Gloppen musikkfest: - Gripande historier og sterke stemmer
- Tema for årets festival er "stemmer", og vi har invitert musikarar og songarar som bruker stemma for å uttrykke noko som både er vakkert – men også noko som kanskje stikk djupare enn det vakre, seier Are Frode Søholt – festivalsjef for Gloppen Musikkfest. Den femte utgåva av festivalen finner stad i Sandane i perioden 9.-12. august.
Are Frode Søholt_Gloppen musikkfest (350x210)

- Menneska har behov for - og rett - til å uttrykkje seg, og stemma er her eit instrument. Det som kjenneteiknar årets artistar er at dei har noko på hjartet; dei har noko dei vil seie - eller syngje, seier festivalsjefen vidare om årets musikkfest. Gloppen musikkfest starta i 2003 som ein liten kammermusikkfestiva, men kan i år by på mellom anna katedralsk stemning i ein flyhangar, stand-up opera i eit hagetelt og amerikanske spirituals.

Festivalsjefen guider gjennom programmet:

Grieg-året 2007

Opningskonserten vil vere ei markering av at det i 2007 vil vere 100 år sidan Edvard Grieg døydde. Gloppen Musikkfest har difor invitert Det Norske Solistkor til å halde ein konsert med utgangspunkt i det siste Grieg skreiv før han døydde, nemleg "Salmene”.

På konserten blir det også ei urframføring av den norske komponisten Ola Gjeilo - eit verk for Det Norske Solistkor og Audun Sandvik på cello.

Ekspressiv formidling

Folkesongaren Unni Løvlid søkjer stadig nye vegar som artist, og under Gloppen Musikkfest skal ho framføre eit av musikkhistorias viktigaste tidlegmodernistiske verk, “Pierrot Lunaire” av Arnold Schönberg.

Gjennom 21 korte satsar vil Løvlid, gjennom ein heilt spesiell songteknikk, formidle historia om bohemen Pierrot som vandrar ut i måneskinnet - og lar seg ruse.

Professor i komposisjon ved Norges Musikkhøgskole, Olav Anton Thommessen, vil halde ei innleiing.

Renessanse i flyhangaren

Kjetil Almenning vil halde konsert i flyhangaren på Sandane. Hallen er mest som ein katedral med den store akustikken, så difor har sandensaren Kjetil Almenning, som studerer kordireksjon i Stockholm, fått med seg fire andre dyktige kollegaer frå NMH og Det Norske Solistkor, og gått saman i ein kvintett.

Dei vil framføre fargerike tonemåleri frå 1500-talet. Musikk som er skriven nett for dei store europeiske katedralane.

Verdsstjerne dirigerer Johannespasjonen av Bach

Gloppen musikkfest har invitert den legendariske tyske songaren og dirigenten Peter Schreier, som blant anna har samarbeidd med kjente dirigentar som Herbert von Karajan, til å halde eit meisterkurs i korleis ein kan framføre musikken til Johann Sebastian Bach.

Schreier er ein av dei viktigaste tolkarane av Bach i vår tid. Meisterkurset startar måndag 6. august, og blir avslutta med ei storslått framføring av Johannespasjonen av Bach: Ei gripande historie om Jesu liding og død.

I tillegg til dette blir det også mellom anna ein opera skriven for barn; “Chip og hunden” av den italienske komponisten Gian Carlo Menotti (som døydde i februar i år) og konsert med Kristin Asbjørnsen og hennar versjonar av afroamerikanske spirituals.

- Stemmene vi får høyre under Gloppen Musikkfest 2007 fortel sterke historier; om kjærleik, galskap, lengt; om tru og håp. Det er stemmer som fortel noko om livet, lover festivalsjefen.

PROGRAM

TORSDAG 9. AUGUST // KL. 19.30 // AULAEN, FIRDA VGS
Grieg og Det Norske Solistkor
Dirigent: Grete Pedersen
Cello: Audun Sandvik

FREDAG 10. AUGUST // KL 19.00 // NORDFJORD FOLKEMUSEUM
Pierrot Lunaire med Unni Løvlid
Innleiing ved professor Olav Anton Thommessen

FREDAG 10. AUGUST // KL. 22.00 // FLYHANGAREN PÅ ELVANESET
Flyhangarkonsert
Harald Bakkeby Moe (kontratenor), Kjetil Almenning (tenor), Oddgeir Kjetilstad (tenor), Halvor Festervoll Melien (baryton), Daniel Oskar Danilesson (bass)

LAURDAG 11. AUGUST // KL. 14.00 // AULAEN, FIRDA VGS
Chip og hunden - familieopera

LAURDAG 11. AUGUST // KL. 20.00 // BREIM KYRKJE
Kristin Asbjørnsen - Spirituals

LAURDAG 11. AUGUST // KL. 22.00 // HAGETELT, GLOPPEN HOTELL
Stand up Opera!

SØNDAG 12. AUGUST // KL. 18.00 // VEREIDE KYRKJE
Johannespasjonen av Bach med Peter Schreier som dirigent.
Kor med songarar frå Det Norske Solistkor og Griegakademiet, festivalorkester, solistar frå meisterkurs med Peter Schreier.

SØNDAG 12. AUGUST // KL. 21.30 // KJELLAREN, GLOPPEN HOTELL
Kammerpub med klaverkvintett
Anders Nilsson (fiolin), Ida Bryhn (bratsj), Audun Sandvik (cello), Kristian Lindberg( piano)

For meir informasjon: gloppenmusikkfest.no

Av Bjørn Hammershaug Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Jazz, Genre\Classical, Concerts