Riksscene for folkemusikk og folkedans, ein god eller dårleg idé?
Debatten rundt etableringa, og ikkje minst plasseringa av ei norsk riksscene for folkemusikk og folkedans, har prega folkemusikkmiljøet den siste tida. Etter ei årrekkje med førebuing og planlegging, gav ein einstemming kulturkomité si støtte til ”eit initiativ for å få i gang en nasjonal scene for folkemusikk og folkedans” i 2004. Det vart teke til etterretning at dei store organisasjonane på feltet ynskjer at ein slik institusjon skal ligge i Oslo-området og samstundes verte knytt opp til dei ulike lokale miljøa rundt om i landet.

Av Anna Hamre, Spelemannsbladet

Er etableringa av ei riksscene fornuftig bruk av ressursar?
Den vidare debatten rundt riksscena for folkemusikk og folkedans syner at den tilsynelatande breie semja rundt eit slikt initiativ kanskje ikkje er så eintydig likevel.

Fleire har uttala seg om at plasseringa av ein slik institusjon i Oslo kan vere uheldig for omsynet til det geografiske mangfaldet i norsk folkemusikk og folkedans. I tillegg har enkelte røyster stilt spørsmål ved sjølve ideen om ei riksscene. Underteikna har snakka med ein av desse, Gabriel Fliflet, folkemusikkutøvar og kunstnarleg leiar i folkemusikklubben Columbi Egg i Bergen. Fliflet meinar at andre måtar å støtte og promotere norsk folkemusikk og folkedans på, bør prioriterast framføre etableringa av ei riksscene.

– Eg stiller spørsmål ved prioriteringa av ein slik institusjon som ei riksscene er. Generelt sett meinar eg at det i musikklivet blir brukt for mykje pengar på bygg, og for lite på fondsmidlar som går direkte til utøvaren. Noreg er full av flotte kulturhus med lite innhald. Når byggherrar har fått si betaling, er det ofte fint lite midlar att til kunstnaren. Direkte støtte til utøvar er ein mykje meir effektiv bruk av økonomiske ressursar enn midlar til institusjonar, seier Fliflet.

Han legg til at prosjektet ”Tryllefløyta” er eit glimrande døme: eit kreativt miljø som allereie eksisterer får direkte stønad til ein produksjon. Dette har resultert i eit glimrande kunstnarleg produkt som fremjar folkemusikken på ein god måte. Fondsmidlane bør aukast slik at musikalske utøvarar kan søkje om støtte til ulike musikalske prosjekt.

Har tida sprunge frå dei store nasjonale musikkinsttusjonane?
– Eg synest ikkje diskusjonen om kvar ei riksscene skal liggje er så interessant. I stadanfor stiller eg meg spørsmålet om ikkje tida har sprunge frå dei store nasjonale musikkinstitusjonane, seier Gabriel Fliflet. Fliflet syns det er viktig å få fram at ein må stole meir på at musikarar og arrangørar kan ta fornuftige val i stadanfor å bli toppstyrt frå nasjonalt hald. Ved folkemusikklubben Columbi Egg får Fliflet betalt for jobben som musikalsk vert. Utover dette går 95% av inntektene direkte til musikarar. I følgje den musikalske verten får musikarane som opptrer ved Columbi Egg anstendig betalt, men hadde fortent mykje meir.

– Ein burde syte for at særleg den yngre generasjon av folkemusikarar fekk betre betalt, raust med stipend og hjelp til turnéplanleggjing, slik at dei slepp å bruke kvardagane på søknads- og kontorarbeid.

Kan ikkje vedta å danne eit folkemusikkmiljø
I følgje Fliflet er det viktig å oppmode alle involverte til å vere nøkterne. Publikumstala på folkemusikkonsertar i Oslo ligg gjerne på om lag 20 - 30 personar. Kvifor skal ein då lage ein sal med plass til fleire hundre tilskodarar? Ein kan ikkje vedta å lage eit miljø, publikumstala vil ikkje verte tidobla berre fordi ein etablerer ei riksscene, meiner Fliflet.

– Ein bør heller tenkje omvendt, og støtte opp om dei som allereie drive med konkrete prosjekt. I Oslo finst det i alle høve allereie eksisterande salar ein kan bruke til store folkemusikkonsertar. Som omreisande musikar ser eg kor små marginar lokale konsertarrangørar har. Dei må stresse med søknadar og i verste fall betale underskotet av eiga lomme. Om desse eldsjelene visste at dei automatisk fekk eit raust tilskot for kvar konsert, ville dei orke så mykje meir.

I følgje Gabriel Fliflet er det viktig å tenkje fornuftig i slike saker som omhandlar bruk av så mykje økonomiske ressursar. Folkemusikk-Noreg slit generelt sett med for lite pengar, noko Fliflet òg har fått oppleve på Columbi Egg, og det er heilt essensielt å prioritere rett slik at midlane strekk til. Difor bør finansiell støtte gå direkte til utøvarar og arrangørar same kvar dei bur i landet.

– Ein bør satse desentralisert og dele ut støtte til dei som både vil og kan. Dette skal sjølvsagt og koma Oslo til gode; alle stadar bør verte behandla likt, seier Fliflet og avsluttar med å stille dette spørsmålet:

– Kanskje hadde det vore rettare og viktigare å satse på eit riksfond i staden for ei riksscene?

Artikkelen er tidligere trykket i Spelemannsbladet, og gjengis her med tillatelse fra artikkelforfatter og publikasjon.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Debate, Genre\Folk / Traditional, Politics