- Eit ynskje om tydelegheit
Hardingfeletrioen Dei Beste Damene bryt med den audmjuke og forsiktige spelemannstilen.

Ein dryg månad etter at Riksscenen opna, slapp hardingfeletrioen Dei Beste Damene debutplata si ”Soli” på plateselskapet Ta:lik. Gruppa består av Åse Teigland, Anne Hytta og Synnøve S. Bjørset, som alle er meritterte utøvarar med brei erfaring frå ulike konstellasjonar.


Dei beste damene og den beste musikken
Verken gruppa eller plateselskapet deira kan vel seiast å vere særskilt prega av jantelova. Det fyrste ein møter på Ta:lik sine nettsider, er påstanden om at dei har ”Den beste musikken”. Så kvar kjem dette fokuset på å vere best frå?

- Det handlar om ei haldning til det å spele, og eit ynskje om tydelegheit. Namnet representerer eit brot med ein audmjuk og forsiktig spelemannstil som har prega generasjonar. Men at både vi og plateselskapet er ”dei beste” er faktisk tilfeldig, seier Anne Hytta.


Overraska
Under årets folkelarm vart det avdekka at folkemusikkfeltet er lågt representert på søknadssida når det kjem til musikar- og turnéstøtteordninga. Hytta, som også sit i Norsk Kulturråd sitt utval for musikkproduksjon og andre musikktiltak, meiner dette mellom anna kjem av arrangørmessige forhold.

- Når det gjeld turnear, er desse vanskelege å planlegge grunna få arrangørar. Eit anna problem er at arrangørar i stor grad er interesserte i musikk frå eigne regionar, og ikkje like interesserte i musikk frå resten av landet. At det er få tilgjengelege scener, er også ein grunn. Det kan godt tenkjast at fleire folkemusikarar søkjer til fond for utøvande musikarar - dei omtala fonda er relativt nye, og går kanskje enkelte musikarar hus forbi. Eg er likevel overraska over at ikkje fleire folkemusikarar søkjer støtte.


Kan bli veldig viktig
Plateslepp, samt opninga på ein kortare noregsturné, fann nett stad på Riksscena i Oslo. Hytta kan melde om gode lydforhold.

- Riksscena er jo heilt ny, men det vert spannande å sjå korleis den utviklar seg. Eg trur den kan bli veldig viktig, og vonar mange publikumsgrupper kan føle seg heime der, ikkje berre folkemusikarar. Når eg er der kjennes det nesten litt uverkeleg at det finnast eit slikt hus, og med tanke på den audmjuke spelemannstradisjonen erdet heilt uverkeleg. Utlandske folkemusikarar til dømes, vert lamslått. Det er fantastisk at det finnast eit slikt hus. Vi spelte akustisk på intimscena i går, og klangen var heilt topp.


Frekke damer med feite strøk
Dei Beste Damene lokkar med "feit, frekk og drivande felelyd", samt noko dei omtalar som "beinhard trad". Det vert fokusert på at den ferske utgjevinga syner tre utøvarar som tolkar tradmusikken på svært ulikt vis.

- Vi er tre forskjellege utøvarar frå tre forskjellege områder. Musikken vi spelar er stort sett henta frå heimstadane våre, Sogn, Telemark og Hardanger. Desse stadane har forskjellege slåttetradisjonar, og forskjellege musikalske dialektar. I tillegg er vi tre forskjellege personar som utformar uttrykk på forskjellege måtar. Vi vonar denne variasjonen og bredda vil glede lyttaren. Vi omtalar musikken vår som beinhard trad, noko som kjem av at vi søkjer etter kraft i tradisjonen, og søkjer å sprenge rammene for spelestil. Sjølv om tradisjonsmusikken kan bli framstilt som ei grå, uformeleg masse, meiner vi den har stort rom for personleg uttrykk.

- Er det utfordrande å kombinere desse forskjellege musikalske dialektane?

- Dette prosjektet fokuserer på eit solistisk uttrykk, altså er vi tre solistar som deler ei scene. Slik er det også på plata. Vi delar plata, men alle spora er solospor. Det hender at vi spelar unisont slåttespel, men det er veldig utfordrande med tanke på dei forskjellege uttrykka våre. Når det er sagt, er det veldig inspirerande å høyre på kvarandre, og å få eit publikum også på den måten.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Debate, Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Interviews, Funding