Opne for å sjå på antalet minutt
Kulturdepartementet ynskjer ikkje å leggja tettare føringar på orkestra, men meddeler at dei er opne for å sjå på måten orkestra rapporterer verksemda si.

Redaksjonssjef i musikk i NRK, Alf Magnus Reistad, utfordra i førre veke Kultur- og kirkedepartementet til å leggja sterkare føringar for norske orkestre, for å få dei til å spela meir norsk musikk.

Utgangspunktet var ei undersøking gjort av fagtidsskriftet Musikk-Kultur, som har funne at 13,5% dirigentar som var innom norske orkester i 2007 og 2008 var nordmenn, medan 86,5% var utanlandske.

Reistad meiner at det låge antalet norske dirigentar kan sjåast som teikn på korleis orkestra tenkjer om norsk kulturarv – og minner om at NRK no har fått pålegg om at 35% av all avspelt musikk i insititusjonen skal vera norsk.

Kulturdepartementet melder imidlertid at det ikkje er aktuelt for dei å leggja noko større press på orkestra for å støtta opp om musikken og utøvarane frå Noreg.

- NRK kommer ikke inn på samme pålegg som orkestrene. Og bruken av dirigenter er i kjernen av de kunstneriske valg hvert orkester gjør. Vi vil ikke gripe inn i de kunstneriske valgene, seier statssekretær Lubna Fjell til Ballade.

Ho påpeikar at det ikkje er noka motsetning mellom å ha utanlandske dirigentar og norsk musikk på repertoaret, og at dette uansett er orkestret sitt val.

- Men Departementet er opptatt av å styrke posisjonen til norsk musikk, blant annet gjennom Kulturløftet, understrekar Fjell.

Viktig prosess
Kva så med mengda norsk musikk?

Komponist Jørgen Karlstrøm har arbeidd med ei kartleggjing av orkestra sin bruk av norsk musikk. Han meiner at orkesterrapportane ikkje er gode verktyg for departementet dersom dei ynskjer å evaluera orkesterverksemda. Mellom anna sidan dei ikkje tek høgde for antalet minutt med norsk musikk som vert spelt.

Er det aktuelt for departementet å leggja føringar for måten orkestra skal rapportera på?

- Vi får rapporter fra orkestrene, og disse gir oss grunnlag for å diskutere ulike mål i dialogen vi har med orkestrene på vårparten hvert år. Dette er noe vi ser på kontinuerlig; det gjelder også andre institusjoner. Det er en viktig prosess – og det kan være aktuelt å se om man kan rapportere på andre måter. Kanskje er det en vei å gå i forhold til antallet minutter, seier Fjell.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: