Operasjef Curran: Ambisjonen er å fortelja gode historier
INTERVJU: 1.januar 2009 tiltrer skotske Paul Curran som operasjef for Den Norske Opera. I dette intervjuet gjev han uttrykk for visjonar for arbeidet og somme av utfordringane han står ovafor. - Eg trur det er heldig at eg ikkje kjem med nokon bagasje eller kjenner så godt til opera- og musikkhistoria her i Noreg. Det at eg kjem utanfrå gjer at eg kan ha ei frisk innstilling, seier Curran til Ballade
Paul Curran (Foto: COLUMBIA ARTISTS MANAGEMENT) (230x350)

Av Ida Habbestad

Etter at det verste oppstyret etter pressekonferansen onsdag har lagt seg, er programmet stadig hektisk for den nyutnemnde operasjefen. Ei nøye tilmålt tid står til rådighet, og me går derfor rett på sak:

Kva er den nye operasjefen sitt hovudmål for norsk opera?

- Hovudmålet mitt er å få vera ein del av ekspansjonen som operaen no står ovanfor; at me i forkant av overgangen til det nye bygget, i dialog med den noverande leiinga, kan sikra ei rørsle framover, svarer Curran, og spesifiserer:

- Den Norske Opera har alltid hatt eit høgt kunstnarleg nivå, men det er noko med å utnytta den energien som kjem no med det nye huset – og den auka merksemda me vil få, både frå norsk og internasjonal presse – til å ta endå eit steg framover. Med det nye huset har me eit nokså unikt høve i musikkverda. Det er nok det viktigaste for meg, å sørgja for at utviklinga vert ivareteken.

Co-produksjonar i utlandet?

Den nye operasjefen har ikkje byrja arbeidet endå – og det er for tidleg i prosessen til at Curran kan svara på alt me er nyfikne på å få veta om operaens framtid. Til dømes kan han ikkje endå konkretisera noko om utvekslinga av impulsar med utlandet – men understrekar at dette er eitt av mange emne han er oppteken av.

- Eg vonar me kan invitera gjestande forestillingar hit, men det er eit spørsmål om finansiering som eg må sjå nærare på, seier han.

Likeeins målber han ein ambisjon om ei utanlands eksponering av Den Norske Opera, utan at noko endå er sikkert. Tankegangen er imidlertid interessant:

- Eg kjem til å halda fram med å regissera utanlandske produksjonar – ikkje så mange men nokre få. Eg vonar då at nokre av dei kan vera co-produksjonar med Den Norske Opera, at dei kan turnera med meg. Det er sjølvsagt avhengig av finansiering – men kunne vore ei fin utviding av repertoaret, seier Curran.

Engasjement gjennom gode historier

Andre spørsmål kan besvarast med større visse. Til dømes at publikumsambisjonen er å skapa engasjement og at framgangsmåten handlar om å fortelja gode historier.

- Eg er jo ikkje så naiv at eg trur folk kjem i operaen berre på grunn av det nye huset eller at me har ein opera i det heile. Men eg har altså ein ambisjon om å trekkja fulle hus. Eg trur folk går i operaen for oppleva gode historier og god musikk; det er det eg har bygd karrieren min på fram til no, og det er slik eg vil arbeida også i dette operahuset, seier Curran.

I kva repertoar finn han så dei gode historiene?

- Eg trur du finn gode historier i alt repertoar, frå Wagner til Monteverdi, du finn dei hjå Verdi, Rossini, Sjostakovitsj, Dvorak – og så bortetter. Eg ynskjer at reperoaret skal vera breidt; at me ikkje skal setja oss fast i eit særskilt uttrykk, men at publikum skal kunna sjå mange typer opera, seier han.

Repertoarpolitikk

Me er over i eit viktig emne: Curran si repertoarpolitikk. Hans forgjengar, Bjørn Simensen uttalte i eit intervju med Ballade for nokre år attende at repertoarpolitikken i operaen skal ha fire dimensjonar: Å spela dei store repertoaroperaene som går på dei europeiske scenene, å arbeida for ei utviding av kanon av klassikarar frå det 20. århundret, tinging og framføring av nyskriven norsk opera, og eit meir lett repertoar som operette og musikalar.

Det slår meg at alle komponistnamna Curran så langt har nemnt i hovudsak vil falla inn under Simensen sin dimensjon nummer ein, og eg konfronterar Curran med at han ikkje har nemnt nokre samtidige komponistar.

- Eg har ingen konkrete planar om å gjera nyare musikk endå. Men eg har regissert mykje samtidsmusikk sjølv, og eg vil ta det med inn.i operaen her, svarer Curran. Han nyttar høvet til å rosa Simensen sin innsats for norsk opera:

- Eg kjenner ei enorm beundring for det Bjørn Simensen har gjort for norsk opera; meir enn nokon annan eg veit om har han gjort ein framifrå innsats for musikken frå sitt land, seier han.

Her til lands vil nok somme vera usamde med deg i dette, innvender eg, og legg til: Fleire ynskjer seg eit større tilfang av ukjend repertoar.

- Vel, i opera kan ein ikkje tilfredsstilla alle heile tida, svarer Curran.

- Og kanskje dette er meir tydeleg for meg avdi eg ikkje er norsk og ser det frå eit anna synspunkt. Bjørn Simensen har teke om bord oppsetjingar som har vore nokså vanskelege å promotera – og det er ein stor risiko å ta. Om du samanliknar det med kva andre operasjefar har gjort for musikken frå sine land, er dette nokså eksepsjonelt, meiner eg.

Så kva nivå ynskjer du sjølv å leggja deg på når det gjeld tilfanget av norsk og nyare musikk?

- Eg vil sjølvsagt gjerne halda fram det gode arbeidet, men eg kan ikkje svara noko sikkert. Musikkscena her i Noreg er ny for meg, og det er mykje eg må læra, seier operasjefen.

Å leia opera er alltid vanskeleg

Den norske musikkscena er kanskje ukjend, men operasjefen hentar altså med seg røynsler frå ulike operahus som La Scala i Milano, La Fenice i Venezia, Metropolitan i New York og Gergievs Maryinsky-teater i St Petersburg.

Kva fordelar meiner han det har å komma utanfrå til ein slik jobb?

- Eg trur det er heldig at eg ikkje kjem med nokon bagasje eller kjenner så godt til opera- og musikkhistoria her i Noreg. Det at eg kjem utanfrå gjer at eg kan ha ei frisk innstilling, svarer Curran.

- Ulempene vil vera dei same som eg møter i kvar enkelt oppsetjing, einkvar stad eg kjem for å arbeida: Å ha ein leiande posisjon innan opera er alltid vanskeleg, for det involverer så mange ulike evner. Ein må kommunisera godt, ein må kunna leia, ein må ha musikkfagleg kunnskapar – og så bortetter. Ingen kan gjera alle til lags heile tida, gjentek han.

Tek med seg lidenskapen

Det har òg vore etterlyst ei meir tydeleg kunstnarleg profil for Den Norske Opera (dømevis her på Ballade) – ein tankegong som illustrerer kva den gjer, kva kunstnarleg vilje der er. Vil me ein tydeleg profil med deg som operasjef?

- Eg trur at profilen eg vil leggja opp til handlar om at det skal vera eit bredt repertoar. Eg ynskjer utelukkande å gjera stykke eg har tru på, at ein aldri skal setja opp verk berre for å gjera dei. Som folk sikkert har lagt merke til i mediene dei siste dagane har eg ein sterk lidenskap for opera – og den vonar eg ta med meg inn i arbeidet i Noreg, svarer Curran.

Offisielt startar han i jobben 1. januar 2009, men den nye operasjefen fortel at både han og Remlov alt no og i tida framover kjem til å arbeida tett med Simensen . Han lovar å komma attende med meir informasjon etterkvart; og avsluttar dette intervjuet med ein appell til det norske publikummet:

- Den eine tenesta eg bed om er at folk må ha tålmodighet. Opera er ikkje som mykje anna her i samfunnet – det er ikkje noko som kan skje i hurtigfart men har ei langsam utvikling. Og det er viktig at utviklinga får gå i eit naturleg tempo. Med nytt hus og nye sjefar er det mange omstillingar på gang – men me som tek over no ynskjer verkeleg å gjera ein best mogleg jobb, seier Curran.

Musikklivet for øvrig har stilt seg positivt avventande til utnemninga av Paul Curran som ny operasjef. Nokre av reaksjonane finn du i denne artikkelen.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Opera / Stage Music, Interviews, Positions