Ingvill Buen Garnås: Når NRK slår ei plate
-Ta:lik legg ned mykje og godt arbeid for å gjera bitar av folkemusikken sitt grunnfjell meir tilgjengeleg, skriver Ingvill Marit Buen Garnås i dette innlegget til Ballade. Her kommenterer hun striden som har oppstått mellom deler av folkemusikk-miljøet, frontet av Knut Buen, og den gunstige avtalen mellom plateselskapet Ta:lik og NRK.

Av Ingvill Marit Buen Garnås

Ta:lik, Buen og vilkårlege diskusjonar

Avis- og nettskriveria kring avtala NRK har gjort med det unge og lovande plateselskapet Ta:lik er noko av det tristaste folkemusikkmiljøet har klart å oppvise i media på lenge. I staden for reint og ryddig setja fokus på NRK sin avtale- og prispolitikk for arkivmateriale andsynes ulike utgjevarar, går spaltemetrane med til å rote det mest mogleg til for kvarandre. I Kulturnytt på P2 blei det heldigvis halde i litt meir seriøse former. På menyen står det like fullt "Hør folkemusikkrangelen her".

Vel var Knut Buen sitt avisutspel spissformulert og lite diplomatisk, men Ta:lik sin motreaksjon hadde heller ikkje nokon audmjuk grunntone. NRK sine påfølgjande forsøk på avklaringar går i sama stilen. Sjølvsagt har ikkje Ta:lik fått noko monopol i juridisk forstand, men i praksis kan ein da godt seia at dei har monopol. Slik det er tenkt, - viss det er tenkt. Er det elles så nøye kva ein kallar det? Det er ei kjent sak at utgjevingar som dette sjeldan gjev store overskot. NRK seier da også at dei vil sjå nærmare på prisane sine på folkemusikkopptak etter dette. Det liknar litt på ei innrømming, men den var særs godt innpakka.

Ta:lik legg ned mykje og godt arbeid for å gjera bitar av folkemusikken sitt grunnfjell meir tilgjengeleg. Det ligg mykje idealistisk arbeid bak, slik det alltid har gjort og vil gjera innanfor denne type kulturverksemd. Og nettopp difor er det vel heller ikkje til å undrast på at ein gamal travar som Buen Kulturverkstad reagerer sterkt på dei nye vilkåra dei og eventuelt andre utgjevarar no plutseleg blir presenterte for. Vilkår som etter dette ikkje skal gjelde likevel, da vonaleg.

All PR er ikkje god PR, men det er lett å sjå at ”folkemusikkranglar” som dette skapar blest både for den eine og den andre. Spørsmålet er om det er verdt prisen.

Ingvill Marit Buen Garnås

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian