Japansk tradisjonsmusikk i kontakt med vesten
Musikkverda i Japan i dag er ein fargerik palett med ulike musikksjangrar og -stilar, både nye og eldre retningar. Her finst samtidskunstmusikk, europeisk kunstmusikk, populærmusikk som pop/rock, jazz, hip hop, verdsmusikk og nytradisjonell musikk side om side med eit breitt spekter av tradisjonsmusikk. Denne artikkelen vil konsentrere seg om tradisjonsmusikken og vonar den kan gje verdifull bakgrunnsinformasjon til forståing av samtidsmusikken i Japan i dag. Søndag kan du få oppleve japansk tradisjonsmusikk, sammen med nyskrevet materiale, i Universitetets Aula i Oslo.
Reigakusha, Kangen (fra Ultimas programbok 2005) (340x210)

Av Liv Lande

Impulsar utanfrå har hatt stor innverknad på musikkens utvikling i Japan heilt frå dei eldste tider. Heilt opp til vår tid er japanarane kjende for, og stolte over evna si til å innføre idear og element utanifrå for så å omforme det heile til særeigen japansk kultur.

Ulike tradisjonar med særeigne trekk eksisterer i dag side om side, samtidig som dei har påverka kvarandre gjennom historia. Frå førhistorisk tid har det funnest shinto istisk musikk og folkemusikalske tradisjonar i landet. Frå rundt 400-talet blei koreansk musikk introdusert til Japan, deretter kinesisk musikk frå Tang-dynastiet på 6-800-talet. Den sistnemnde var del av ein massiv introduksjon av kinesisk kultur og samfunnssystem til Japan.

Som del av denne blei også buddhistisk resitasjon, shômyô, innført saman med buddhismen. Kinesisk hoffmusikk, kalla gagaku1 i Japan, blei innført i det japanske hoffet. Nasjonalisering og japanisering av gagaku og shômyô tok til etterkvart. Fleire av instrumenta i gagaku-orkesteret utvikla gradvis sine eigne sjangrar, parallelt med tradering av gagaku-musikken. Dette gjeld til dømes instrumenta shakuhachi (vertikal bambusfløyte), biwa (langhalsa lutt spelt med plekter), og koto (langsitar)2.

Ofte knytta til teater og dans

I mellomalderen (1192-1573) tok heikyoku, og klassisk -teater form. Heikyoku er ein solistisk, fortellande musikk akkompagnert av biwa, framført av blinde musikarar. -teateret er ein sterkt stilisert kunsttradisjon med musikk, teater og dans nært knytta saman.

Desse nye sjangrane blei beskytta av shôgunatet (militærregimet) og samuraiane. Gagaku og shômyô blei vidareførte både i keisarens hoff og i shôgunatet. I førmoderne tid (1573-1867) blei ulike folkelege populærsjangrar som kabuki-teater og bunraku-dokketeater fødte. I desse kunstsjangrane er også musikk, teater og dans nært knytta saman. Samstundes tok kammermusikk for koto og shamisen (langhalsa lutt spelt med plekter) form. Solomusikk for shakuhachi utvikla seg innanfor ei
grein av zen-buddhismen, der han blei brukt som meditasjons instrument.

Vestleg musikk blei introdusert til Japan på 1600-talet saman med kristendomen. Kort tid etter følgte ein nesten 200 år lang japansk isolasjon frå det meste av omverda. I frykt for kristendomen saman med vestleg kolonialisering, blei all form for kontakt med utlandet forbode av shôgunatet.

Isolasjonen varte til midten av 1800-talet, då landet blei åpna etter vestleg press. I 1868 kom keisar Meiji til makta, og dette markerer begynninga på moderne tid i Japan.

Frå Meiji-tida (1868-1912) fekk Japan på ny ein massiv påverknad utanfrå. Ein intens moderniseringsprosess tok til etter vestleg standard. Vestleg politisk system, utdanningssystem og kultur blei innført. Europeisk kunstmusikk fekk høg status. Blant dei første til å framføre europeisk musikk i Japan med europeiske instrument, var gagaku-musikarar i hoffet. Shôka, barnesangar frå vesten oversette til japansk, blei sentrale i musikkfaget i skolen.

