Nye folkemusikktalent ut i verda
Folkemusikkgruppa Tindra har nett kome att frå ei spennande reise til Vietnam. No vender ei ny gruppe unge tradisjonsmusikarar nasen ut i verda, denne gongen mot Malawi i Søraust-Afrika. Arngunn Bell, Vidar Skrede og Linda Gytri er sendt ut av Førdefestivalen for å treffe folkemusikarar frå andre kulturar. I Malawi deltar dei på Music Crossroads, som er ein musikkfestival for ungdom.
Bell, Gytri, Skrede. Foto: Førdefestivalen (350x)

Tindra med Jorun Marie Kvernberg, Åshild Vetrhus og Irene Tillung spelte konsertar i Hanoi førre veke. Dei møtte igjen musikarane frå India og Vietnam som dei laga konsert med i Førde i fjor sommar. Konsertane i Vietnam fekk svært god respons hjå publikum. På musikkonservatoriet fekk Åshild Vetrhus spontan applaus då ho sang solo - på vietnamesisk. Dei spelte óg livekonsert for vietnamesisk radio med eit engasjert publikum i salen. Besøket i Vietnam vart gjennomført i samarbeid med Rikskonsertane i Norge og Vietnamese Institut for Musicology.

Denne veka er det Arngunn Timenes Bell frå Viksdalen, Vidar Skrede frå Haugesund og Linda Gytri frå Olden som er dei heldige. Dei tre utgjer den norske delen av festivalen sitt talentprosjekt i året vi er inne i. Med reisa til Afrika får dei ein spesiell start på talentåret sitt når dei i Malawi skal delta på Music Crossroads, som er ein musikkfestival for ungdom.

I tillegg skal dei tre ha konsert for Kronprinsesse Mette Marit. Ho er i landet som eit ledd i at ho er engasjert i arbeidet mot AIDS.

Frå november og fram til i dag har Arngunn, Linda og Vidar hatt det hektisk med å setje saman eit repertoar og ”finne tonen”. Når dei til vanlet har Bergen og Vågå som adresse, seier det seg sjølv at ei reise til Afrika er ein kjærkomen sjanse til å øve og spele seg saman som trio. At dei også får med seg mange nye spennande inntrykk og eksotiske opplevingar, er det ikkje tvil om.

Arngunn Timenes Bell (22) har spelt hardingfele i 15 år. Ho deltek på kappleikar, spelar til dans og driv som instruktør. Sidan 1997 har ho vore kunstnarisk leiar i Gaular spelemannslag. Haugesundaren Vidar Skrede har fele, hardingfele og gitar som sine instrument. Han spelar i gruppene Folk og Fente og Geitungen (har gjeve ut CD’en Vaniljesaus). Linda Gytri er trekkspelar med bakgrunn frå ulike sjangrar. No er ho student ved Ole Bull Akademiet på Voss og det er folkemusikken som står i sentrum. Ho har spelt med mange musikarar, både norske og utanlandske.
Til det vesle landet Malawi i det sørlege Afrika reiser også festivaldirektør Lene Furuli.

– Eg gler meg sjølvsagt til å sjå dei tre talenta våre i aksjon saman med andre unge musikarar under musikkfestivalen, seier Furuli. - Men det blir også veldig spennande å sjå om vi kan finne tre unge musikarar som kan komme til Førde i sommar og delta i talentprosjektet vårt. Det hadde vore ekstra moro om vi kunne møte dei under dette opphaldet!

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Festivals\Outside Norway, Genre\Folk / Traditional