Klassikar i uklårt farvatn
KONSERTMELDING: Denne helga kunne Bergens operainteresserte få med seg klassikaren ”Madama Butterfly” i gamle Forum kino. Var det ein dyktig utført amatørproduksjon eller eit mindre heldig profesjonelt produkt?
Madama Butterfly (320x480)

Av Ida Habbestad

Vest Norges Opera er nedlagt, men Opera Bergen har halde fram med operaproduksjonar på Vestlandet. Denne helga kunne byens operainteresserte få med seg klassikaren ”Madama Butterfly” i gamle Forum kino i Bergen.

Framsyninga kunne by på eit storstilt apparat av kor, orkester og solistar – i eit ikkje fullt så storstilt lokale med improvisert orkestergrav, begrensa høve for lyssetjing, ein ikkje ideell akustikk og utan tekstmaskin.

Dette nokså varierte startpunktet skulle verta beteiknande for mi oppleving av framsyninga, som kan oppsummerast i spørsmål: Var det ein dyktig utført amatørproduksjon? Var det eit mindre heldig profesjonelt produkt?


Asketisk scene
I eit slikt skjæringspunkt kunne ein først av alt la seg imponera over den optimale bruken av lokalet. Me såg og høyrde godt. Orkestret hadde tilsynelatande fått god plass, og sto ikkje i vegen for handlinga. Lyssetjinga var enkel, men velfungerande. Tilsvarande var der ein enkel scenografi som skapte eit godt stemningsbilete, og som var det einaste gjennom heile framsyninga. Utan sceneskift, rike rekvisittar eller sceneteppe fekk framsyninga eit sympatisk asketisk preg, og Opera Bergen lukkast i å syna at opera ikkje alltid treng å vera overdrive dyrt.

Framsyninga hadde vidare ein energisk pådrivar i dirigent Anne Randine Øverby, som ikkje berre er musikalsk leiar, men som òg har ei praktisk hand kring det heile. Den hadde òg eit orkester som – vurdert på amatørplanet – fungerte godt. Ikkje alltid like velintonert og samspelt, men som når dei kom saman i enkelte av Puccini sine romantisk ulukkelege utlegningar, kunne glimta til opp mot meir etablerte ensemble.


Lite engasjert Pinkerton
Slik sett låg den største skuffinga hjå gruppa som definitivt høyrde til i kategorien ”profesjonelle”, solistane, som med eitt godt unntak ikkje kunne seiast overtydande.

Unntaket, Anooshah Golesorki (Sharpless), vart produksjonens store stjerne – med eit varmt, stort og direkte uttrykk samt eit utådvent, leikent spel. I duett med hovudrolleinnehavar Antonia Cifrone (Madama Butterfly) (der han møter Butterfly sitt barn) oppsto framsyninga sitt høgdepunkt for meg.

Men Cifrone sin innsats var meir variert. Særleg i første del då korkje intonasjon eller utstråling – ja, heilt enkelt evna til å bera ein produksjon der ho er så viktig – var ovanpå. For meg virka det snarare som om korkje ho eller medsongarane Sidonia Nica (Suzuki) og Doru Daniel Iftene (Goro) leverte meir enn påkrevd i storparten av framsyninga. Det musikalske vart stilisert som regien, skodespelet stilleståande.

Mest sjenerande var imidlertid tenor Jaroslav Dvorski (Pinkerton), som rett og slett ikkje nådde opp til dei andre, men leverte ein pressa, spiss – og framfor alt uengasjert – tolking av Butterfly sin ektemann.


Stilisert og stilleståande
Ei anna utfordring i framsyninga var mangelen på tekstmaskin. Den overordna historia, om den japanske geishaen som vert svikta av sin amerikanske ektemann – og som tilslutt tek livet sitt – vart behørig presentert i programmet.

Men nyansane i kvar setning, kvar arie og kvart ensemble gjekk tapt. Den nemnte stiliserte scenografi kombinert med ein stilleståande regi skapte lange to og ein halv time, der eg ofte vart undrande på kva nyansar som fanst i verket, kva som var ynskt beretta gjennom oppsetjinga? Kvifor ynskjer Opera Bergen å syna fram ”Madama Butterfly” i dag?

I grenselandet mellom det amatørmessige og det profesjonelle oppstår slik eg ser det ei ekstra utfordring når ein arbeider med representasjonskunst. For der Puccini sjølv (ifølgje operaprogrammet) hadde som mål at musikken skulle tala så sterkt at ikkje orda betydde noko, er ikkje utøvarane i denne produksjonen i posisjon til å nå heilt dit. Om dei aktualiserte, problematiserte, eller om Daniel Bohr sin regi hadde oppfordra til å spela meire ut, kunne ein kanskje nådd eit anna nivå med denne produksjonen.

For sjølv om opera ikkje treng vera overdriven burde den få vera kreativ?


Madama Butterfly vert vist tirsdag og onsdag denne veka, begge dagar 19.30
Neste produksjon for Opera Bergen er barneoperaen ”The Two Fiddlers” (Peter Maxwell Davies) som dei produserer i samarbeid med Den Nye Opera

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Opera / Stage Music