Tradisjonsmusikken marginalisert

I denne prosessen blei Japans tradisjonsmusikk marginalisert. Japansk musikk blei sett på som mindreverdig i forhold til europeisk musikk. Japans første musikkonservatorium Tokyo Music School blei grunnlagt i 1879, og først i 1936, etter stort påtrykk frå tradisjonsmusikarar, kom dei første programma for tradisjonsmusikk. Også i dag dominerer vestleg kunstmusikk i musikkfaget på overveldande vis. Sjølv om tradisjonsmusikken lever vidare i sine miljø, har ikkje japanarar flest noko
nært forhold til sine musikktradisjonar. For mange er nok til dømes Mozart meir kjend enn japanske komponistar både frå nyare og eldre tid. Samtidig har tradisjonsmusikken blitt meir kjent internasjonalt, særleg har shakuhachifløyta fått ein stor utøvarskare i Vesten.

Ny musikk for japanske tradisjons instrument

Vestleg-inspirert, nykomponert musikk for japanske tradisjonsinstrument kom for fullt frå begynninga av 1900-talet. Koto-musikken leidde an i denne nye utviklinga, med komponisten og koto-/shamisen-virtuosen Michio Miyagi (1894-1956) i spissen. Trenden hans blei kalla shin nihon ongaku (‘ny japansk musikk’).

Etter 2. verdskrigen tok vestleg-utdanna japanske komponistar for alvor i bruk element og idear frå japansk tradisjonsmusikk. Tôru Takemitsu (1930-1996) kan nemnast i denne samanhengen. John Cage (1912-1992) sitt besøk i Japan i 1962-63
skapte inspirasjon og store ringverknader for ny-tradisjonell musikk i Japan. Cage blei mellom anna fascinert av zen-buddhistisk filosofi, noko som igjen resulterte i at japanske musikarar åpna augene for sin eigen kultur tradisjon. Nykomponert musikk for japanske musikkinstrument blei framført i japansk radio (NHK), og dette motiverte vidare denne trenden, kalt gendai hôgaku (‘japansk samtidsmusikk’).

Ensemblet Pro Musica Nipponia, samansett av japanske tradisjons instrument, blei grunnlagt i 1964 med komponisten Minoru Miki (1930-) som kunstnarleg leiar. I 1985 blei gagaku-ensemblet Reigakusha etablert. Slike profesjonelle ensemble
har bidratt til å auke interessa for ny musikk for japanske instrument.

Traderingssystem og nyskaping

Japansk tradisjonsmusikk har eit særeige lærings- og traderingssystem som blir kalla iemoto-systemet. Innanfor dette systemet er autentisk tradering med lojalitet til gruppas tradisjon og stil dominerande framfor individuell kreativitet og fridom.
Alt frå gagaku og til shamisen- og koto-tradisjonar er bygt opp etter iemoto-systemet, som er ein pyramideforma, hierarktisk organisasjonsstruktur i lukka familie-liknande sirklar med ein hovudmeister på toppen som den høgaste autoritet når det gjeld repertoar og musikalsk stil. Det finst mange skuleretningar.

Dei første tradisjonsmusikarane som skapte og framførte ny musikk, måtte bryte med mange kulturelle normer i forhold til iemoto-miljøet. Verdisyna i iemoto-systemet og i vestleg musikkultur var svært ulike, til dømes når det gjaldt individualitet og nyskaping.Også for vestleg-utdanna komponistar som ville bruke tradisjonsmusikalske element i si nyskaping, kunne det ta lang tid å bygge opp ein god dialog med lukka iemoto-miljø for å tileigne seg nødvendig kunnskap.

Inspirasjon frå naturen og fleksibilitet

Japansk tradisjonsmusikk er sterkt inspirert av naturen, og natur- liknande lydar frå vind, vatn, insekt osv. er framelska i alt frå - til shakuhachimusikk. Ein lyd- estetikk der ein lyttar til klangen, etterklangen og variasjon i klangfargane i kvar einskilt tone, rår såleis i japansk musikk. I Japans tradisjonsmusikk er dessutan det vokale ofte overordna det instrumentale.

Dei ulike tradisjonane viser sterk breidde i klangfarge og vokal stil. Eit anna element som har samanheng med denne lyd-sentrerte estetikken, er en strukturell fleksibilitet. Japansk tradisjonsmusikk er ofte fleksibel både i tid, melodikk og tonehøgde, og i re lasjonane mellom ulike instrument i musikken. Japansk språk har eit begrep som heiter ma, som tyder “mellomrom” eller “stillheit”, og viser til fleksibelt “mellomrom” i takt og rytme mellom kvar einskilt tone. Ukonsekvente og diffuse metriske forhold med “stille pausar”, forskyvingar og skifte mellom fri rytme og fast meter er ikkje uvanlege.

Dette heng òg saman med det nære forholdet musikken har til dans og teater. Begrepa ishindenshin og ashirai er andre begrep som refererer til slike typar fleksibilitet. Ishindenshin viser til at forholdet mellom to stemmer verken må vere for nært eller for fjernt både når det gjeld melodiske og metriske forhold. Dette viser seg tydeleg i til dømes jiuta (kammermusikk for shamisen), mellom vokal- og instrumentalstemmene. Det er såleis ikkje ein harmonisk polyfoni som gjeld i det vertikale forholdet, men heller ei heterofon tenking som vektlegg einskilt-tonane.

Ashirai viser til forhold der tonane til dei einskilte stemmene eksisterer uavhengige av kvarandre. Dette kan mellom anna høyrast i forholdet mellom instrument og vokalistar i -teatret. Den japanske komponisten Tôru Takemitsu var fascinert av fenomenet ma og tok dette i bruk i fleire av verka sine, mellom anna i November Steps for biwa, shakuhachi og orkester (1967). Slike former for fleksible musikkstrukturar finst i alt frå gagaku og til solistisk shakuhachi-musikk og vokalsentrert
kammermusikk for shamisen og koto.

Når det gjeld tonalitet, er det vanleg å seie at fire hovud-“tetrakordar” med ein tone i mellom dominerer i japansk tradisjonsmusikk.3 Desse er minyôtetrakorden vanleg i folke- og barnesang (c-ess-f), ritsu-tetrakorden frå gagaku (c-d-f), miyakobushi-skalaen frå urbane musikksjangrar frå førmoderne tid (c-dess-f), og Okinawa-skalaen typisk for Okinawas folkemusikk (c-e-f). Tetrakordane blir sette saman over kvarandre i ulike kombinasjonar, og skaper ulike skalaer typiske for japansk tradisjonsmusikk. Dei er ikkje tempererte etter vestleg modell. Mikrotonale variasjonar, glidingar og ornament blir også flittig brukte i melodikk, ikkje minst i vokale stemmer.

Samtidsmusikken knytta til japansk tradisjonsmusikk

Samtidsmusikken i Japan har ofte, trass i at den står i ein vestleg kunstmusikalsk tradisjon, forsøkt å sameine det vestlege perspektivet med lokale stadeigne musikkperspektiv. Alle trekka nemnt ovafor – inspirasjonen frå naturen, fokus på den einskilte lyden og avanserte klangvariasjonar, finn ein att i mykje av samtidsmusikken. Også på det umedvetne plan er nok samtidsmusikken farga av Japans tradisjonelle musikkidentitet. Det er derfor verdifullt å ta omsyn til tradisjonsmusikken og
det kulturelle aspektet for å forstå samtidsmusikken fullt ut.

Liv Lande er Ph.D.-student i etnomusikologi ved University of California Los Angeles (UCLA)

Fotnoter:

1: Gagaku har eigentleg tre kategoriar: (1) stad eigne japanske sangar/dansar som mikagura; (2) musikk/dans frå utlandet, først og fremst tôgaku frå Kina og komagaku frå Korea; og (3) vokale sjangrar av japansk/utanlandsk opphav som t.d. saibara. Utanfor hoffet blir gagaku også framført i shinto- og buddhist-tempel.

2: Instrumentet biwa kjem frå den kinesiske lutten pipa, og shakuhachi frå ei type kinesisk fløyte. Koto er i slekt med den kinesiske langsitaren zheng, og med den koreanske langsitaren kayagum og med den vietnamesiske dan tranh.

3: Denne teorien blei utarbeidd av etnomusikologen Koizumi Fumio. Av skalateoriar i japansk musikk er den mest brukt i dag. Teorien bygger på kvartintervallet som det sentrale i japansk musikk.

Artikkelen er hentet fra Ultimas programbok 2005, og er gjengitt med tillatelse fra forfatteren og Ultima. Ytterlige program-detaljer finner du på www.ultima.no. Konserten "Reigakusha" avholdes i universitetets aula, søndag 9. oktober, kl. 19.30.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical\Contemporary, Concerts