Nils Økland på Sound of Mu i kveld
Felespelaren Nils Økland er felespelar (hardingfele,fiolin,viola d,amore) jobbar i gråsonen mellom norsk folkemusikk, improvisasjon og moderne musikk.
Nils Økland 2007 (240x240)

Nils Økland er felespelar (hardingfele,fiolin,viola d,amore) som jobbar i gråsonen mellom norsk folkemusikk, improvisasjon og moderne musikk.

Nils Økland var musikalsk leiar ved Ole Bull Akademiet i seks år. I tillegg til å leda eigne prosjekt er han leiar for Harald Hårfagre Kammerorkester i Haugesund, som mottek ensemblestøtte frå Norsk Kulturråd.

Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i dei fleste europeiske land og hatt fleire turnear for Rikskonsertane. Han har urframført verk for solo hardingfele og med orkester, i tillegg til at han også komponerer mykje av sitt eige konsertrepertoar.

Han har skrive musikken til skodespelet Melancholia, som er basert på Jon Fosse sine romanar Melancholia I og II, og som blei sett opp på Haugesund Teater, Rogaland Teater og Det norske Teateret og forstillinga Horisonter basert på Kolbein Falkeids dikt ved Haugesund teater (2006). Har også laga filmmusikk, ballettmusikk og bestillingsverk for Osafestivalen, NRK, Sildajazz og Rikskonsertane.

Økland har kome med tre soloutgjevingar, debutplata Blå Harding, og seinare Straum og Bris. Han var med i Løver og Tigre (1983), Balkansamblet (1984), og gjorde i 1986 ei innspeling saman med jazzbassisten Bjørnar Andresen. Han har også vore med i Oslo tangoforening, og er for tida medlem av Christian Wallumrød Ensemble

Medverkande:


Dette i følge hjemmesidene til Sound of Mu.

Konserten starter kl. 20.

Av Carl Kristian Johansen Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Genre\Classical\Contemporary, Improvisation