Lokalt og internasjonalt
Søndag kveld vart nok ei spennvidde ved festspelprogrammet belyst.
Tolvskillingsoperaen09-1/Foto: Festspillene i Bergen (350x525)

Av Ida Habbestad

I alle fall kjendest avstanden gigantisk – og fascinerande – mellom produksjonane på Den Nasjonale Scene og på Logen denne kvelden.

På førstnemnde stad såg eg ”Tolvskillingsoperaen” av Bertold Brecht og Kurt Weill – i Robert Wilson si oppsetjing. Den kjende regissøren står bak både regi, scenografi og lysdesign i framsyninga som nyleg er spelt i Amsterdam og Berlin, og som er snart på veg vidare til Paris.

Med skodespelarar frå Berliner Ensemble – den same truppen som første gong sette opp stykket då det kom til i 1928 – er det som det kviler eit historisk sus over produksjonen, som vart laga til syngespelet sin 80-årsdag i 2008.

Langt på veg er Wilson tru mot originalen og få element er lagt til. Samstundes byd framsyninga på eit fantastisk rikt visuelt spel, der lys og scenografi virkar like viktige som skodespelarane sjølv. Og for underteikna vart framsyninga som ei oppvising i nyanserte lyssetjngar, stiliserte karakterskildringar samt rå og luguber song i dei leikne framstillingar av skurkar, horer og ikkje minst – den elegante framstillinga av skilnaden mellom det verkelege livet og ein opera.

Assosiasjonane gjekk til alt frå sirkus og karneval – til Schönberg og andre sine framstillingar av Poirot-karakteren, og vidare til makabert 1920-tals liv i Europa, til teiknefilmen, til cabareten – i alt ei verd i seg.


Møtestad
Frå framføringa av det som er mellom verdens mest framførte musikkteaterstykke, gjekk turen til Colombi Egg på Logen.

Også der vart eit jubileum markert: Gjennom 10 år har scena vore møtestad for folkemusikarar av ulike slag. Men der Wilson-oppsetjnga er på reise gjennom europeiske byar, markerer denne scena nettopp noko bufast i Bergen – der artistane vel varierer, men der stemninga og publikummet i stort virkar vera stabilt.

Sjølv om organisasjonen si levetid i denne samanhengen kan sjåast som kort, har musikken røter attende i tid, og mykje handlar om identitet.

Denne kvelden var der møte mellom Kirsten Bråten Berg og Kouame Sereba, som mintest sin felles tid i gruppa frå Setesdal til Senegal, toppa av Sereba sitt virtuost framlagte spel på ein afrikansk gigantisk munnharpe. Der var klart for nye samarbeid, som det mellom Sereba og eit knippe 16-åringar frå Steinerskulen i Bergen som opptredde med nyleg innlærte stykke på marimba. Og der var rom for ei rekkje andre som GamaltNymalt og fleire.

Gabriel Fliflet som trufast leiar gjennom åra – losa oss gjennom det heile – og sørgde for ei lun og laussluppen stemning – som gjev grunn til å tru at scena nok vil vera sentrum i stadig mange år.


Eit lite glimt
Det nærmar seg slutten av festspeltida, og etter eit nokså heftig antal konserttimar, var det ikkje fritt for at ferda gjekk heim etter kun ei avdeling. Vel vitande om at mykje god musikk stadig skulle bli utøvd – eit godt stykke ut gjennom vårkvelden.

Det er i seg eit vakkert bilete på ein festival så omfattande at same kor mange evenement ein får med seg, vil ein aldri få meir enn eit lite innsyn i heilskapen.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: