Ny musikk i 2010
Handlar spørsmålet om kva som er ny musikk anno 2010 like mykje om kva som generelt sett er musikk?

Spørsmålet reiste seg i alle fall etter den første timen av Musikkforum sin debatt i Litteraturhuset tysdag. Her var overskrifta «Kva er ny musikk i 2010?», og Henrik Hellstenius, Lars Mørch Finborud, Lars Petter Hagen og Torbjørn Eftestøl sat i panelet.

Finborud, som er musikkansvarleg på Henie Onstad-senteret, fortalte om måten han tenkjer kring konsertprogramma ved institusjonen, og at han finn det vanskeleg å utelata musikkuttrykk som hip hop, støy og rock i omgrepet ny musikk. Han støtta med det svaret som invitasjonen òg la opp til: ”Begrepet samtidsmusikk flytter seg stadig, i prinsippet innebefatter det all samtidig musikk”.

Finborud møtte ingen sterke innvendingar, og frå spørsmålet om kva som kjem inn under ny musikk-omgrepet dreidde debatten snart over til spørsmålet om kva som er kvalitativt god ny musikk.


Open eller lukka
Frå panelet konsentrerte ein seg kring meiningsskiljet mellom trua på verket sin autonomi og ideen om at alle verk vert utspelt i ein kontekst.

Komponist Henrik Hellstenius forklarte framveksten av meir konseptuelle tilnærmingar til komposisjon med at ein i utviklinga av tradisjonell kunstmusikk har møtt ein materialtrøytte dei siste tiåra. Oppdaginga og utarbeidinga av eit komplekst materiale er ikkje lenger nokon garanti for at resultatet vert interessant, og ein har òg måtta erkjenna at den tradisjonelle samtidsmusikkonserten er like konvensjonell som den klassiske, påpeikte Hellstenius.

Dei konseptuelle tilnærmingane er eit positivt forsøk på å gjenoppretta kontakt med publikum, meiner Hellstenius, samstundes som han gjerne ynskjer å problematisera uttrykka.

Med han i dette var pianist Torbjørn Eftestøl.

- For meg ligger det en utfordring i konseptuell kunst: En fare for at den kunstneriske opplevelsen forblir på et mer overflatisk nivå av registrering og utveksling av informasjon, som for meg ikke er så interessant som de mer sanslige erfaringer, et slags aggregat av lyder, som krever en aktivitet som gjør at du erfarer eller forholder deg til objektet på ny måte.


Må innehalda lyd?
Peikar ein med det i retning av at musikk er lyd – som gjer seg best utan innblanding frå andre kunstnarlege uttrykk?

- For meg er det avgjørende at praksisen til en hver tid definerer hva som er musikk, ikke hvordan jeg selv mener det burde vært, sa Lars Petter Hagen, kunstnarleg leiar for Ultima i 2009 og 2010. - Det kunstnerne faktisk gjør er det vi er nødt til å forholde oss til: Man kan ikke se kvalitet som isolert størrelse, men i sammenheng. Når man snakker om kvalitet snakker man veldig ofte om konvensjon.

Her var Hellstenius samd.

- Operasjefen kan bruke kvalitetsbegrepet som påskudd for å holde det nye unna og det er ikke umiddelbart noen god måte å bruke kvalitetsbegrepet på. Samtidig handler kvalitet for meg gjerne om hvorvidt lydens betydning er viktig.

Er det så mogleg å einast om noe som har kvalitet i dag innanfor ny musikk?

Finborud fortalte at i programmeringa av konsertar på Henie Onstad er det ulike aspekt som gjer at utøvarar vert vurdert som gode. I kva grad aktørane høver i konteksten kan vera eit kriterium, men Finborud gav òg døme på at aktørar kan ha ein så sterk driv i marknadsføringa av seg sjølve at det vert ein kvalitet som veg like sterkt som det musikalske uttrykket.

- Det er også ulike målestokker for ulike grupperingar, hva som er kvalitet vil variere fra elektronika til jazz eller kunstmusikk, sa Hellstenius.

Hagen viste til ein teori som gjev to hovudkriterium for at verk vert kanoniserte. Det eine at verka som vert kanoniserte har noko annleis ved seg, som gjer at dei skil seg frå si eiga samtid.

- Det andre – som jeg mener er interessant og kontroversielt – er at han sier at noe blir bra dersom mange med høy kompetanse på et feltet mener det er bra. Men det er vanskelig å finne en slik enighet i dagens samtidsmusikkfelt.

Debatten varte lenger enn denne journalisten var til stades. Men eg forlot rommet med spørsmåla like aktuelle – som Kva er lytting? Har menneske dei same forventningar til denne sanseopplevinga, og får det betydning for kva som igjen kan kallast musikk?

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: