Vals med meg
KONSERTMELDING: Annbjørg Liens bestillingsverk ”Waltz With Me” vart framført under Telemarkfestivalen fredag. Lien hadde med seg Bruce Molsky (fele og vokal), Mikael Marin (bratsj) og Christine Hanson (cello) under urframføringa, som hadde som mål å komma nært innpå publikum. - Eit sakn var å få oppleva nokon heilskap under konserten. Lien presenterte ei heil rekkje mindre komposisjonar, og samansetjinga av desse tyktest vera tilfeldig. For meg vart dette dermed vèl så mykje ein konsert der Lien med vener framførte eit knippe låtar dei hadde sett saman for høvet, som ein konsert under namnet ”Årets bestillingsverk”, skriv Ballades meldar.
Annbjørg Lien - Waltz With Me (Foto: Niels Røine) (360x)

Av Ida Habbestad

- Ingen konsert vert levande om det ikkje gjenskapast på ny og på ny, sa representanten for festivalleiinga som innleiing til framføringa av årets bestillingsverk.

I ”Waltz With Me” hadde Annbjørg Lien (hardingfele) invitert med seg musikarane Bruce Molsky (fele og vokal), Mikael Marin (bratsj) og Christine Hanson (cello). Dei danna ein internasjonal strykekvartett som gav høve for møte mellom tradisjonar frå Norge, USA, Canada/Skottland og Sverige.

I diverse intervju med komponisten har ein kunna lesa at tittelen på bestillingsverket var meint metaforisk. Valsen var eit mentalt bilete på nærleik, og Lien sitt ynskje med verket var å komma nært innpå publikum.

Vals for to

Å streba etter nærleik til sitt publikum er ei vanleg og sikkert evig aktuell problemstilling. Korleis ein lukkast i å skapa denne nærleiken er ei gåte for mange, og der finst neppe fasitsvar.

Éitt døme på ein vellukka kommunikasjon vart demonstrert av Annbjørg Lien og Bruce Molsky under opningskonserten dagen før. Då presenterte dei to låtar for oss; ikkje nødvendigvis framført utådvendt, men snarare med ein så sterk intensitet på eit mellommenneskeleg plan at den i seg sjølv gjorde krav på vårt närvär.

Men under fredagens konsert var opplevinga at utøvarane ikkje lukkast nå meg på tilsvarande vis.

Ei vesentleg årsak til dette trur eg ligg i måten den enkelte musikaren fekk vera – eller ikkje vera – framtredande på gjennom forestillinga. Mitt største sakn denne kvelden var nemleg å få stifta kjennskap med alle dei medverkande musikarane.

”Vals med meg” var Lien sin invitasjon, men det tyktest som den einaste som verkeleg vart invitert – eller tok invitasjonen på alvor – var Molsky. Han fekk komma til sin rett som musikar, dels gjennom at han vart tildelt spanande musikalsk materiale, dels gjennom utbredt kontakt med Lien, og dels gjennom at han sjølv tok kontakt med publikum verbalt.

Dei to andre musikarane kom meir i skuggen. Desse var plasserte litt for seg i scenebildet, dei hadde ikkje like god lyd som felespelarane, og kva gjeld det musikalske materialet hadde dei nokså gjennomgåande ein akkompangerande funksjon. Ikkje på noko tidspunkt fekk me høyra solistiske innslag frå deira side, og berre i små glimt kunne ein dermed ana kva denne delen av stjernelaget eigentleg var gode for.

Likeeins tyktest Lien si vekting av internasjonale element reflektera dette tilhøvet, den appalachianske tradisjonen som Molsky representerer virka framtredande, medan dei svenske og kanadisk-skotske innslaga verka meir anonyme.

Manglande heilskap

Eit anna sakn var å få oppleva nokon heilskap under konserten. Her kan sjølvsagt omgrepsbruken vera eit forvirrande element. Frå mitt kunstmusikalske utgangspunkt tolkar eg eit heilaftans bestillingsverk presentert under eìn tittel som ein samanhengande komposisjon. Gjerne med grupperingar, sjølvstendige delar og så vidare, men tross alt med ei eller anna form for overordna utvikling eller samanheng.

Under konserten presenterte Lien ei heil rekkje mindre komposisjonar, og samansetjinga av desse tyktest vera tilfeldig. For meg vart dette dermed vèl så mykje ein konsert der Annbjørg Lien med vener framførte eit knippe låtar dei hadde sett saman for høvet, som ein konsert under namnet ”Årets bestillingsverk”.

Augneblink av nærleik

Med andre ord; eg fekk aldri noka fornemming av kva Lien eigentleg ville med verket; om ho søkte i ei retning eller om ho hadde nokon overordna musikalsk tanke bak det heile.

Den annonserte nærleiken verka fjern, og eg kunne ynskt at Lien hadde hjelpt meg verbalt sett. Lien tok seg tid til å takka alle menneska som hadde mogleggjort verket, men ho fortalde meg aldri noko om kva ho ynskte eller tenkte musikalsk sett.

Dette vart ein påfallande kontrast til mykje av den øvrige musikken under festivalen, som gjerne vert introdusert nokså omfattande. Det er mange historier tilknytt folkemusikken, og dei tykkjest vera ein vesentleg del av den.

Kanskje var mangelen på verbal forklaring i dette tilfellet eit medvite ynskje om å gå utanom tradisjonen, eller eit forsøk på å syna at musikk ikkje treng å stå for noko utanfor seg sjølv. Ikkje desto mindre meiner eg at konserten fungerte best dei få gongene Lien gav korte introduksjonar.

Dømevis i stykket ”Fela” med tekst av Knut Buen (vakkert tolka av gjesteartist Kirsten Bråten Berg i samsong med Molsky) og ”Mother and Son” som Lien fortalde ho skreiv då ho sjølv vart mor.

Det var i slike augneblink at Lien og hennar medmusikantar lukkast skapa augneblink av nærleik, og det er desse innslaga under konserten eg kjem til å hugsa i ettertid.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional