innebar mellom anna ei presisering av NRK sitt oppdrag som kulturformidlar. I dei overordna krava er det nedfelt at verksemda skal medverke til å styrkje norsk språk, identitet og kultur. NRK skal i si kjerneverksemd leggje særleg vekt på si rolle som utviklar og formidlar av norsk språk og kultur. Etter programkrava skal NRK sitt samla riksdekkjande programtilbod både i radio og fjernsyn innehalde program som speglar mangfaldet i norsk kulturliv. Det er òg stilt krav om formidling og produksjon av norsk musikk. Minst 35 pst. av sendingane skal vere norsk musikk. I tillegg er det stilt krav om formidling av scenekunst og musikk frå statleg finansierte kulturinstitusjonar.

TV2, kanal 24 og P4 har òg eit allmennkringkastaroppdrag. Krava går fram av konsesjonane som mellom anna gjeld produksjon og sending av program for både smale og breie grupper i samfunnet. Etter konsesjonsvilkåra er P4 og Kanal 24 plikta til å sende 35 pst. og 30 pst. norsk musikk.

7.3.5 Internasjonalisering, marknadsføring og eksport
Graden av internasjonal samhandling ser ut til å utvikle seg raskt i alle delar av musikkfeltet. På den eine sida medverkar internasjonaliseringa både til å styrkje det estetiske mangfaldet og til å utvide marknadspotensialet. For ein del norske utøvarar er utanlandsmarknaden for konsertar og platesal større enn heimemarknaden.

På den andre sida kan internasjonaliseringa medverke til ei einsretting i tilbodet i delar av distribusjonskanalane. Den norske heimemarknaden er liten og musikk med denne som primærmarknad møter skjerpa konkurranse frå internasjonale bestseljarar. Til dømes kan musikk med norsk tekst verte sårbar i ein slik konkurransesituasjon.

Det er difor viktig både å styrkje internasjonaliseringsarbeidet og samstundes syte for at breidda i norsk musikk er tilgjengeleg og synleg i heimemarknaden.
Ved sida av konsertarrangørar, forlag og plateselskap står musikklivet sine eigne organisasjonar for ei vesentleg verksemd når det gjeld forvaltning, promotering og formidling av kunstnarane, gruppene, ensembla og orkestra si verksemd.

Det vert drive eit stort informasjons-, formidlings- og promoteringsarbeid nasjonalt og internasjonalt via mellom andre interesseorganisasjonane, musikksamlingar og arkiv, Musikkinformasjonssenteret, Music Export Norway og biblioteka.

Musikkinformasjonssenteret (MIC) er ein viktig aktør i arbeidet for å auke bruken av norsk musikk i inn- og utland. Med "norsk musikk" meiner ein musikk av opphavsmenn eller utøvarar som har norsk statsborgarskap, eller som bur og i hovudsak arbeider i Noreg. Informasjonssenteret skal aktivt informere om, og profilere kvaliteten i det profesjonelle norske musikklivet (komponistar, utøvarar og andre aktørar) uavhengig av sjanger og kunstnarisk ståstad. Med "profesjonell" reknar ein då komponistar og utøvarar som har eit profesjonelt fagleg og kunstnarisk nivå, uavhengig av inntening på verksemda. Musikkinformasjonssenteret mottok i 2004 om lag 8 mill. kroner i driftsstøtte frå budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet.

Music Export Norway (MEN) vart etablert i 2000 som eit kompetanse- og sørvissenter for den profesjonelle musikkbransjen (musikkprodusentar, artistar, opphavsmenn, produksjonsmiljø m.m.) uavhengig av sjanger. Føremålet er å auke verdiskapinga i Noreg gjennom internasjonale aktivitetar og merkevarebygging av Noreg som musikkleverandør. Ein viktig del av MENs oppgåver er å koordinere den felles norske deltakinga på internasjonale musikkmesser og konferansar.

Det er grunn til å vurdere tilhøvet mellom Music Export Norway og Norsk Musikkinformasjons verksemd på dette feltet, med sikte på å finne fram til best mogelege framtidige ordningar.

Utanriksdepartementet samarbeider med fagmiljøet i tilknyting til større kulturpresentasjonar i utlandet og gjev støtte til langsiktige nettverksamarbeid. Til dømes støttar departementet Noregs deltaking i European Jazz Network over tre år (2004-2006). Initiativa til prosjekta og tiltaka kjem dels frå departementet sine rådgjevande organ, dels frå mottakarinstitusjonar og organisasjonar i utlandet og dels frå enkeltkunstnarar.

I samarbeid med musikklivet tek departementet initiativ til og støttar produksjonar av CDar og DVDar med norsk musikk for presentasjon for fagmiljø i samband med større arrangement i utlandet.

I samband med festivalar og offentlege arrangement inviterer departementet, i samarbeid med utanriksstasjonane og arrangørane, representantar for institusjonar og media frå utlandet til Noreg. Dette er eit sentralt verkemiddel for å spreie kunnskap om norsk musikkliv. Støtta har auka dei seinare åra.
Av ein rapport utarbeidd for Music Export Norway går det fram at den samla eksportinntekta frå norsk musikkindustri i 2001 var om lag 210 mill. kroner. Undersøkinga er gjord etter svensk modell for at tala skal kunne vere mogelege å samanlikne. Export Music Sweden legg til grunn at eksportinntektene i Sverige i 2000 var om lag 4 mrd. svenske kroner ( $ 535.8 mill.).

Tala omfattar inntekter frå royalties eller erstatningar (TONO-, NCB-, og GRAMO-inntekter), eksportinntekter frå sal av norskproduserte fonogram og ulike former for tenesteeksport som framføring, agenturverksemd, lisensinntekter og studioinntekter.

Undersøkinga viser at inntektene frå vederlag og fonogrameksport auka kraftig i perioden 1998 - 2001. Dei største inntektene er representerte ved eksport av fonogram. I 2001 utgjorde desse inntektene om lag 133 mill. kroner. Likevel er det ein relativt avgrensa del av norske CD-utgjevnader som går til eksport. For enkeltutgjevnader kan den delen som vert seld i utlandet vere relativt stor, gjerne 10 til 20 pst. Utgjevnader innanfor ny kunstmusikk kan ha sal på opp til 50 pst. utanfor Noreg, men det er då tale om små kvantum.

Norsk musikkliv er inne i ein sterk utviklingsfase både kvalitativt og kommersielt, og etterspurnaden etter norske artistar frå utanlandske bransjemedium, produsentar, messer og arrangement er veksande. Musikkeksporten bør difor kunne aukast gjennom innsats frå musikkbransjen sjølv og ved utvikling av gode rammevilkår som kan stimulere auka aktivitet på området.

Det kan vere tenleg å vurdere om det bør opprettast nettverk for musikkeksport innanfor rammene av innovasjon Noreg, jf. kapittel 3.8.4.

7.3.6 Kunnskap, kompetanse og nettverk
For å utvikle og utnytte verdiskapingspotensialet i musikklivet, vil det vere behov for kontinuerleg å skaffe fram ny kunnskap og nytt statistikkgrunnlag.
Musikklivet sine organisasjonar har peika på at det i liten grad finst tilstrekkeleg utdanningstilbod til dei næringsdrivande profesjonsgruppene. Det trengst relevante påbyggings- og etterutdanningstilbod i musikkutdanninga. Det er dessutan behov for studietilbod til managerar, produsentar, bookingfolk, arrangørar, marknadsføringsfolk og andre i mellomvertposisjonar i musikkbransjen.

Graden av profesjonalitet i arrangørleddet er svært varierande, og grensene mellom amatørar og profesjonelle er dessutan flytande. Friviljug arbeidsinnsats er heilt avgjerande ved dei fleste spelestadene. Det kan difor lett verte mangel på kontinuitet og kompetanseoppbygging over tid. Noreg har no eit omfattande nett av scener over heile landet der levande rytmisk populærmusikk vert presentert for eit stort, ungt publikum til beste for utøvarane med ulik grad av profesjonalitet. Det er behov for tiltak som styrkjer kompetansen og profesjonaliteten i arrangørleddet. Dette har konsekvensar for profesjonaliteten i bransjen som heilskap og har innverknad på i kva omfang norske utøvarar får høve til å kome ut over landets grenser med musikken sin.

Sterke lokale og regionale miljø er viktige for å fremje kreativitet, nyskaping og kompetanse i bransjen og for å utnytte heile landets ressursar i musikknæringa. Ein klyngebasert regional næringspolitikk retta mot til dømes musikknæringa kan difor vere ein viktig faktor for å utvikle næringspotensialet i kulturfeltet. Ein viktig føresetnad for at ulike musikkmiljø kan verte ein meir sentral samarbeidspartnar i spørsmål om nærings- og innovasjonspolitikk for kommunale og regionale styresmakter, Innovasjon Noreg og utdanningsinstitusjonane, er at ein står fram mest mogeleg samla og har idear til tiltak som kan betre kompetansen og utviklinga i næringa.

Boks 7.2 Mjøskryss
Foreininga Mjøskryss er eit regionalt nettverk for musikkrelatert næringsverksemd i Mjøsområdet. Mjøskryss har om lag 130 medlemer. Foreininga vart skipa med føremål å skape eit tilbod til dei kommersielle musikkinteressene i Hedmark og Oppland. Mjøskryss mottek brei støtte frå regionalt og lokalt hald.

Mjøskryss finn det vanskeleg å arbeide i musikknæringa utan å ha kontaktar globalt gjennom storbyane. Ein del produksjonsfunksjonar kan likevel plasserast lokalt. Mjøskryss arbeider med fleire prosjekt med føremål å auke sysselsetjinga i regionens kulturindustri med utgangspunkt i musikk. Entreprenørskap er ei viktig satsing:

Popartner er eit nettverk av 18 små verksemder som saman driv eit musikkforlag, eit plateselskap, eit bookingselskap og sal av kompetanse.

Skandinavisk MusikkUnion er eit toårig svensk/norsk entreprenørskapsprosjekt med oppstart i november 2004. Prosjektet har som mål å reise 25 nye musikkrelaterte verksemder innan 2006 i Hedmark og Värmland. Verkemidla er mellom anna seminar, workshops og mentorordningar.

Landsbylarm er lokale musikkonkurransar med finale annankvart år i Värmland og i Hedmark/Oppland.

Boks 7.3 BRAK - Bergens Rockaktører
BRAK er interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Bergensregionen. Sidan starten i 1997 har BRAK vore ein viktig pådrivar for å leggje tilhøva til rette for ei stabil utvikling i eit stadig meir spanande rytmisk musikkliv i Bergen.

BRAK driv landets første regionale kompetansesenter for rock og liknande musikkformer. BRAK skal medverke til å betre rammevilkåra for musikkmiljøet i Bergensregionen. Visjonen er at Bergen og regionen rundt skal vere ein attraktiv stad å etablere seg og verke i som aktør i musikknæringa.

Hele stortingsmeldingen kan du nå lese i sin originale kontekst på denne siden fra Kultur- og Kirkedepartementet: http://www.dep.no/kkd/norsk/dok/regpubl/stmeld/043001-040008/dok-bn.html.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Politics