Urbanitet nødvendig for nyskaping?
I folkemusikkmiljøet og i media er det blåst liv i debatten om nytt versus gamalt, by versus land.

I siste nummer av bladet Folkemusikk kritiserte skribent Erling Fossen motstanden som måtte finnast i folkemusikkmiljøet mot at ungdom reiser til byen for å studera.

- Nesten alt som er nyskapande innanfor folkemusikkmiljøet kjem frå studentar på Musikkhøgskulen, skreiv Fossen i sin kronikk (les intervju med Fossen i Klassekampen her).

I same nummer vart det i eit debattinnlegg sett fokus på kven som set norma i Folkemusikk-Noreg.

- Sjølv om det er semje om å spela ”gamalt” eller så ”opphavleg” som råd, sprikar oppfatninga av kva som er normativt godt spel, skreiv filolog og felespelar Eilev Groven Myhren, og viste til debatten som har gått sidan Landskappleiken i 2009. Den har i hovudsak handla om i kva for grad dommarane skal ta omsyn til om utøvaren opererer med ein gjennomført tradisjonell stil eller ikkje.

Myhren peikte i innlegget sitt på at då NRK tok til med dei første folkemusikksendingane sine, avslørte desse ein stor skilnad i normkjenslene mellom by og land.


Unyansert
I Klassekampen helsar Jan Lothe Eriksen, avtroppande leiar for Riksscenen, debatten velkomen. Han meiner likevel at stoda er annleis og meir nyansert enn den Fossen skisserer.

- Skolerte folkemusikarar i dag kan gjera ting som tidlegare generasjonar av tradisjonsmusikarar ikkje var i nærleiken av å meistra, men om uttrykket blir for ”pent” eller ”flinkt”, så meiner mange at ein missar noko på vegen. Det er legitimt og viktig å diskutera, seier han til Guri Kulås.

Direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, meiner Fossen teiknar eit feilaktig bilete.

- Motseiinga «tradisjonalist frå bygda» kontra «fornyar frå byen» er så oppkonstruert og overforenkla at det gir eit heilt feilaktig bilete av røyndommen. Håkon Høgemo frå Øvre Årdal spelar tradisjonsstoff slik ein yngre, framifrå klassisk-utøvar tolkar Mozart, Synnøve S. Bjørset frå Jølster har både Musikkhøgskolen, og har gått tilbake til tradisjonen etter dei gamle Jølster-spelemennene også i eigne komposisjonar, seier ho.

Bjørkum hevdar vidare at det norske folkemusikkmiljøet sjeldan har vore så ope og inkluderande som i dag, medan Eriksen konkluderer med at stoda er konstruert av media.

- Kanskje var det slik Annbjørg Lien opplevde det, då ho sette foten fram, men i dag er det journalistar og folk på ”utsida” som er oppteken av kva folkemusikkpolitiet, kven no dei måtte vera, seier han.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: