Nytt styre lyser ut prosjektstilling
På styremøtet 13. april vart det nye NFD-styret konstituert. Nye og gamle styremedlemmer møttest i dei nye lokala til NFD og vedtok mellom anna å lyse ut ein eittårig prosjektstilling i 100 % til arbeidet med festival i Kristiansand/Agder-regionen.

NFDs styre 2004 (Foto:Anne Hytta) (250x153)

Det nye styret er Halvard Kaasa - leiar, Helene Høye - nestleiar, Maria Høgetveit Berg - skrivar, Tarjei Haugen - kassastyrar og Tore Bolstad - styremedlem. Varamedlemmene er Minna Wetlesen, Åshild Vetrhus og Jon Anders Halvorsen.

Maria Høgetveit Berg er kjend profil i folkemusikkmiljøet, både som dansar og kvedar. Ho har også sitte i NFD-styret i tidlegare periodar. Minna Wetlesen bur på Ås i Akershus. Ho er aktiv dansar og organisasjonsmenneske. Åshild Vetrhus kjem frå Suldal i Rogaland. Ho går siste året på kandidatstudiet i musikkpedagogikk på Musikkhøgskolen i Oslo med folkesong som hovudinstrument, og er elles aktiv som songar i gruppa Tindra.

Det fulltallige styret gjekk tysdag inn for å lyse ut ei eittårig prosjektstilling i 100% til førebuing av fagseminar og festival i Kristiansand/Agder-regionen. Styret håper no på mange gode søknader til denne prosjektstillinga – personen som får denne stillinga vil ha stor moglegheit til å forme ut eit nyskapande tradisjonsmusikk-treff for miljøet og eit større publikum.

Denne artikkelen er opprinnelig publisert i "Kvinten" og gjengis med velvillig tillatelse fra rettighetshavnerne.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Organizations, Positions