Sterkt perspektiv på dødsstraff
Cecilie Ore har saman med dramaturg Bibbi Moslet funne fram til ei rekkje utsegn frå dødsdømde. Fredag vart "Dead Beat Escapement", tinga av Den Norske Opera & Ballett, urframført. «Dead Beat Escapement» røskar i eit verdsaktuelt tema samstundes som den konvensjonelle operaforma vert utforska, skriv Ballades utsende om verket, som meiner framsyninga balanserer hårfint mellom den potensielle objektive distansen og overveldande sentimentalitet.
Dead Beat Escapement 1/Foto: www.operaen.no (370x300)

Av Ida Habbestad

Det er ein aldri så liten begivenhet å oververa ein ny norsk opera. "Dead Beat Escapement har komme til i nært samarbeid mellom komponist og dramaturg, og resultatet er stramt regissert, nyskapande og overtydande.

Dei to opphavspersonane, komponist Cecilie Ore og dramaturg Bibbi Moslet peikar gjennom verket på den brutale praksis som dødsstraff er.

Døden følgjer oss, frå barnet over høgtalarane bekymringslaust syng regla om «Humpty Dumpty». Vidare til den alvorlege, grå tilværsla på scena der ingen utveg finst for dei dødsdømde. Alt som vert ytra på scena er verkelege utsegn, og sterke ytringar finn stad. «Ikkje sjå etter trøyst i min død», seier ein av fangane: «Henrettinga gjev ikkje rettvise; den feirar hemn».


Askese og blodig alvor

Opphavspersonane fortel med brodd på eit vis som for meg utgjer eit friskt pust i den elles nokså konvensjonelle operaverda. Der overlessa musikalske og tekstlege bodskap ofte er gjeldande, er den musikalske askese her påtakeleg. Orkestret er fjerna, og songen er talenær. Igjen står enkle ytringar; kortpusta opphakka og repetative. Dei speglar menneske som er i ferd med å mista grepet om seg sjølv; beteiknar frykt og innestengde kjensler.

Ein slik askese gjev plass til andre uttrykksformer. Der vert plass til Hilde Andersen sin stilreine regi som tidvis finn stad i stille; til Kristin Bredal sitt effektive lysdesign og til Øyvind Jørgensen sine oppbyggjingar av meir truverdige kampscener enn vanleg i norske operahus. Der vert plass til Tine Schwab sin enkle scenografi i grått og rødt, som får reflektera vekselvis vonløyse og blodig alvor.

Ikkje minst vert der plass til ytringane i seg. Kvart ord kan gripast, målbore av dei 13 karakterane på scena. Songarar og dansarar utstråler saman fortvila aggresjon, sørgjer for at karakterane vert framstilt både visuelt og klangleg i ein flat struktur. Her er ingen heltar – alle er i same båt.


Dei mange - og enkeltskjebnene

Alt dette understrekar inntrykket av at det ikkje er enkeltpersonens forteljing, men den om dei mange som skal berettast. Likevel virkar framsyninga for meg sterkast når glimt av enkeltskjebner kjem fram, som når fangane ramsar opp ynskje om sine siste måltid. Det er noko krampeaktig jordnært ved dei glupske listene til mange, som om dei gjennom det kunne forlenga livskjensla – med påfølgjande, høgst levande slafs og slurp.

I slike og i andre framstillingar balanserer framsyninga hårfint mellom den potensielle objektive distansen og overveldande sentimentalitet som begge er fallgruver når samfunnsaktuelle tema vert henta inn i kunst. Gjennom ovanfor nemnde verkemiddel samt ei rekkje referansar til røynda der ute, som Da Vincis «Den siste nattverd», ein julesong, ei barneregle – skapast ei sanseleg blanding av noko sentimentalt, varmt, nært – og samstundes nøkternt, objektivt og kaldt.

Skal noko innvendast må det vera at dei uthaldne dødsaugneblikka vert vel utstrakt for meg. Fangens siste tankar vert einslydande i lengda, og burde truleg strammast endå meir.

Men viktigst er at verket utfordrar tanken om kva opera kan vera. Den innbyd til nye løysingar og perspektiv – på nettopp omgrepet gesamtkunstverk.


«Dead Beat Escapement»
Av Cecilie Ore
Dramaturgi: Bibbi Moslet
Konsept og libretto: Cecilie Ore og Bibbi Moslet
Regi: Hilde Andersen
Scenografi og kostymer: Tine Schwab
Lysdesign: Kristin Bredal
Koreografisk konsulent: Øyvind Jørgensen
Musikalsk ledelse Markus Kvits
Musikalsk innstudering: Bjarne Sakshaug
Med Thor Inge Falch, Espen Fegran, Yngve A. Søholt, Per A. Tønder, Håvard Stensvold, Sittibancha Bamphen, Thomas Gundersen, Nils Jakob Johannesen, Øyvind Jørgensen, Terje T. Mossige, Erik Rulin, Stig Zeiner-Gundersen
Den Norske Opera/Ultima

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Reviews\Concerts, Festivals, Genre\Classical\Opera / Stage Music, Genre\Classical\Contemporary