Musikalsk rasisme eller styrt dumskap?
Redaktøren i Spelemannsbladet, Kjell Bitustøyl, benka seg ved NRK P1 før jul for å høyre eit innslag om folkekulturstudiet i Rauland. Han fekk for det meste høyre Mark Knopfler, Oslo Gospel Choir, Queen og "Glade jul", og ein progamleiar som forsikra han om at "Vera Lynn også hadde sans for folkemusikk". - Eg kan ikkje finne andre ord enn at dette dreiar seg om ein type musikalsk rasisme, skriv Bitustøyl i dette innlegget. - At dumskapen er styrt frå høgare hald og skuldast formatering, er fort å skulde på, men det må då vera eit visst rom for å bruke eige hovud og eigne vurderingar også lokalt, spør han, og lurar på om distrikta like gjerne burde lausrive seg frå "NRK Østafjells".

Av Kjell Bitustøyl

Radiokanalen NRK Østafjells, eller Kose-Bu-Te-Ve, om ein vil, hadde tradisjonen tru 16.12. teke turen ut i reservatet i ei førejulstid. Dei hadde installert seg på Folkekulturstudiet i Rauland for å lage ei halvannan times direkte føremiddagssending derifrå. Alt i omtalen på førehand kunne ein ane kvar det bar, då sleppte dei til heile to sekund av feleslåtten Fanitullen for at folket skulle bli frista til å ta del i dette sjeldne besøket så langt frå NRK sitt hovudsete Borgåsen i Porsgrunn. Me fekk førespegla eit møte med både tradisjonsmat og tradisjonsmusikk, passe eksotisk slik rett før jul.

Det starta feiande flott med ein av dei som har profilert Vest-Telemark mest siste året, Brenda Lee, med ein folkeleg versjon av Draumkvede-varianten ”Rocking around the Christmas tree”. Programleiaren var innom at folkemusikkstudiet kunne by på ein ungarsk student, og at ”…ungarsk folkemusikk, det kan vera heftige saker”. Så flaut ein vidare på ein song av Vamp, som var eit dristig musikalsk val, ikkje minst med tanke på at dei syng på norsk.

Etter meir matprat og alvorstunge tankar om det viktige med lokal kultur frå matekspert Bodil Nordjordet, var det på tide med litt motvekt, då kom skillingvisa ”Postcards from Paraguay” med Mark Knopfler, alle vil vel hugse han for den framifrå innsatsen hans på Landskappleiken i sommar!

Frå den lokale matretten ”kling” fekk professor i folkekultur Vidar Lande sleppe til, fyrst berre i ein intro, og ein betre inntogsmarsj kunne han knapt ynskje seg, bruremarsjen ”It had to be you” med Vera Lynn kjenner alle. Snakk om å kome i godstemning før godpraten kjem i gang! Og programleiaren kom med eit gullkorn i utannonseringa av slåtten: ”Jeg er helt sikker på at Vera Lynn også hadde sans for folkemusikk.”

Klokka byrja å nærme seg ein time etter programstart, då klimaks i programmet kom: Urbefolkninga slapp til med heile EITT minutt med afrikansk tommelfingerpiano og kveding, Ånon Egeland og Frode Nyvold, lærarar ved Folkemusikkstudiet, hadde skjønt poenget og gav alt i løpet av dei hektiske sekundane. Fint at distriktssendinga har så stor sendetid slik at alle slepp til!

Men heldigvis gjekk det ikkje lang tid før andre tonar fylte eteren, eit lokalt forankra songlag som har samarbeidd med mange store kvedarar i distriktet og gjeve ut fleire plater med tekstar av provinsielle diktarar som Tarjei Vesaas og Aasmund O. Vinje: Oslo Gospel Choir med ”Millenium”.

NRK Østafjells som denne gongen verkeleg hadde teke turen milevis til fjells for å leva opp til namnet, hadde sjølvsagt også med ein hyllest til Hardangervidda, der mykje av maten kjem frå. Og me fekk høyre alle reinsjegerars favoritt-hit der dei vandrar inn over dei store viddene, joiken som er på alles lepper: Queen’s ”My best world”.

Og for liksom å setje punktum for denne utflukta til hedningeland, rodde NRK Østnytt det heile i land med ein tysk julesong som sikkert før eller seinare også vil vandre inn i sjelene til dette hardt prøva folket oppunder snoskavlen: ”Stille nacht”.


Kva skal ein oppsummere med? At NRK Østafjells tek på alvor Telemark Fylke sin viktigaste kulturprofil og satsing: lokal identitet? At lisenspengane våre er i dei tryggaste hendene og at distriktsendinga tek ansvar? For dette var vel berre eit lite arbeidsuhell?

Men eg er usikker. For to-tre veker før dette programmet gjekk på lufta kom eg i skade for å høyre på same kanal tidleg på morgon der dei hadde eit innslag med nokre estiske jenter som hadde hatt eit opphald i ein kyrkjelyd i Sauherad. I programmet fekk me høyre eit musikalsk eksempel på ca 1 minutt av estisk song. Og då ein lokal intervjuperson la sterk vekt på at desse jentene hadde mykje å gje, særleg av eigen musikk, var det sjølvsagt naturleg å avslutte med nettopp den vakre songen, heile tre-fire takter fekk me med oss. Det fekk greie seg synest den ansvarlege NRK-personen, for då måtte studio sleppe til med ein amerikansk prega låt framført av Midnight Choir. Jau, det var lokal musikk, greitt. Men kva fortel dette oss om haldningane i denne kanalen til det som er aldri så lite utanfor ”mainstream”? Kva med det som burde falle naturleg? Og kva synes dei estiske jentene om innslaget? Følte dei seg verdsette av allmennkringkastaren som skal ta vare på alle?

Eg kan ikkje finne andre ord enn at dette dreiar seg om ein type musikalsk rasisme som har fått utvikle seg i kjølvatnet av konkurransen med dei kommersielle kanalane. At dumskapen er styrt frå høgare hald og skuldast formatering, er fort å skulde på, men det må då vera eit visst rom for å bruke eige hovud og eigne vurderingar også lokalt?

Tida er kanskje inne for folk i dei øvre bygder å tenkje nytt – å finne seg i denne trakasseringa bør ein ikkje. Før heitte det husmannsånd, kva skal ein kalle det no i ei globalisert samtid? Kanskje løysinga er nye regionar på tvers? Hardangervidda kommune har alt blitt lansert som idé, kvifor ikkje noko i den retning?

I mellomtida får me lytte til NRK P2, dei er i framgang las eg i avisa. Og dei lokale avisene stolar eg faktisk meir på, dei tek musikklivet i eigen region på alvor. For enno har eg tilgode å sjå artiklar om lafting og rosemåling illustrerte med den siste modellen av Toyota eller sydande badeliv frå Kanariøyane.

Kjell Bitustøyl

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Debate, Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Ethnic, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Genre\Popular Music, Media