Festspel på gateplan
Festpillene i Bergen: Uteprogrammet i bergensgatene er lite føreseieleg, vekslande synleg og for bergensarar ei vanesak. Likevel er det vakkert – og fint vevd inn mot programmet elles.

Av Ida Habbestad, Bergen

«Det e slemt å vera jenta i slik ei travel tid» syng Margit Myhr i Till Till Tove. Det er andre dag under festspela, og Bergen visar seg frå si beste side. Kring henne står eit solid knippe publikummarar, som neppe veit at det dei får med seg er materiale frå Ål i Hallingdal – mykje av det i tradisjon etter Gunlaug Myhr – framført av felespelarane Anders Hall og Olav Luksengård Mjelva i tillegg til kvedaren.

Men det er nettopp dette den nokså nystarta trioen har som sitt spesiale, etter at dei starta å spela i lag i haust. Trioen kjem rett frå konsert på Troldhaugen og skal vidare til Den Norske Folkemusikkveka på Ål.

Til denne raske seansen imellom har dei valt ut eit knippe songar om kjærleik og giftarmål – ikkje for tungsindig, insisterar Anders Hall etter innslaget. Den geografiske tilhøyrsla handlar ikkje så mykje om stadstilknyting som om kjelder, påpeikar han når eg spør han om kvifor det nettopp er Ål som er spesielt. Tematikk, ornament og melodi er viktige element når dei vel songar til repertoaret sitt – alltid ut frå felles smak.

Lite av dette veit tilhøyrarane. Og om ein skal innvenda noko mot Festspillene Ute måtte det vera at det ikkje alltid balanserer i spennet mellom introduksjonen – det å gje menneska ein peikar om dei ynskjer seg noko meir – og det at kunsten berre dukkar opp, tilfeldig og overalt. Sjølvsagt kan ein finna eit program i ei av billettbodane, moglegvis les ein eit lite skilt der det står Till Till Tove – men kven oppsøkjer denne informasjonen?

Dei fleste ein snakkar med, har ikkje fått med seg kva dei høyrer og er heller ikkje særleg opptekne av det. Men dei har stoppa opp – sidan noko skjer, og alle eg spør veit at arrangementet er del av festspela i Bergen.

Speler så desse små glimta av kunst noka rolle for forbipasserande? Kor spektakulært – eller vart – bør noko vera før ein tek med seg opplevinga meir varig?


Mobilt hornhøgtalarsystem
- Det burde vore mykje større, seier ein tilhøyrar, Geir Egil Bergjord om «Desibel».

«Desibel» er verda sitt største mobile hornhøgtalarsystem. Bak dei store grøne horna står biletkunstnar Geir Hjetland, medan komponist Maja Ratkje har komponert det buldrande protestropet som opphavleg vart skrive som respons på eit gigantisk gruveprosjekt planlagt i fjordbyen Vevring i Naustdal.


Foto: Magnus Skrede

Under festspela vert horna plasserte ulike stader i byen, og verket avspelt tre gonger dagleg i fem dagar.

Igjen har eit knippe menneske stoppa opp – truleg let endå fleire seg fascinera av den prangande grøne installasjonen som no lagar ein kjempemessig lyd, som når mykje lenger enn til tilhøyrarane ved Festplassen og lille lungegårdsvann.

Men kva skal til for å vekkja nyfikne? «Det er festspillene», svarer folk når eg spør dei om dei har noka aning om kva dei høyrer. Refleksjonen over at uttrykket kan bety noko meir – at det utgjer eit eige kunstverk og forsøksvis har noko på hjarta, tykkjest relativt liten.

Det spelar kan henda inga rolle. Det oppstår vakre og finurlege situasjonar mellom dei som hastar forbi eller dei som tilfeldig er til stades når maskingane set i sine tunge drønn. Og forutan nokre få, tidfesta (men ikkje alltid stadfesta) bolkar i programmet, er det ikkje så enkelt å leita etter festspillene ute – desse opplevingane skal vera tilfeldige.

Festspillene ute berre dukkar opp – og om ein ser nøye etter, står dei i eit snedig tilhøve til dei menneskelege aspekta som er festspeltema i år.

«Skrekkblanda fryd» er overskrift, og i helga som kjem står liding på plakaten, parallelt med akrobatikk frå Nordens største nysirkus, medan Philip Glass og Godfrey Reggio alt har minna oss om det forgjengelege, grådige ved menneske og det sårbare ved naturen.

«Desibel» står i ein klår dialog til det siste – og festspelprogrammet snevrar seg fint kring denne tematikken, av menneskelivet i ulike tonar, som Morten Traavik sine bilete «Miss Landmine» av landmineskadde kvinner. Dei har i perioden fått plass på kjøpesenter i byen, under parolen «Alle har retten til å vera vakker».

Me har til gode å finna dei mekaniske hakkespettene, rappellering frå rådhustaket og sigøynarmusikk – samt ei lang rekkje tilfeldige, meir eller mindre betydningsfulle innslag, som nok dukkar opp når me minst venter det.

Så er det å vona at nokre av dei skapar varige minne hjå publikum.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: