Breim som knutepunktkandidat

Medan countrymusikkfestivalane i Sjåk, Vinstra og Seljord stiller seg avventande til knutepunktstatus, er den noko mindre konkurrenten Norsk Country Treff i Breim meir entusiastisk.

- Vi er positive og føler oss bra kvalifisert, seier dagleg leiar i Breim til Dagbladet.

Torsdag 23. september gjekk kulturminister Anniken Huitfeldt ut i Dagbladet og avslørte at ho gjerne vil tildele ein av landet sine countrymusikkfestivalar knutepunktstatus. Dette har ikkje vekt noko særleg entusiasme blant countryfestivalane, sett vekk i frå festivalen i Breim.

Riktige grep
Om ein skal tru Countrykjennarane Tom Skjeklesæter og Kristin Solli er det på ingen måte urealistisk for Breim å ynskje seg knutepunktstatus. I samtale med Dagbladet, trekk begge fram Breim som den klaraste kandidaten. Kristin Solli, som har doktorgrad i countrymusikk, legg også til at festivalen i Breim har tatt riktige kulturpolitiske grep gjennom fleire år.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon: