Rekordstort førehandssal for Hardanger Musikkfest
Frå Hardanger Musikkfest meldast det om at 5000 billettar er rivne bort, og at hotella i distrikta er stappfulle. - No oppfordrar vi publikum på Vestlandet om å ta dagsturar, seier festivalens daglege leiar Tone Tveito Eidnes.
Leif Ove Andsnes 2006 (photo: Simon Fowler) (300x300)

Jan Garbarek Group vil spela ute ved Hardangerfjordens breidd. Leif Ove Andsnes, Håvard Gimse og Henning Kraggerud  inviterar til Grieg-galla, og Åse Kleveland, Lars Klevestrand og Helge Jordal går i rallarens fotspor i ei fjellhole ved Tyssedal.

Dette er nokre av ingrediensane i årets festival, som finn stad i Lofthus i Ullensvang 24. - 28. mai, og som er medverkande faktorar til at årets sal har gått strykande.

Grieg-markering

Eit sterkt fokus på Edvard Grieg er naturleg for festivalen, i og med at komponisten hadde si eiga komponisthytte i Lofthus. Han var dessutan stamgjest ved Hotel Ullensvang i 30 år. Dei ovannemnde utøvarane byd på Grieg-galla, i tillegg vil den unge barytonen Johannes Weisser synga frå Vinje-songane, medan hardingfele-spelararen Åse Teigland frå Hardanger held Griegkonsert saman med sopran og INTRO-vinnar Berit Norbakken Solset. Ein annleis Griegkonsert vert det når Anders Clemens Øien inntek podiet. Den klassiske gitaristen har som første skandinav vunne førsteprisen i den prestisjetunge Andrés Segovia-konkurransen i Spania, som er rekna som den leiande i verda for klassisk gitarspel. Vidare framfører Oslo Strykekvartett Øystein Sonstads tingingsverk frå Grieg 2007 og Solveig Kringlebotn og The Brazz Brothers framfører utdrag frå Haugtussa.

Det fullstendige programmet for festivalen finn du her.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical\Classical